Korona-pandemien har sett ein stoppar for denne turen i  to år. No var me klare for å spre vår eventyrlyst over tundraen langt der nord i Canada. Me er fem personar frå Noreg som sett skituppane våre mot aust frå Cambridge Bay til Gjøa havn.

Ein evig trang til å oppleve det ukjende og mot endelause vidder. Naturen. Krafta frå moder jord. Kulturen og gamle tradisjonar vil alltid ligga tett om hjartet, uavhengig av nedstengte landegrenser, pandemi og verdas problem som held deg vekk frå dette. I to år har vi vore vekk frå̊ alt det som har ligge framfor frie føter. Ein livsstil og eit levebrød.