Line Hårklau

Line (28) Bor med Ståle og hunden Eik. Hun brukte fem år på idrettshøgskolen, ett år på Blindern og et halvt år på bioingeniørstudiet, før hun fant ut at det var fotojournalist hun skulle bli. Nå er hun halvveis på fotojournalistikkstudiet. I mai 2016 setter hun kursen mot Grønland for å gå på ski fra vest til øst. I mellomtiden er målet å gjøre den jobben som trengs for at turen skal bli så bra som mulig. Det kan du lese mer om her på UTE-bloggen! Les mer på www.lineharklau.com

Det er mindre enn to veker til avreise. Hjelp! På tide å sjekke at alt utstyr er i hus. Her kjem ei oversikt på kva eg skal dra med meg over Grønland.

På kroppen

  • To ullgensarar: ein netting og ein litt tjukkare

  • To ullstillongs: ein netting og en litt tjukkare

  • Fire ullboxarar

  • Ekstra isolasjon for rumpe og lår

  • Tre ull-BH

  • Fem par ullsokkar, fire tynne og eit tjukka

Eg svettar mykje, og eg frys fort. Ein dårleg kombinasjon. Har derfor funne ut at netting fungerer best medan eg er i aktivitet med mindre det er eksepsjonelt kaldt. Då blir eg ikkje så svett og nettingen tørkar raskt.

Rumpa er utsatt på slike turar, og mi blir utruleg kald. Kuldeutslett er lite fristande, så eg tar med ei isolasjonsbukse/shorts. Har ikkje heilt bestemt meg for kva det blir. Eit varmeskjørt fungerer også bra.

Om fem månader står eg, om alt går etter planen, ved foten av brefallet på vestsida av Grønland, skrev Line i desember 2015. Les innlegget her: Kvifor?

KALD RUMPE: Rumpa er utsatt på slike turar, og mi blir utruleg kald. Kuldeutslett er lite fristande, så eg tar med ei isolasjonsbukse/shorts. Foto: Line Hårklau.

På kroppen: utenpå der igjen

Eg kjem til å bytte ut den tynne lua med ein balaklava, då eg synes den sit betre medan eg søv og isolerar meir. Det er mykje varme som potensielt kan gå tapt dersom du ikkje isolerar hovudet medan du søv. Solbrillene på biletet vil bli bytta ut med brebriller som har mørkare glas og betre beskyttelse på sidene. Dei tjukkaste vottane er ikkje nødvendige, men dei er jammen kjekke og ha i teltet når ullvottane er våte av svette (som sagt, eg svettar mykje).

  • Skalljakke som dekker rumpa

  • Skallbukse

  • VARM dunjakke

  • Hue av ull

  • Tynnare hue til å sove i

  • Ullhals

  • Ansiktsmaske

  • Ullvottar og skallvottar

  • Hanskar til å jobbe i

  • Ekstra varme vottar

  • Skibriller og solbriller

BREBRILLER: Solbrillene på biletet vil bli bytta ut med brebriller som har mørkare glas og betre beskyttelse på sidene. Foto: Line Hårklau.

Til dei kalde vinternettene 

  • Sovepose som taklar 25-30 kuldegrader

  • Lakenpose av fleece

  • Lakenpose av silke (ikkje på bildet)

  • Oppblåsbart liggeunderlag med dun

  • Bivuaksko

Les om da Line tok med seg Pumpkin-Pål på tur: Halloween

På soveposefronten tar eg ingen sjansar. Orkar ikkje tanken på å fryse om natta. Derfor blir to lakenposar med. Dei skåner også soveposen for slitasje og skitt. Vi kjem til å ha eit isolerande lag under liggeunderlaget. Det hjelper nemleg ikkje stort med varm sovepose om kulden trekk rett gjennom teltgolvet. Sidan det fort blir mykje ostepop-sittestilling i teltet, tar eg med eit stoltrekk til liggeunderlaget. Utruleg behageleg å få slappa av i ryggen.

utstyr_2
utstyr_2

INGEN SJANSAR: På soveposefronten tar eg ingen sjansar. Derfor blir to lakenposar med. Dei skåner også soveposen for slitasje og skitt. Foto: Line Hårklau.

 For å kome framover

  • Fjellski

  • Stavar med justerbar lengde

  • Skisko for BC-bindingar

  • Ullkartankar og polsokkar

  • Halvfeller

  • Pulksele og taudrag

Eg har valt å gå for verstingskoa til Alfa saman med kartankar. Er gjennomgåande livredd for å fryse. Kartankane slitast fort, men dei varer litt lengre med polsokk utanpå. Mellom ullsokken og kartanken brukast plastposar frå Vinmonopolet som dampsperre. På den måten held kartanken seg tørr. Sokken blir klissvåt, men er lettare å tørke.

utstyr_3
utstyr_3

VINMONOPOLET: Mellom ullsokken og kartanken brukast plastposar frå Vinmonopolet som dampsperre. Foto: Line Hårklau

Tilbehør, mat og drikke

  • Termos 1 liter

  • Termokopp 0,5 liter

  • 2 x 1L Nalgeneflasker

  • Isolasjonstrekk til Nalgeneflaskene

  • Fat/skål

  • Skei

Line fikk seg en realitetssjekk på Finse i februar: Realitetssjekk på Finse

Nalgeneflaskene er ikkje berre gode drikkeflasker, dei er særs gode varmeflasker. Og våte sokkar kan trekkast utanpå for tørking. Nalgene har eigne trekk til flaskene sine, men eit heimelaga fungerer like bra. Du får kjøpt billege sitteunderlag, som kan klippast opp og teipast saman.

utstyr_4
utstyr_4

VÅTE SOKKAR: Nalgeneflaskene er ikkje berre gode drikkeflasker, dei er særs gode varmeflasker. Og våte sokkar kan trekkast utanpå for tørking. Foto: Line Hårklau.

Elektronikk

Som fotograf har eg store ambisjonar om å ta mykje bilete, og tar med både kompaktkamera og speilrefleks. Målet er å bruke speilrefleksen mest, men kompaktkameraet er enklare å ha tilgjengeleg medan vi går. Elles ser eg fram til å nyte lett underhaldning frå iPaden i teltet, og musikk frå iPhone undervegs. Solcellepanel og batteripakke må vere med for å lade desse dingsane. Om du lurer på korleis ein får lada batteri til speilrefleks, finst det USB-ladar å få kjøpt på ebay - genialt!

Liker du UTE-bloggen? Her finner du alle innleggene.

Diverse

Pulk, telt og brennar skal sjølvsagt vere med. Og mat. Tannkost og tannkrem også, samt våtserviettar, solkrem, diverse medisinar og førstehjelpsutstyr. Ei ekstra Nalgeneflaske er med som tisseflaske, og tissetut kan vere kjekt med mindre ein er komfortabel med å tisse rett på flaska. Tissetut er også bra å ha om ein vil sleppe å sette seg ned, slik jenter gjerne må. Det går forresten litt dårleg med den «tisse-på-flaske-treninga». Blir intensiv øving framover!