Det viste seg å vere vanskeleg å oppdrive eit graskar dagen før Halloween. Berre dei styggaste låg igjen.
Eit brukande eksemplar dukka likevel opp i det som verka som ein mindre besøkt Kiwi-butikk.
Eg døypte han Pumpkin-Pål. Pumpkin-Pål var overraskande tung for størrelsen sin.
Men humøret var det ikkje noko å seie på, sjølv om vi syntes det var litt ubehageleg at han smilte konstant.
Pumpkin-Pål fekk gleda av å nyte livet i pulken, medan eg og Ståle sleit oss opp bakkane frå Hammaren i Maridalen til Rottungen.
Han fekk blant anna selskap av den steintunge lavvoen, som vi entusiastisk bestemte oss for å ta med. Litt ekstra vekt i pulken hadde vi jo ikkje vondt av.
Stemninga blei noko nervøs då hunden Eik fatta interesse for Pumpkin-Pål.
Interessa var heldigvis kortvarig.
Då tida var komen for å returnere, bestemte vi at Pumpkin-Pål skulle få leve resten av livet sitt ute.
Det er jo tross alt der livet er best.
Langt betre enn i pulken