Når belønninga er god takhøgde, varm sovepose og restepizza, er dekktrekking definitivt verdt strevet. Pumpkin-Pål fekk eit stearinlys å varme seg på, og verka å trivast han også.
Det viste seg å vere vanskeleg å oppdrive eit graskar dagen før Halloween. Berre dei styggaste låg igjen.
Eit brukande eksemplar dukka likevel opp i det som verka som ein mindre besøkt Kiwi-butikk.
Eg døypte han Pumpkin-Pål. Pumpkin-Pål var overraskande tung for størrelsen sin.
Men humøret var det ikkje noko å seie på, sjølv om vi syntes det var litt ubehageleg at han smilte konstant.
Pumpkin-Pål fekk gleda av å nyte livet i pulken, medan eg og Ståle sleit oss opp bakkane frå Hammaren i Maridalen til Rottungen.
Han fekk blant anna selskap av den steintunge lavvoen, som vi entusiastisk bestemte oss for å ta med. Litt ekstra vekt i pulken hadde vi jo ikkje vondt av.
MIN PULK ER LASTA MED: Det er ein anledning for alt. Foto: Line Hårklau
Stemninga blei noko nervøs då hunden Eik fatta interesse for Pumpkin-Pål.
Interessa var heldigvis kortvarig.
HALLOWEEN I MARKA: Eik og Pumkin-Pål. Foto: Line Hårklau
Då tida var komen for å returnere, bestemte vi at Pumpkin-Pål skulle få leve resten av livet sitt ute.
Høsten er sesong for gresskar, gulrøtter og løk. Det er også sesong for varm suppe på termos som du kan servere som forrett, lunsj eller kveldsmat.
UTE takker for turen
I løpet av året legges utemagasinet.no ned. Vemodig, ja, men satsingen vår fortsetter med enda mer fokus på bratt friluftsliv på friflyt.no. De viktigste testene og reportasjene blir med videre til Fri Flyt, så kikk innom framover.