MALENE BLIKKEN HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. 

Foto: Dynaft/ Haakon Lundkvist

Eventyr til fjells

Min lidenskap og interesse for fjell og natur starta som lita da eg forelska meg i fjella kring Kyrkjebø og Høyanger kor eg vaks opp. Ei indre glede og tiltrekning som ikkje kan beskrivast. Etter som år gjekk utvikla leiken og friheita seg ut i naturen til å verte konkurranse med startnummer på brystet og konkrete mål med treninga. Verte så god som mogleg. Eg vil ikkje sei at eg gløymde leiken på vegen mot å vinne løp, men noko av friheita forsvann. Mindre tid til å nyte, meir einsforming og seriøst fokus. For all del, eg likar å konkurrere. Gleda ved å lukkast, samanlikne seg og forbetre seg inspirerer og motiverer meg. Likevel slår det meg av og til kor godt det er å gjere noko heilt aleine, som ingen har gjort før ein og som ikkje handlar om å samanlikne seg med andre, men berre meg sjølv.

Nokre år tilbake leika eg med tanke om å springe Sognefjorden på langs. Inspirert av andre liknande prosjekt byrja eg å sjå på kartet, prøvde å finne ei naturleg rute langs fjorden. Den naturlege ruta ville sjølvsagt ha vore langs fylkesveg 55 inst ved Skjolden, vidare over til riksveg 207, og deretter riksveg 57 ytst i Hyllestad. Tross mykje flotte veg og overraskande svingar ville eg likevel komme meg vekk frå verste bubiltrafikken. Eg ville gjennomføre prosjektet Sognefjorden på langs på toppen av fjella!

Foto: Dynafit/ Håvard Nesbø

Innsamlingsaksjon

Eg innsåg fort at prosjektet vart større enn først tenkt. Det skulle bli mitt største mål ikkje berre denna sommaren, men og kanskje så langt i livet. I emosjonelle stunder kor eg fartar fritt og aleine i fjellet hender det at eg klarer å setje livet litt i perspektiv og innser kor uendeleg heldig eg er. Som eg sikkert har sagt 100 gongar tidlegare er det inga sjølvfølge at kroppen skal henge med på alt styret, og at livet generelt skal gå såpass på skinner som det gjer for meg for tida. Difor valde eg å legge egoismen litt til sida, og gjere prosjektet til meir enn berre eit eventyr for eiga lyst. Eg ville springe for dei som ikkje kan springe. Ein sak som ligg meg nært er MS-forbundet. Mi spreke mor har dei siste 10 åra + levd med sjukdommen Multiple Sklerose. Difor vart det heilt naturleg for eg å ynskje å rette litt merksemd mot MS-forbundet.

Kartet over Sognefjorden såg overkommeleg ut under planleggingsprosessen. Så feil kan man ta. Det var mykje å organisere, og prosjektet balla etter kvar på seg. Etter som det nærma seg start var det svær mange involverte som ynskja å hjelpe til. Det var ingen veg tilbake. Det var berre å gire opp og gjere sitt beste.

Sognefjorden er med sine 205km verdas lengste fjord. Ettersom eg valde fjella ville ture verte betydeleg lengre, og svært mange høgdemeter såg det ut til å bli. Eg ynskja sjølvsagt å stikke innom dei flottaste fjella lags fjorden. Etter detaljerte målingar såg det ut til å verte 250km og kring 18 0000 høgdemeter.

2. Juli var eg klar. Beina var klare, eit heidundrande støtteapparat hadde sett av fyste veka i sommarmånaden for å hjelpe meg fram, og været var sjeldan bra. Eg gleda meg. Eg tok definitivt litt lett på turen. Dette skulle verte eine og aleine ein fin tur utan store problem var tankane ved start i Skjolden.

Foto: Dynafit /Håvard Nesbø
Det har vore enormt med oppturar og høgdepunkt langs fjorden. Når ein hanglar og slit er det lite som skal til for å glede. Synet av velkjende supporterar i det fjerne. Iskald Solo. Friskt fjellvant når svetten drypp som mest. Nokre forfriskande snøfonner med utsikt utover fjorden. Ei rypemor med 6 små ungar som nett har lært seg å fly og som trur eg er ein stor trugsel der eg kjem pesande og slevande. Utsikt som ikkje kan beskrivast godt nok var ved mi side heile vegen, og var til stor motivasjon undervegs.

Foto: Mikkel Frodahl

Det har også vore tøffe tider. Eg har angra svært mange gongar, men aldri tenkt tanken på å
bryte. Har ein vore så dum å set i gong noko så langt og krevjande, må ein berre fullføre! Det fine været laga postkortstemning langs fjorden, men det tørka også ut fjellet. Eg kunne gå timar utan å møte på ein einaste bekk, og skoa var tørre etter vel målgong fleire dagar. For alle som har vore på fjelltur i Sogn veit ein at vatn er ein sjølvfølge i fjellet.

Beina byrja så lette og hjelpsame fyrste dag, men ettersom kilometrane var passert vart dei tyngre og tyngre. Dei siste dagane var det ein bragd å komme i gong på morgonkvisten. Når dieselmotoren fyrst var svieva i gong rusla det og gjekk. Det er ikkje snakk om gangsperre, men ein følelse av null energi frå topp til tå.

Utan mat og drikke

Som sagt rann eg vekk i fjellheimen. Eg helte nedpå med øl (alkoholfritt skal seiast) Solo, og Cola. Eg kunne ikkje få i meg nok drikke. Mat var det verre med. Tørr i kjeften som eg konstant var er det vanskeleg å ete noko. Likevel pressa eg nedpå litt brødmat og nøtter undervegs. Eg var overraskande lite svolten, og klarte meg godt på lite eller ingen fast føde. Det er mykje gode kaloriar i øl. Middag/kveldsmaten vart alfa omega, og smurde tjukt på med smør på brødskiva og heiv elles innpå med så mykje kaloriar som mogleg. Ein kan ikkje så i seg nok næring under 6 slike dagar!

Stor suksess

Det gjorde meg lite å legge startnummeret til sida. Sjølv om eg var meir sliten enn eg nokon gong, og det var mykje som handla om meg, var det ein ro og glede kring prosjektet. Kor eg hadde krefter til det klarte eg å nyte turen. Det har vore eit eventyr som betyr langt meir enn alle topplasseringar eg måtte springe inn til!

Eg hadde håpa å kunne følge opp innsamlingsaksjonen undervegs, men løpeturane i seg sjølv tok for mykje krefter til å tenkjer på anna enn meg sjølv. Min altfor snille sambuar og familien min tok god vare på meg, og takka vere dei kom eg meg heile vegen langs fjorden, og innsamlingsaksjonen vart ein suksess. Pengane rann inn utan at eg gjorde særleg. Heile 50 000,- kom inn til MS-forbundet, ca. 40 000,- meir enn eg hadde turt å håpa på!

Foto: Dynafit/ Håvard Nesbø

Eg er utruleg takksam!

Oppsummering

Dag 1: Skjolden Hotel – Navarsete (Gaupne) 37km/ 3545hm/6t15min

Dag 2: Navarsete – Sogndal 56km/3312hm/9t5min

Dag 3: Sogndal – Kviknes Hotel (Balestrand) 63km/4205hm/11t23min

Dag 4: Kviknes Hotel – Kyrkjebø 54km/3372hm/ 9t 52min

Dag 5: Kyrkjebø – Leirvik 60km/3812hm/11t2min

Dag 6: Leirvik – Portvika (Hyllestad) 35km/2014hm/7t4min

LES OGSÅ: Nordlandsidyll

LES OGSÅ: UTEs test av sommertelt

LES OGSÅ: Bli inspirert av UTEs turtips