/ Sykkel

Morsomheter og raritetar

Når ein er på reisefot i eit anna land enn sitt eiga, kan ein del ting opplevast som ganske merkeleg og morosamt.

Sist oppdatert 11. desember 2017 kl 08.00

CAPE TIL KAPP

Skjermbilde 2017-10-03 kl. 11.51.36

Teresie Hommersand (31) har studert og jobbet i Cape Town i seks år. Hun kom dit som utvekslingsstudent fra Universitetet i Bergen, og trivdes så godt i byen at hun fullførte bachelorgraden i utviklingsstudier og mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitenskap der. Hun jobbet ett år som praktikant i Cape Town sitt Climate Change Directorate, som tilsvarer fylkeskommunen her hjemme. Nå som hun flytter tilbake til Europa vil hun sykle i stedet for å fly, og har lagt ut på en solo-tur på totalt 17.400 kilometer fra Cape Town til Nordkapp. Underveis deler hun sine opplever fra sykkelsetet med oss.   

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev

Når du syklar, treffer du folk som du elles aldri ville ha møtt. Du ender opp med å sykla på vegar kor du elles aldri ville ha ferdast. Dette gjer at ein kanskje i større grad enn vanleg kjem over ting som får ein til å klø seg i skjegget, le høgt eller få frysningar nedover ryggen..

Til dømes, her om dagen dreidde samtaleemnet seg inn på temaet namn. Kva foreldre kallar barna sine i Malawi. Det er ikkje fyrste gongen eg har høyrt om folk som heiter Gift, Precious, Memory, Admire og liknande, men eg visste ikkje at den nye trenden er å kalle opp barna sine etter dei 'siste' teknologiske nyvinningane. No har du nemleg barn i Malawi som spring rundt med namn som Internet, Maskin og Hovudtelefon! Min favoritt er utan tvil Tapt Anrop. Missed Call!! Hahaha!

Overtru

Andre ting som kan framstå som merkeleg og kanskje litt meir vanskeleg å forstå er kor utbreidd overtru er i mange av landa eg har sykla igjennom. Ein kolsvart kveld eg sat på ein betongplatting 40km frå grensa mellom Zambia og Malawi, blei eg minna på nettopp dette.

The Masked Men

Den ettermiddagen spurte eg om eg kunne sette opp teltet mitt på eit korndepot for natta. Det var fyrste gong nokon hadde kome med ein slik førespurnad, men det blei sjølvsagt sagt JA! Sikkerheitsvakta som skulle vera der over natta viste meg kor eg kunne slå opp teltet og inviterte på middag. Nei, han insisterte. Sa eg kunne spare pastaen og dei hermetiske bønnene mine til dagen etter. Eg hadde faktisk lyst på bønner og pasta den kvelden, men det var noko ved han som gjorde at eg ikkje følte eg kunne takka nei til denne middagsinvitasjonen. SÅ, då sola hadde gått ned og det var kolsvart ute, var eg altså på denne betongplattingen, svakt opplyst av eit flakkande stearinlys, og med nshima og egg med eit hint av grus på tallerkenen. Me snakka om alt og ingenting. Han fortalte meg at nyleg hadde den årlege nasjonale feiringa av landet sin kultur og tradisjon blidt heldt. Ein festival der folk frå heile landet, inklusiv presidenten kjem for å sjå på dei mange innslaga - blant dei 'The Masked Men's Dance'. Når desse mennene tek på seg maskene sine, fortalte verten min, endrar dei personlighet. Dei blir til dyr.

Bruken av desse maskene er ikkje reservert for denne festivalen, blei eg vidare fortalt. Mennene bak maskene tilhøyrer ei gruppe. Ei gruppe som rekrutterer medlemmer frå landsbyane. Gutar mellom 12 og 15. Dei blir tekne med til ein kyrkjegard. Der, i løpet av ein periode over fleire månadar, blir dei skolerte i gruppa sine reglar og normer. «Kvifor blir dette gjort på ein kyrkjegard», spurte eg med mat i munnen.

Fordi dei som ikkje består prøvane endar opp i jorda. Her blir dei introduserte for svart magi. Her ser dei menn blø honning og levande bier når dei får kutt i huda. Her puttar dei ein mann i ein hampsekk. Knyter igjen. Slår på sekken med stokkar til den er farga raud - men når dei opnar sekken, spretter same mann ut utan eit einaste blåmerke. Blod er det ikkje snakk om.

Det finst reglar for kva vegar medlemmer og ikkje-medlemmer har lov til å ferdast på. Viss dei oppdagar nokon som nyttar ein veg som dei ikkje har lov til å bruka, innlemmer dei deg i gruppa deira - gitt at du visste at du ikkje hadde lov til å bruke denne vegen. Men kva med om du ikkje veit dette? Som meg? Når eg syklar? Verten min sa at dei maskerte mennene er både gode og vonde. Gode på den måten at dei ikkje vil gjera deg noko vondt dersom du er uvitande om at du oppheld deg på 'feil' veg. Dei kan til og med hjelpa deg vidare på reisa.

Dette er ei hemmeleg gruppe. Det er ikkje meininga at folk skal vite kven som tilhøyrer denne gruppa. Seg imellom er det uhøyrt å bruke kvarandre sine namn. Og der sit eg. Åleine med denne mannen i mørkret, som fortel meg alt dette. Eg kan berre sjå tennene og det kvite i auga hans i det flakkande stearinlyset. Så lener han seg mot meg. Ser på meg og seier 'I'm one of them'. Eg mistenkte det heile vegen. Det var noko med han. Det han utstrålte. Sende ut. 'Det er ikkje meininga at du skal sei det!' utbraut eg, halvvegs på tull. Då lo han godt og trekte tilbake det han nettopp hadde sagt – slik at det framleis rår ei viss uvisse kring om han tilhøyrer den hemmelege gruppa eller ikkje...

Neste dag ønska han meg god tur vidare då eg klatra opp på sykkelsetet igjen. Eg såg han aldri att, mannen, og for så vidt heller ingen maskerte menn... 

Publisert 11. desember 2017 kl 08.00
Sist oppdatert 11. desember 2017 kl 08.00
annonse
Relaterte artikler
annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue