Om ein sjølv vert skredtatt så fungerer det nesten heilt greitt. Eg smetter inn ordet nesten, fordi om du har sendar/mottakaren i ei dedikert lomme på låret, vil dei som leiter etter deg finne det minste avstandstalet rett over låret ditt i staden for brystet. Det kan føre til ekstra tidstap fordi dei som har funne deg kanskje må stikke nokre fleire gangar med søkestanga før dei treff deg. Låret er eit mykje mindre mål å treffe med søkestanga enn brystet. Og om leitemannskapet treff låret med søkestanga, kan det skje at dei grev fram foten din før brystet eller hovudet, eller at dei til og med står og pakkar saman snøen rundt hovud/bryst før dei finn ut korleis du eigentleg ligg under snøen.

Det er lett å gjere ein brukarfeil om ein ikkje er svært medviten på anna teknisk utstyr, om ein vel å bære sendar/mottakaren i ei lomme. Dette erfarte vi under test av 8 skredsøkere