Den har ein litt liten låsefunksjonen på hjulet når du skal opere den med hanskar. Når du slår den på eller skiftar modus kvitterer den med digitale lydar som minner mest om lydsporet til Star Wars.
Bæresele
Her følger det med vanleg bæresele med reimar rundt skuldra og strikk rundt livet. Litt kraftig stoff utgjer hylster til sendar/mottakaren. Det er positivt at Tracker 3 har ein diode som blinkar når den står på send og at du ser denne når sendar/mottakaren ligg i futteralet.
Gruppesjekk
Tracker 3 har ikkje eigen gruppesjekkfunksjon. Sett sendar/mottakaren på søk og gjennomfør vanleg gruppesjekk der deltakarane står minimum 3 meter frå kvarandre og med ca avstand på 1 meter til den du skal sjekke ut.
Søk etter ein skredtatt
Tracker 3 viser veg med lysande pildiodar som retningsvisning og avstandstal på grovsøket. Den oppdaterer seg raskt og viser godt veg. På finsøket forsvinn retningsvisninga og du får berre avstandstal og du gjennomfører då eit kryss-søk.
Den er rask og søk etter ein er veldig enkelt.
Søk etter fleire/utflagging
Dersom det er fleire skredtatte vil avstandstalet hoppe på grovsøket. Etter kvart som du kjem nærmare vil det kome eit symbol på to personar.
Dersom det er klamme på kvar side av dei to personane er dei skredtatte innanfor seks meter av kvarandre.
Viser symbolet to personar og eit plussteikn er det fleire enn to skredtatte innanfor rekkevidde. Er det klamme rundt personane og eit plussteikn, er det fleire skredtatte innanfor seks meter.
Tracker 3 vil låse seg på det sterkaste signalet og føre deg til denne skredtatte. Skal du fortsette å søke kan du gjere dette ved anten å trykke ein gang på «option»-knappen for å gå til «Signal Supression».
Då ser sendar/mottakaren vekk i frå det sterkaste signalet og du kan gå vidare til det neste. Eller du kan halde inne «option»-knappen for «Big Picture» for å vise alle signal som sendar/mottakaren får inn.
Slepp du «option»-knappen går du tilbake til vanleg søk. Desse to innstillingane er til hjelp på enkle situasjonar. I meir komplekse situasjonar kan det vere vanskeleg å forstå og vere sikker på at ein har funne alle dei skredtatte.
Dersom «signal supression» eller «big picture» innstillingane ikkje hjelper deg bør du gå over til eit mikrosøkemønster. Tracker 3 er rask og gjer ein god jobb i mikrosøkemønster om du har trena på og kan dette søket.
Redningssend/tilbake til send
Tracker 3 går ikkje automatisk tilbake til send. Denne funksjonen «auto revert mode» må du slå på kvar gang du startar opp sendar/mottakaren ved at du held inne «option»-knappen til høgre på sendar/mottakaren.
Når du har slått på tilbake til send funksjonen går Tracker 3 tilbake til send etter 1 minutt. Etter brukarmanualen kan det verke som om denne funksjonen er knytt til ein rørslesensor om du blir liggande i ro, eller etter 5 minutt om du ikkje kvitterer for å fortsette å vere i søk.
Men for den Tracker 3 som eg hadde tilgjengeleg i dette tidsrommet gikk den tilbake til send etter 1 minutt uavhengig av om den var i ro eller ikkje. Du må kvittere med «option»-knappen for å fortsette å søke.
Forstyrringar
Tracker 3 kan ta inn forstyrringar. Den kan då vise både avstandstal og retning, men alltid berre for eit kortare tidsrom. Fjernar du deg frå forstyrringa, så er den relativt rask til å slutte å gi feil informasjon.