Om ein sjølv vert skredtatt så fungerer det nesten heilt greitt.

Eg smetter inn ordet nesten, fordi om du har sendar/mottakaren i ei dedikert lomme på låret, vil dei som leiter etter deg finne det minste avstandstalet rett over låret ditt i staden for brystet. Det kan føre til ekstra tidstap fordi dei som har funne deg kanskje må stikke nokre fleire gangar med søkestanga før dei treff deg.

Annonse

Låret er eit mykje mindre mål å treffe med søkestanga enn brystet. Og om leitemannskapet treff låret med søkestanga, kan det skje at dei grev fram foten din før brystet eller hovudet, eller at dei til og med står og pakkar saman snøen rundt hovud/bryst før dei finn ut korleis du eigentleg ligg under snøen.

Det er lett å gjere ein brukarfeil om ein ikkje er svært medviten på anna teknisk utstyr, om ein vel å bære sendar/mottakaren i ei lomme. Dette erfarte vi under test av åtte skredsøkere

Ved søk vil ein fiske opp sendar/mottakaren frå lomma og halde den opp mot brystet. Ligg smarttelefonen varm i innerlomma på jakka, vil telefonen kunne gi falske signal eller forstyrringar som slår inn på sendar/mottakaren du søker med, og forvirre deg i søket så verdfull tid går tapt. Skredutstyret du bør ha på topptur.

skredsøker feil bruk
SKREDSØKER: Dersom du vel å gå med sendar/mottakaren i ei lomme på buksa må du ha smarttelefon i ryggsekken for å unngå forstyrring dersom du skal søke. Har du sendar/mottakaren i bæreselen på brystet kan du velje om du vil ha smarttelefonen i ryggsekken eller lårlomma. Illustrasjon: Joar Christoffersen

Mitt råd er difor:

• at du gjer det til ein vane å nytte bæreselen til sendar/mottakar, og lar den henge på brystet under minst eit lag klede.

• at du har så lang avstand som praktisk mogleg til alt anna teknisk utstyr og smarttelefon.

• På tur i skredterreng må brystregionen vere ei «tech-fri» sone, og berre for sendar/mottakaren. 

Gruppesjekk

Dersom de er fleire som skal på tur i lag, så bruk sendar/mottakaren sin gruppesjekkfunksjon. Fleire av dei nyaste modellene av dei nyaste modellane analyserer både signalstyrke og frekvens under gruppesjekk. Det er viktig med kameratsjekk fordi antennene til sendar/mottakarane er sårbare for støt og slag, og kan bli skada utan at du er klar over det. Det vil gå utover moglegheitene for å finne deg, eller for deg å finne andre. Ei slik øydelagd eller skada antenne klarar du berre å påvise som signalfeil om du tar kameratsjekk på om lag ein meters avstand. 

Generelt er rådet at personane du skal sjekke står med tre meters avstand og at du sjekkar signalstyrken mot kvar einskild med 1 meters avstand. Når du då tek kameratsjekk på den einskilde og avstandstalet er unormalt stort eller du ikkje får signal på 1 meter avstand er det ein feil med sendar/mottakaren du kontrollerer. 

Det er også viktig med gruppesjekk fordi det er ei startrutine før tur som gjer at alle faktisk har slått på sendar/mottakarane, og alle veit at alle har dette i orden dersom det skulle skje ei skredhending/ulykke. 

Rekkevidde

Rekkevidde med sendar/mottakar handlar om antennene sin posisjon frå antenna i den som sender til antenneposisjonen i den som tek imot.

Optimal rekkevidde har ein når begge antennene peikar rett mot kvarandre, og minimal rekkevidde har ein når dei to antennene peikar 90 grader mot kvarandre.

Alle produsentane gir opp rekkevidde som søkestripebredde. Dette kan dei sjølvsagt gjere og når alle produsentane viser til søkestripebredde er det også god informasjon for deg som kjøpar til å samanlikne desse måla.

Søkestripebredde er mest relevant for organisert redning eller i ein kameratredningssituasjon i eit skred utan at du heilt såg kva som skjedde.

Dersom du har følgt køyremønster og følgt med på skikompisen når han eller ho køyrer i skredterreng, er det rekkevidde som er viktig. Med andre ord kor langt frå skikompisen er du når du får inn signalet første gangen. Dette er halvparten av søkestripebredda.

Å følge køyremønster og følge med på skikompisen anser vi som så viktig at vi har oppgitt rekkeviddemålet basert på informasjonen i brukarmanuala til modellane.

Brukarmanual

Denne skal vere tilgjengeleg på norsk språk, og det er produsenten sin informasjon her som er gjeldande når det vert vist til søkestripebredde og batteritype. 

Det typiske er at det følgjer med ein forkorta «oppstartsmanual» i boksen når du kjøper sendar/mottakaren, og at du sjølv må gå inn på nettsida til produsenten og laste ned full brukarmanual.

Les brukarmanualen godt og ta vare på den for seinare. Legg gjerne til heimesida til produsenten som snarveg i nettlesaren, og hald deg oppdatert om eventuelle oppdateringar av software.

Skredsøkertest-brukerfeil-2
FORVIRRA? Dersom du har mobilen på innerlomma er det truleg at sendar/mottakaren på eit eller anna tidspunkt fangar opp elektriske felt frå mobilen og kan då kome til å vise retningspil og avstandstal for kortare eller lengre tidsrom. Det er då fort gjort å bli forvirra noko som kan øydelegge for eit effektivt søk. Illustrasjon: Joar Christoffersen

Signalsøk: Rotere eller ikkje rotere sendar/mottakaren?

For å optimalisere rekkeviddeforholda, er det viktig at ein prøver å få antenna i sendar/mottakaren på mottak til å dreie innom alle tre aksane x- y – z i eit regelmessig mønster på omlag 1 sekund i kvar akse medan ein held sendaren tett inntil øret.

Denne måten å optimalisere rekkevidde er etter mi vurdering ikkje naudsynt om ein har følgt køyremønster og sett kvar den skredtatte hamnar under snøen. 

Då slår du sendar/mottakaren på mottak og held den etter beste evne medan du tek deg så raskt som råd til staden der den skredtatte forsvann og eventuelt følgjer strøymingane i skredet nedover til du får signal og går over til grovsøk.

Ein produsent viser også i brukarmanualen til at det ikkje er naudsynt å rotere denne modellen for å auke rekkevidda.

Å rotere er mest hensiktsmessig i eit stort skred eller i ein ukjent situasjon der ein treng maksimal rekkevidde av søkestripebredda.

Å søke på denne måten krev meir trening, for innimellom får du eit «lucky catch»: Eit signal på så lang avstand at signalet forsvinn igjen i nokre meter når du går vidare, før det dukkar opp igjen som eit stabilt signal.

Om signalet ikkje dukkar opp igjen har du gått forbi den skredtatte og personen ligg i ytterkant av maksimal søkestripebredde på den eine eller andre sida av sporet ditt. 

I testarbeidet har eg faktisk fått kortare praktisk rekkevidde når eg tek signalsøk med rotering.

Den einaste logiske forklaringa eg har på dette er at eg går fort under signalsøket og om eg er uheldig og mistar eit signal på maks rekkevidde så går eg vidare i om lag 3 sekund før antenna er i same gunstige posisjon igjen.

På tre sekund går du ein del meter og om sendar/mottakaren din også treng litt tid på å prosessere og bekrefte dette signalet så går du ytterlegare nokre meter vidare.