Om du sjølv vert skredtatt så fungerer det nesten heilt greitt same kvar skredsøkaren er plassert.

Eg smetter inn ordet nesten, fordi om du har sendar/mottakaren i ei dedikert lomme på låret, vil dei som leiter etter deg finne det minste avstandstalet rett over låret ditt i staden for brystet. Det kan føre til ekstra tidstap fordi dei som har funne deg kanskje må stikke nokre fleire gangar med søkestanga før dei treff deg.