Alle som har jobba hardt og målbevisst mot eit mål innanfor idrett veit at motivasjonen svingar opp og ned, og at ein må gjennom dei tøffe, keisame periodane for å bygge seg sterkare.

Kvar dag er ikkje ein fest  med «hæla i taket og tenna i tapetet», men ei aldri så lita berg og dalbane. Slik er det vertfall for meg, til tross for at eg driv med idrettar som eg synest er svært givande. Dei store måla er langt der framme, og før den tid er det mykje trening som skal leggast ned og  dei mange kampane og vegen kan verke endelaust lang og demotiverande til tider. Men det er som oftast verdt det når ein fyrst når målet.