/ Løping

Klar for VM i terrengultra

No samlar eg overskot i godt selskap og kjente vakre omgivnader i Sogn.

Sist oppdatert: 25. oktober 2016 kl 08.55
I staden for å skremme meg sjølv ved å sjå gjennom løypa og den lange distansen eg skal springe, ser eg heller på bileter frå området og let meg inspirere av det flotte naturen eg skal få sjå og oppleve undervegs.
I staden for å skremme meg sjølv ved å sjå gjennom løypa og den lange distansen eg skal springe, ser eg heller på bileter frå området og let meg inspirere av det flotte naturen eg skal få sjå og oppleve undervegs.

MALENE HAUKØY

Skjermbilde 2016-09-14 kl. 09.13.02

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. Selvskreven på det norske rando-landslaget. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet Norgescupen to år på rad, og er for tiden Norges beste kvinnelige terrengultraløper. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Mitt lengste fjelløp i karrieren står for tur. Det er ei knapp veke igjen til VM i terrengultra i fagre Portugal brakar laus. 85 kilometer og 5000 høgdemeter, med andre ord fryktelig langt.

Startskotet går 05.00 i Rio Caldo i Portugal og beveger seg vidar inn i Peneda-Gerês National Park. Av nervøse årsaker har eg enda ikkje studert verken kart eller løypeprofil. I staden for å skremme meg sjølv ved å sjå gjennom løypa og den lange distansen eg skal springe, ser eg heller på bileter frå området og let meg inspirere av det flotte naturen eg skal få sjå og oppleve undervegs. Dette er ein taktikk eg kjører stort sett før kvart løp. Det er klart at eg har skumma gjennom kartet, men den siste grundige studeringa gjer er kort tid før konkurransedagen av den grunn at eg slit med konkurransenervane. Sidan eg var liten har eg slitt med å halde på maten og sove i forkant av konkurransar, og eg utsett fokuset før konkurransen så lenge som mogleg. Da er det kjekkare å tenkje på den flotte naturen eg skal få sjå, og det fine ved sporten. 

Sjølv om eg tenkjer lite på det slitet som venter meg på laurdag i Portugal har eg ein grovplan for løpet mitt. Ein av mine største inspirasjonskjelder, Lars Erik Skjervheim har gått frå å vere ein jovial fallskjermhoppar frå Voss til å bli, framleis jovial, men og ein av Noregs beste fjelløparar og Noregs desidert beste randoneèutøvar på herresida. Dette har han fått til gjennom prøving og feiling, seriøsitet, nytenking og massevis av glede for det han driv med. Det er enkelt å ta til seg tips frå ein som har lukkast så godt bare ved å stå på eigne, kreative bein. Det beste rådet eg har fått er å ta det med ro, is i magen. Samtlege løp som har gått bra denne sommaren har eg basert på dette tipset. Gjennom lange løp gjeld det å spare på kreftene, samt vere i stand til å ta til seg næring og væske jamleg. Det er kjekkare å ta igjen folk utover løpet og føle seg sterk, enn å gå på ein smell halvvegs og bli tatt igjen av raskare bein.

«Sidan eg var liten har eg slitt med å halde på maten og sove i forkant av konkurransar, og eg utsett fokuset før konkurransen så lenge som mogleg. Da er det kjekkare å tenkje på den flotte naturen eg skal få sjå, og det fine ved sporten.» 

Førebuingane før VM har gått svært bra. Sommaren og hausten har vore prega av mange gode treningstimar. Dette har vore min fyrste seriøse springesesong, og aldri før har eg trent så einsidig som denne sommaren. Det har vore kring 95 prosent springing, og lite rom for alternativ trening som sykling og rulleski. Kanskjer har det vorte i overkant mykje springing, og kroppen byrjar så smått å kjenne på slitet. Småskavankane gir meir lyd frå seg enn vanleg, og mentalt gleder eg meg til å flytte fokuset mot snøen, raske ski og bunnlaus snø.

Fokuset den siste veka før VM er å samle overskot. Den viktigaste treninga er gjort, og eg skal stille til start så gira og lettbeins som mogleg. Dette blir ei oppleving. Eg tørr ikkje tru og håpe på noko spesifikk plassering ettersom eg ikkje har sprunge distansen før eller møtt mange av motstandarane, men målet er å sitte igjen med ein god følelse og tonnevis av erfaring. Vi er ein solid norsk gjeng som skal fly sørover, 3 jenter og 6 gutar. Det blir ein ære å springe med Noreg på brystet for fyrste gong!

Lars-Erik7_nett kopi
Lars-Erik7_nett kopi

Med treningskamerat og inspirator Lars Erik Skjervheim.  

malene høst
malene høst

Freja er alltid godt selskap! 

Publisert 25. oktober 2016 kl 08.55
Sist oppdatert 25. oktober 2016 kl 08.55
annonse
Relaterte artikler
patagonia slope trail runner vest 2024
Test av Patagonia Slope Trail Runner

Lett løpevest fra Patagonia

vj ace dame
Test av vinterpiggsko

Vinterpiggsko med demping

emelie forsberg uu
Fjelløper Emelie Forsberg:

Om å ta leken på alvor

Ultraløperen Simen Holvik

– Jeg ville løpe fra døden

pytho 6 2023
Joggesko for sti/grus

 Test av Icebug Pytho 6 

annonse
simen holvik badwater 135
Tips fra ultraløper Simen Holvik:

Simen Holvik om hvordan forberede seg til ultraløp

Lokket til seg eliteløperne

Høstløping i Hemsedal

løping i fjellet
Stiløpeturer – turtips

Forslag til fjelløpeturer i Norge

NNormal Kjerag
Testet: NNormal Kjerag

NNormal Kjerag

jotunheimen trail run
Jotunheimen Trail Run

Nytt fjelløp i Jotunheimen

Inov-8 Trailfly Ultra G 280 test
Test av Inov8 Trailfly Ultra G 280

Inov-8 Trailfly Ultra G 280

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen