/ Løping

Fart til fjells

Mil etter mil, høgdemeter på høgdemeter. Sommaren har budd på fantastiske opplevingar til fjells i form av fjelløp i ulik lengde og form. Er dette ein sport for framtida blant det norske folk?

Sist oppdatert 14. september 2016 kl 22.12
Det er lite som slår kveldstur på hausen. Her på Hesteggi eit langt steinkast frå Saftbygda/Sogndal.
Det er lite som slår kveldstur på hausen. Her på Hesteggi eit langt steinkast frå Saftbygda/Sogndal.

MALENE B. HAUKØY

Skjermbilde 2016-09-14 kl. 09.13.02

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet norgescupen to år på rad. Hun er også en av Norges beste, kvinnelige fjelløpere. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Med kaffikoppen i venstre hand og sjokoladen i den andre nyt eg dagen derpå etter Dynafit Trollheimen Fjellmaraton. Etter ein kort luftetur same morgon har eg konkludert med at beina ikkje spelar på lag i dag, men tryglar om fri. Eg vil tru vi er fleire i same båt denne måndagen.

Det gjekk strålande over fjella i Trollheimen, og eg kom til mål som fyrste dame og  som nummer 5 totalt. Dette var eit av 6 fjelløp denne sommaren. Det gjevaste må nok vere NM-gull under Hornindal Rundt. 75 kilometer og 5600 høgdemeter kosta krutt. Følelsen når ein kryssar mållina etter 10 timar og 32 minutt er rett og slett ubeskriveleg. Dette er min form for rus, og eg kan leve ganske lenge på den.

Eg må seie meg mektig imponert over arrangørane kring om i landet som legg til rette for at svært mange skal kunne delta på slike lange løp i fjellet. Det er mykje som kan gå gale høgt til fjells, og det bør heilt klart vere eit sikkerheitsaspekt med i bilete. Det er gode merkingar dersom skodde og dårleg sikt, og tålmodige frivillige som står godt påkledde på toppane å sikrar at alle passerar. Til dømes trur eg at Hornindal rundt med sine 75km krev sitt forarbeid. Dette året var det mildt sagt surt til fjells, men sjølv med min håplause retningssans var det nesten umulig å gå seg vekk. Eg bøyer meg også i det som er for dei som fullfører desse langløpa med smerte og slit i ein del fleire timar enn meg sjølv, og utan moglegheit til å vere så forberedt som meg. Det er ikkje sjølvsagt at ein skal klare slike påkjenningar!

Sommaren har vore lang, og stort sett budd på positive opplevingar for min del. Sjølv under dei tunge dagane der beina nektar å spele på lag sit eg igjen med erfaringar eg kan ta med vidare. Ingen konkurranse er bortkasta, berre god læring. Det har vorte nokre mil og høgdemeter med startnummer i løpet av sommaren. Ei rask oppsummering viser faktisk heile 275 km og 18300 høgdemeter med bonn pinne. Og framleis er det 2 løp som gjenstår.

«Følelsen når ein kryssar mållina etter 10 timar og 32 minutt er rett og slett ubeskriveleg. Dette er min form for rus, og eg kan leve ganske lenge på den.»

Skjermbilde 2016-09-13 kl. 15.51.36
Skjermbilde 2016-09-13 kl. 15.51.36

«Frelst til fjells» som eg er tenker eg at dette er noko som bør treffe mange. Det er for dei med fokus på fart og konkurranse, men som også set pris på variert terreng og upåklageleg utsikt. Eller dei med fokus på naturen og omgivnadane, men som tykkjer det kan freiste med fysiske utfordringar utanfor komfortsona, samt moglegheit til å oppdage nye stiar og fjell. Det er ein unik moglegheit til å oppleve, samt utforske.

Det er definitivt ein konkurranseform i framdrift. Helgas Dynafit Trollheimen Fjellmaraton trakk 240 deltakarar i fjor, og 344 i år. Under årets Stranda Fjordtrail Race fullførte 91 kvinner og menn løpet, mot 36 i fjord. Hornindal Rundt, som dette året var NM i terrengultra, historias fyrste vel og merke, enda med 140 fullførte mot 100 i fjor, eit løp på 75 kilometer og 5600 høgdemeter som ein gjerne skulle tru skremte dei aller fleste. Nordmenn er heilt klart ute etter utfordringar.

Ein skal ikkje mange år tilbake i tid før fjelløping var ein ukjend konkurranseidrett.  Svært mange har nok gjort som meg og teke søndagsens langtur til fjells i variert lett eller tungt utstyr. Fjelløping som treningsform gir meir enn berre tunge motbakkar og balanse/styrketrening i ulent terreng, det byr på naturopplevingar og ein mental ro som ikkje kan måle seg med noko anna i mine auge. For når beina kriblar, bekymringane kring ei skranten lommebok og tidspress plagar ein er fjellet mental friheit. Om det berre er for nokre timar får ein flytta tankane over frå kav og mas til fuglekvitring, glatte røter langs stien og kvite ulldottar med bjødle på langs løypa dersom det er den tida av året.

«Når beina kriblar, bekymringane kring ei skranten lommebok og tidspress plagar ein, er fjellet mental friheit. Om det berre er for nokre timar får ein flytta tankane over frå kav og mas til fuglekvitring, glatte røter langs stien og kvite ulldottar med bjødle på langs løypa dersom det er den tida av året.»

G0402285
G0402285

 Ein heilt vanleg dag på «kontoret» saman med Glen Tore Løland og Sindre Hoff, på langtur i Fjærland.

Skjermbilde 2016-09-13 kl. 15.51.26
Skjermbilde 2016-09-13 kl. 15.51.26

Kva er det som tiltrekk meg og mange fleire desse lange, krevjande fjelløpa?

Kvifor vil vi oss sjølve så vondt?

Det er spørsmål som går gjennom hovudet mitt nokre gongar i løpet av eit langt løp, men som eg fort skyv vekk. Det er klart at det er eit lite mareritt til tider, og det skal vere vondt, men midt oppi det heile kjem det opplevingar undervegs som veg tyngre enn det kjipe, og som gjer det heile verdt det. For min del er det viktig at eg har det kjekt og morosamt. Som ein lite unge trivs eg godt dersom det skjer mykje. Stimuli frå alle kantar tek oppmerksomheita frå det vonde og gjer slit og hard jobbing om til leik og god stemning. Det høyres nok overfladisk ut, men slik er det for meg. Sigerspallen og premiepengar er ikkje motivasjon nok for meg, det må vere gøy skal eg gidde å gjere den jobben som må til.    

«Som ein lite unge trivs eg godt dersom det skjer mykje. Stimuli frå alle kantar tek oppmerksomheita frå det vonde og gjer slit og hard jobbing om til leik og god stemning.»

Kaffikoppen er tom, og sjokoladeplata likedan. Det er på tida å karre seg til butikken for meir påfyll. Eg har nokre dagar før neste konkurranse, denne i Skottland, Glen Coe. Det er ikkje snakk om noko kort kosetur, men 55 kilometer og 4746 høgdemeter gjennom periodevis svært teknisk terreng. I dag kjennes det umulig ut, men eg er overbevist om at nok sjokolade og restitusjon vil gjere susen.  

Skjermbilde 2016-09-13 kl. 16.04.22
Skjermbilde 2016-09-13 kl. 16.04.22

Det er viktig å nyte litt mellom slaga. 

Publisert 14. september 2016 kl 09.16
Sist oppdatert 14. september 2016 kl 22.12
annonse
Relaterte artikler
vj ace dame
Test av vinterpiggsko

Vinterpiggsko med demping

emelie forsberg uu
Fjelløper Emelie Forsberg:

Om å ta leken på alvor

Ultraløperen Simen Holvik

– Jeg ville løpe fra døden

pytho 6 2023
Joggesko for sti/grus

 Test av Icebug Pytho 6 

simen holvik badwater 135
Slik forbereder du deg til utraløp

Simen Holvik om hvordan forberede seg til ultraløp

annonse
Lokket til seg eliteløperne

Høstløping i Hemsedal

løping i fjellet
Stiløpeturer – turtips

Forslag til fjelløpeturer i Norge

NNormal Kjerag
Testet: NNormal Kjerag

NNormal Kjerag

jotunheimen trail run
Jotunheimen Trail Run

Nytt fjelløp i Jotunheimen

Inov-8 Trailfly Ultra G 280 test
Test av Inov8 Trailfly Ultra G 280

Inov-8 Trailfly Ultra G 280

Xreid 2013-2023

Når leken er god

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen