Når du bor paradis, er det ikke lett å plukke ut favorittene.
Vi fant dem allikevel.
– Det er ikkje lett å velje når ein har så mange gode alternativ, men desse tre meldte seg nokså raskt. Du veit vi er meir enn bortskjemt. Alt som er over 20 minutt å køyre, er langt. Her kan vi vakne om morgonen, sjå korleis veret er, opne døra og bestemme oss for kor vi skal gå inn i naturen, sier Kirsti Fagerslett og Dag Ringstad, som bor i Eresfjord i Romsdal.

Her er deres turfavoritter.
Frusalbotnen

Mange tek turen til Eresfjorden for å gå på Skjorta, 1711 moh, men dalen bak dette fjellet, er det ikkje så mange som ser.
Der ligg vår litle perle, Frusalbotnen, med eit vatn så klart at ein må bade.
Det er omkransa av alpine tindar, nokre standhaftige brear og grønt gras i rennene der snøen har trekt seg tilbake.
I dalbotnen ligg det også eit stort fangstannlegg som fortel at her har det vore storfangst av rein.
Lett tur frå frodige Kanndalen.
Ein kan gjerne lage turen lenger og artigare, med ein eggtravers til Staveskoren, eller Storgladnebba som den kallast her.
Trolltind 1347 moh

Når vi går topptur, er opplevingane undervegs minst like viktig som målet. Trolltind skil seg litt frå regelen.
Den er fantastisk å komme opp på. Der er liten plass, og tinderekka med fin travers mot Åbittind 1396, kjem tett innpå ein.
Utsikta strekkjer seg heilt til havs. Fin tur både sommar og vinter, frå Jordalsgrenda eller opp Kanndalen.
Vi vel gjerne det siste, og kan renne heilt heim i tunet.
Hoemsbu

Når ein kjem bakken opp frå kaia på Hoem, kjenner ein at tid blir uvesentleg og ein kan berre vere.
Her er det fred og senka skuldrer. Molde og Romsdals turistforening får disponere denne fråflytta garden til alle oss som vil ta turen.
Her kan ein kose seg, lese, strikke, buldre på steinane, leike på tunet, fiske, lage god mat eller …
Frå trammen kan ein sjå kor lyset endrar seg gjennom sommarnatta.
Bak hytta, ruvar Juratind 1712 meter opp og innbyr til tur. Over frå Isfjorden er stigen bratt men fantastisk.
Mange kjem frå Reinsvassbu ned Vikebotnen, eller ein kan padle Eikesdalsvatnet.
Båtskyss frå garden Vike.