Kvifor?

Om fem månader står eg, om alt går etter planen, ved foten av brefallet på vestsida av Grønland. Framfor meg ligg 600 snøkledde kilometer. Bak ligg ein pulk tyngre enn meg sjølv. Og dette betalar eg pengar for. Kan du forstå det?

Sist oppdatert 7. desember 2015 kl 10.32
Foto: Line Hårklau
Foto: Line Hårklau

LINE HÅRKLAU

12-44-53_lightboxorg

Line (28) Bor med Ståle og hunden Eik. Hun brukte fem år på idrettshøgskolen, ett år på Blindern og et halvt år på bioingeniørstudiet, før hun fant ut at det var fotojournalist hun skulle bli. Nå er hun halvveis på fotojournalistikkstudiet, og jobber som deltidsansatt på Norrøna i tillegg til å være frilanser. I mai 2016 setter hun kursen mot Grønland for å gå på ski fra vest til øst. I mellomtiden er målet å gjøre den jobben som trengs for at turen skal bli så bra som mulig. Det kan du lese mer om her på UTE-bloggen! Les mer på www.lineharklau.com

Folk reagerer ganske ulikt når eg fortel at eg skal gå åtte timar på ski kvar dag i nesten ein månad. Mange synes det er kult, men er klare på at dei ikkje kunne gjort det sjølv. Andre blir misunnelege. Nokre få reagerer med irritasjon og nesten sinne over at eg kan ha lyst til å bruke tida mi på noko slikt.

 – Everest kan eg forstå, men ikkje Grønland. Everest er verdas høgste fjell, Grønland er ingenting.

Når eg høyrer slikt blir eg forundra, og tenkjer at det er ganske bortkasta å irritere seg over kva eg vel å bruke livet mitt på. Men mest av alt tenkjer eg at eg og den aktuelle personen har litt ulik tilnærming til kva ein slik tur handlar om.

LES OGSÅ: Det fyste melisdrysset

Først skal det nemnast at Grønland er litt meir enn ingenting. Grønland er verdas største øy, og det er lettare sagt enn gjort å spasere over innlandsisen. Det fekk Fridtjof Nansen erfare allereie i 1888. Men for min del handlar det aller mest om å vere lenge på tur. Eg har aldri vore meir enn ei veke på tur, som oftast blir det dagsturar eller helgeturar. Misforstå meg rett, ingenting er betre enn å ta ei helg i det fri. Men kvardagen er litt for nærme, bobla sprekk litt for fort. Eg vil kome inn i bobla og vere der. Bobla kor alt handlar om her og no. Kor det ikkje er rom for eller vits i å tenke lenger enn til neste pause, neste kopp te, eller den varme soveposen i teltet. Kor dei små augneblinka får alt å bety.

Sjølvsagt handlar Grønland også om utfordring, å gjere noko eg aldri har gjort før. Eg anar ikkje korleis eg vil oppleve eller takle det. Men målet er å legge til rette for at turen over Grønland skal bli så bra som muleg. Først og fremst å bli i god nok form, slik at stundene kor eg kjenner at kroppen fungerer er fleire enn dei kor alt kjennes som eit slit. Eg må slutte å bli handlingslamma når eg blir kald. Eller rettare sagt bli betre på å gjere det som må til for å halde varmen. Eg må finne ut kva slags sjokolade eg orkar å trykke i meg dag etter dag. Og eg må bli god på å tisse på flaske.

 LES OGSÅ: Å investere i fjell 

Publisert 7. desember 2015 kl 10.32
Sist oppdatert 7. desember 2015 kl 10.32
annonse
Relaterte artikler
tissetrakt for jenter
Smarte triks på lange turer

Ekspedisjonstips fra friluftsekspertene

vincent colliard
Knuste norsk rekord på Sydpolen

Knuste norsk fartsrekord

Her jager Eirik Skjevdal vekk bjørn

– Ha deg vekk

Continental Divide Trail på 124 dager

– Jeg følte meg ikke helt ferdig

cato zahl pedersen
Zahl Pedersens metode

Zahl Pedersens metode

Rekordforsøk på Sydpolen

Vincent jakter norsk Sydpolen-rekord

annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen