MALENE B. HAUKØY

Malene (23) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009). Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.
Fokuset er ikkje lenger høgdemeter, høgdemeter og høgdemeter, men spennande turar i nytt terreng på jakt etter den beste snøen og den djupaste brunfargen.
Det er seint april og eg sit i solveggen framfor Turtagrø Hotel ved foten av Hurrungane og prøver å oppsummere sesongen 2014/2015. Eg nyter formiddagen i fjellet før eg tek turen inn i restauranten på hotellet for å servere middag på kvelden. Sola har endeleg begynt å ta tak, men det er framleis tørrsnø og finne i fjellet. Sjølv med høg faktor er det vanskeleg å unngå å bli brent, sola er nådelaus, men det ser ut til å bli ein nydelig våsesong i Jotunheimen. Vinteren har gått så utrulig fort, og vips er moroa over. Det har vert ein lang vinter med mykje reising hit og dit, og endeleg skal eg få tilbringe meir enn 2 veker samanhengane heime i Sogndal. Det ser likevel ut til å blir nokre turar inn Lustrafjorden og opp til Turtagrø i løpet av vår/sommar for å tene litt peng til livets leik. Eksamen står for tur, og det er uendelig mykje pensum å ta igjen. Måtte våren gi meg nokre grå dagar slik at eg får ro i sjela til å sitte inne.
Tida framover er høgdepunktet for året. Enn kor godt eg likar å konkurrere blir eg sliten og lei etter ein lang sesong som byrjar i desember og varer ut mars/april. Det er ikkje berre konkurransane i seg sjølv som kostar. For å kunne prestere så godt som mulig er det mange prioritertingar som må gjerast. Det sosiale livet, skulen og familien blir satt på vent gjennom vinteren for at eg skal kunne trene nok, kvile og reise nok. Skulen er det alltids mulig å ta igjen, men samvita svir når eg stadig vekk er på tur og nokre korte visitt heimom og får minimalt med tid til dei eg er glad i. Der og da føles det heilt rett og verdt det, men når våren nærmar seg og eg ser enden på visa innser eg at det skal bli godt med nokre veker fri. Slitet er over for denne gang. No blir nokre veker med rolig «feelgood» trening før førebuingane til neste sesong set i gong.
Sesongen er på hell, og siste øving på programmet sesongen 2014/2015 var NM på Galdhøpiggen. Takka vere ein rusten og irritert lysk vart det prestisjefylte Norgesmeisterskapet sett frå sidelinja dette året. Det var ingen god følelse, og eit vanskeleg val å ta. Det kribla etter ønske om syre og o2-gjeld idet løparane passerte i stor fart. Det var fascinerande var å sjå kor fort dei beste gjekk, noko eg sjeldan får muligheit til.

Saman med mellom anna Toini Thorkildsen, Lars Eriks sambuar, var eg tilskodar under årets NM på Galdhøpiggen. Foto: Mikkel Frodahl

Kroppen set pris på nokre rolig veker utan makspuls etter ein lang sesong.
Motivasjonen før neste sesong er på topp. Det er så mykje gode minner som ligg planta etter denne vinteren. Eg har fått mulig het til å trene saman med nokre av verdast beste utøvarar i randoneè, Kilian og Emelie. Det er ein stor inspirasjon og mykje god læring for ferske nordmenn. Eg har teke nye steg mot toppen, og til slutt enda eg på 5. plass totalt i sprintcupen, og klarte med det akkurat målet mitt om topp 5.
Vel heime i Sogndal er det på tide å tømme dei siste sure sokkane ut av baggen. Det er utrulig kva ein finn når ein snur det heile på hovudet, og ut av trillebaggen dukka det opp ein halvgammal og sveitt fransk ost frå eit tidlegare fransk meisterskap. Osten hadde sett sine betre dagar, og vart ikkje oppeten. Ein skremmande høg haug med kle har etablert seg midt på soverommet. Det er på tide å setje fart på vaskemaskina og flytte tilbake i klesskapet for ei stund.

Etter månadar med lett sekk og fart var det behagelig å ta turen på Store Ringstind i eit meir folkeleg tempo (Alt etter korleis ein ser det, 3t t/r Turtagrø). Fartsdessen er sjølvsagt på. Foto: Mikkel Frodahl
Motivasjonen før neste sesong er på topp. Det er så mykje gode minner som ligg planta etter denne vinteren. Eg har fått mulig het til å trene saman med nokre av verdast beste utøvarar i randoneè, Kilian og Emelie. Det er ein stor inspirasjon og mykje god læring for ferske nordmenn. Eg har teke nye steg mot toppen, og til slutt enda eg på 5. plass totalt i sprintcupen, og klarte med det akkurat målet mitt om topp 5.
LES OGSÅ: No pain, no gain!
Vel heime i Sogndal er det på tide å tømme dei siste sure sokkane ut av baggen. Det er utrulig kva ein finn når ein snur det heile på hovudet, og ut av trillebaggen dukka det opp ein halvgammal og sveitt fransk ost frå eit tidlegare fransk meisterskap. Osten hadde sett sine betre dagar, og vart ikkje oppeten. Ein skremmande høg haug med kle har etablert seg midt på soverommet. Det er på tide å setje fart på vaskemaskina og flytte tilbake i klesskapet for ei stund.
«Motivasjonen før neste sesong er på topp. Det er så mykje gode minner som ligg planta etter denne vinteren.»

Norges mest ivrige randoløparar på plass i Italia og siste verdenscup. Foto: Eric Carter

Eg får ikkje nok av desse fantastiske omgivnadane! Bilete frå siste verdscup i Italia og Prato Nevoso. Foto: Mondolè ski

All grunn til å smile etter ein vellukka sesong. Foto: Eric Carter
LES OGSÅ: UTE-portrettet – Malene Haukøy
LES OGSÅ: Fjelløping – hytte til hytte i Isfjorden
LES OGSÅ: Utstyr for alpine skiturer