No pain, no gain!

Sprintdistansen og vertikalen er overstått, individuell og lag gjenstår. Delvis nøgd og delvis ikkje med eigen innsats så langt i meisterskapet. Det kostar og gå gode løp mot verdenseliten. Alt må klaffe.

Sist oppdatert 9. februar 2015 kl 10.13
Mitt største forbilde Kilian Jornet på veg mot mål! Spanjolen tok nok ein overlegen siger på vertikalen i VM. Eit unikum.  Foto: ISMF
Mitt største forbilde Kilian Jornet på veg mot mål! Spanjolen tok nok ein overlegen siger på vertikalen i VM. Eit unikum. Foto: ISMF

MALENE B. HAUKØY

Skjermbilde 2015-01-12 kl. 21.05.00

Malene (23) vokste opp mellom fjord, fjell og bakker i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009), og sesongens store mål er VM i Verbier. Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Sprintdistansen byrja så bra med 2. beste tid i prologen. Kanskje kosta det litt for mykje krutt framfor dei neste to heata. Sprintdistansen er kort og brutal, og det er lite rom for å feile. Konkurransetida var på rundt 4.30 minutt og 70 høgdemeter. På den tida rakk vi å gå litt på ski, ha skia på sekken, på igjen med skia, og kjøre ned til mål. Det er spesielt byttepartia, ski av og på sekk og felle av, som kan skape trøbbel. Her er det ikkje tid å miste, kvart sekund teller.

LES OGSÅ: På reisefot med randolandslaget

Kvartfinaleheatet mitt var ei tøff nøtt. Saman med Hildegunn Gjertrud Hovdenak og regjerande meister Leatitia Roux kjempa eg meg vidare til semifinalen. Før start var taktikken klar frå vår norske side: «Vi startar hardt, legg oss i front og styrer det heile».

Dette gjekk strålande ei god stund, heilt til den franske kanonen tok oss i byttesona. Vi tok oss likevel vidare.

Semifinalen verka å vere grei da eg stod på startstreken. Eg låg lenge godt an, heilt til det rykka brutalt i høgrearmen, og eg innsåg at staven stod igjen nokre meter bak. Eg sendte nokre stygge gloser til vedkommande som hadde tråkka på staven, men kom meg fort vidare. Opphentinga kosta dessverre litt mykje, men eg klarte å karre meg opp på ein tredjeplass, noko som ville sendte meg vidare til finalen. Vel oppe på toppen, klar til å rive av fellene og suse nedover, var det full syrefest, og ting balla på seg. Eg surra meg ned i mål som nummer 5 av 6 i heatet, og kunne med det kaste startnummeret. Ein bitter og kjip følelse.

Norges beste vart Hildegunn Gjertrud Hovdenak som kjempa seg inn til ein sterk 4. plass! Lars Erik Skjervheim vart beste nordmann både på sprinten og vertikalen. På vertikalen tok han ein sterk 22.plass, kanskje sitt beste vertikalløp så langt i karrieren omringa av meget hard konkurranse!

LES OGSÅ: Fjerdeplass til Hovdenak

Skjermbilde 2015-02-09 kl. 10.49.08
Skjermbilde 2015-02-09 kl. 10.49.08

Hildegunn Gjertrud tek seg ein velfortent pust i bakken på 2800 meter over havet.

Dagen derpå var det klart for nok eit møte med mjølkesyra og bratte motbakkar. Vertikal stod på programmet, ein grufull distanse utan ein pustepause. 850 høgdemeter med smerte. Vertikal er på inga måte min yndlingsdistanse, men eg karra meg opp på ei tåle bra tid, og er igrunn nøgd med innsatsen. Nivået er skyhøgt, men eg håpar eg har mange år framfor meg der eg kan hamle betre opp med toppen!

Det var folkerikt undervegs på vertikalen. Løypa gjekk rett gjennom Verbier sentrum, der store og små heia oss fram med kubjeller og flagg. 

             

Skjermbilde 2015-02-09 kl. 10.49.54
Skjermbilde 2015-02-09 kl. 10.49.54

Det var folkerikt undervegs på vertikalen. Løypa gjekk rett gjennom Verbier sentrum, der store og små heia oss fram med kubjeller og flagg. Foto: Kjersti Bakketun Tronvoll 

Søndag var kjærkommen kviledag, før måndagens individuelle konkurranse! 

Skjermbilde 2015-02-09 kl. 10.49.19
Skjermbilde 2015-02-09 kl. 10.49.19

Biletet er teke etter målgang på vertikalen. Frå venstre: Emelie Forsberg, Andrè Jonsson, Hildegunn Gjertrud Hovdenak, Martin Bartnes, Malene Blikken Haukøy og Morten Eilifsen. Foto: Sindre Hoff

Publisert 9. februar 2015 kl 10.13
Sist oppdatert 9. februar 2015 kl 10.13
annonse
Relaterte artikler
TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

annonse
toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn på snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Arva Axio skredsøker
Test av skredsøkere

Test av Arva Axio

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen