Skal vi kalle det skredsøkar eller sendar/mottakar? Det er to namn som blir brukt om kvarandre i våre dagar.
Skredsøkar er i ferd med å bli det namnet som er mest nytta i marknadsføring og som har fått eit overtak på det litt meir trauste sendar/mottakar-namnet.
Men skredsøkar er dessverre misvisande. Namnet fortel at du søker etter skred, noko som den ikkje kan gjere, og som heller ikkje er interessant for deg som ski- eller brettkøyrar.
Du vil anten finne skikompisen din ved eit skred, eller ønske å bli funnen så raskt som råd om det er du som ligg under snøen. Kompisreddar kunne i så fall vere eit mykje betre omgrep enn skredsøkar.
Sendar/mottakar er til gjengjeld ei svært presis skildring av kva denne dingsen gjer. Du har den på send når du går, og du kan sette den på mottak når du skal leite etter nokon som er tatt i skred.
Derfor nyttar vi konsekvent sendar/mottakar i denne testen.
I all enkelheit er sendar/mottakar ein liten radio som med ei viss rytme/takt sender ut eit signal på ein bestemt frekvens.
Dette er ein felles verdsfrekvens, og alle sendar/mottakarar over heila verda er derfor kompatible med kvarandre.
Du slår sendar/mottakaren på send når du skal ut på tur, og du har den oppbevart på kroppen under minst eit lag klede.
Dersom det skjer ei skredhending og du skal leite etter ein skredtatt, slår du over på mottak. Når du kjem nær nok, gir den informasjon i form av avstandstal og retningspil (og eventuelt lyd) på kvar den skredtatte ligg under snøen (som vil ha sin sendar/mottakar på send).
Der avstandstalet er minst, markerer du punktet med spaden og finn fram søkestanga for å fysisk finne den skredtatte før du startar å grave.
«Det at «keyless»-bilnøkkelen i lomma og ei GPS-smartklokke gav utslag med avstandstal og retningsvising var ei uventa overrasking.»
Skal du investere i ein ny sendar/mottakar så er rådet klart: Kjøp siste generasjon av modellen, så sant denne har tre antenner og moglegheiter for «utflagging».
Utviklinga av sendar/mottakar går raskt framover, og dei blir stadig betre og meir brukarvennlege. Med unntak av ein modell i denne testen har alle utflaggingsfunksjon. No er denne utflaggingsfunksjonen blitt imponerande bra.
Har du ein sendar/mottakar som er laga med ei eller to antenner, så er det svært truleg at denne modellen er så gamal at det no er på tide å bytte den ut, og du bør kjøpe ein av dei nyaste modellane på marknaden.
Nokre modellar har tilleggsfunksjonar utover send og mottak. Eit livreddande verktøy som sendar/mottakar bør ha minst mogleg tilleggsfunksjonar. Den skal i hovudsak hjelpe deg gjennom søket på raskast og best mogleg måte. Tilleggsfunksjonane er difor skildra i omtalen av modellane, men ikkje vurdert i testen.
Eit instrument som er sårbart for forstyrring
Alt som sender ut elektromagnetiske bølgjer, til og med magnetar, kan påverke både send- og mottak-funksjonen på ein sendar/mottakar.
Rådet er difor å ha så lang avstand som praktisk mogleg mellom sendar/mottakaren og andre elektriske dingsar som smarttelefon, kamera, kraftige hovudlykter, radio eller naudnett.
Bilnøkkel av radiotypen (key less), GPS-smartklokke og GPS-kompaktkamera har slått inn på nokre av modellane i testen, slik at dei for eit kortare eller lengre tidsrom har vist både avstandstal og retningspil.
Hadde det ikkje vore for at dette skjedde i ein kontrollert testsituasjon, så hadde desse signala gjort deg grundig forvirra og du ville brukt tid på å rote rundt for å forstå signalet.
Det at «keyless»-bilnøkkelen i lomma og ei GPS-smartklokke gav utslag med avstandstal og retningsvising var ei uventa overrasking.
Flomlysanlegg ved skiheis som har vore på, samt område rundt heismotorar, har også slått inn med forstyrring på nokre modellar, med både avstandstal og retningsvisning for kortare eller lengre tidsrom.
Det vert ofte råda til unngå jakker med magnetisk lukking av lommer eller magnetisk lukking av stormklaff framfor glidelåsen.
Truleg snakkar vi då om svært kraftige magnetar og verst tenkeleg teoretisk situasjon. I dei praktiske rundene i denne testen har ikkje magnetar i lommeklaffar slått inn på sendar/mottakarane.
Vi gjer merksam på at det i desse testane vart det berre gjort forsøk på to ulike klesplagg frå to ulike produsentar.
Om testen
Produkta i testen er testa i perioden desember 2019 og januar 2020. Alle testar har vore gjort praktisk utandørs, og utan laboratorium eller med andre måleinstrument enn målband og vekt.
Det gjer at testresultata kan avvike frå brukarmanual og produsentane sine oppgitte data. Alle praktiske testar er