Lat oss starte med ei oppdatering på status. Det er mars og dagane blir stadig lysare. Vi er vest i landet, i Gloppen kommune, nærare bestemt Kandal, ei lita bygd heilt i enden av ein smal veg. Til nærmaste matbutikk er det 20 minutt med bil. Her er likevel meir enn ein skulle tru, blant anna ein heilt spesiell låve (den skal vi kome tilbake til). Og fjell. Fjell er alltid positivt, spesielt når dei står der like utanfor, under ein lettskya himmel. 

På den negative sida: Det er knapt nokon som hugsar sist det kom påfyll av snø.