/ Løping

Vond legg stoppa Kilian

Det var amerikanaren Joseph Gray som var raskast opp Skåla laurdag. Kilian Jornet fekk problem med leggen og luffa inn til 9. plass.

Sist oppdatert: 16. august 2015 kl 10.31
STERKT FELT: Vinnar Joseph Gray til høgre saman med Kilian Jornet på toppen av Skåla etter løpet. Jornet er kjent over heile verda i fjellmiljøet og har 300.000 følgjarar på Facebook. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
STERKT FELT: Vinnar Joseph Gray til høgre saman med Kilian Jornet på toppen av Skåla etter løpet. Jornet er kjent over heile verda i fjellmiljøet og har 300.000 følgjarar på Facebook. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
Lesetid: 2 minutter

Det var stilt store forventningar til Kilian Jornet Burgada frå Catalonia i Spania før debuten i Skåla opp laurdag.

Men 27-åringen som er rekna som verdas beste ultraløpar, hamna over ni minutt bak vinnaren frå Colorado. Kilian lovar at han skal kome tilbake skadefri og gjere det betre.

Løparen som har reist verda rundt og knust rekordar i dei lengste og hardaste fjelløpa, fortel til UTE at han ikkje pressa seg då han merka han fekk problem med leggen.

– Men eg er nøgd likevel. Det er eit fantastisk flott løp, og vêret er fint. Eg kosar meg.

Rekordforsøk på Mount Everest

– Går du for Skåla-rekorden neste gong du kjem?

– Nei, rekorden bryr eg meg ikkje om, seier han.

Kilian har prioritert klatretrening den siste tida, for å få variasjon i dei enorme treningsmengdene han legg ned. Det har også samanheng med at han i 2016 planlegg eit rekordforsøk på Mount Everest. Målet er å slå tidsrekorden opp ei av rutene til verdas høgaste fjell.

Kvinneklassa vart vunnen av Antonella Confortola Wyatt frå Italia med 1.23,19, også det eit stykke bak rekorden på 1.20,06 sett av Anita Håkenstad Evertsen.

Skåla opp er motbakkeløpet med klart sterkast startfelt i Noreg.

Skåla 2015
BESTE KVINNE: Antonella Confortola Wyatt. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Motvind skapte trøbbel

Joseph Gray var i perlehumør på toppen etter sin første Skåla-siger. Han har vore med før, med ein fjerdeplass som beste resultat. Han var nemnt som ein av favorittane på førehand.

Gray kom i mål på tida 1.09,01 etter 1819 høgdemeter i det som blir marknadsført som Nord-Europas tøffaste fjelløp. Tida var knapt to minutt bak rekorden til Ahmet Arslan frå Tyrkia. Det var sterk motvind i store delar av traseen.

– Vinden var lik for alle, han var ikkje noko problem. Men han var eit problem om ein ville setje rekord, fastslår Gray.

Skåla 2015
VANN SKÅLA OPP 2015: Joseph Gray var sterkast av dei sterke og vann Skåla Opp i Loen laurdag. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Arrangøren rapporterer om 962 registrerte deltakarar i trimklassen, 752 i konkurranseklassen og tre i BMI-klassen. Med totalt 1717 registerte, var det nok rundt 2000 menneske på Skåla i Loen laurdag.

Skåla2015 081
KLOUMANN-TÅRNET: Det er 22 sengeplassar i turisthytta på toppen av Skåla. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Skåla opp 2015
FØRSTE GANG: Søstrene Maren og Mathilde Schjøtt frå Bergen var på Skåla for første gong. – Beste fjellturen vi har gått, var omkvedet. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Skåla 2015 012
SJELDAN BLOMST: Issoleie er sjeldan å finne, men det vekst mykje av denne planten på Skåla. I år var det ekstra store førekomstar. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Skåla opp 2015
FINT VÊR: Utover dagen forsvann den kalde vinden, det skein opp og vart fint, til skilnad frå i fjor då det snøa på toppen. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Publisert 16. august 2015 kl 10.31
Sist oppdatert 16. august 2015 kl 10.31
annonse

Relaterte artikler

Testet: Hoka Tecton X 3

Hokas kvikke terrensko med karbon

Asics Metafuji 2024
Testet: Asics Metafuji Trail

Fulldemper med karbonsåle

Arcteryx Sylan Pro joggesko for sti og terreng gul
Test av Arc´teryx Sylan

Test av Arc'teryx Sylan

KVELDSMØRKET: Du får fartsfølelse når du løper med lykt.
UTEs løpeskole

Løp med lykt

annonse
trandalhatten
Turtips på Sunnmøre

Høyt over Hjørundfjorden

nnormal tomir 2.0
Test av Nnormal Tomir 2.0

Test av NNormal Tomir 2.0

Test av Scott Supertrac Ultra RC
Test av Scott Supertrac Ultra RC

Test av Scott Supertrac Ultra RC

simen holvik badwater 135
Tips fra ultraløper Simen Holvik:

Simen Holvik om hvordan forberede seg til ultraløp

patagonia slope trail runner vest 2024
Test av Patagonia Slope Trail Runner

Lett løpevest fra Patagonia

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen