/ Løping

Kontrastar i kvardagen

Frå 0 grader, delvis snø, stillongs og vottar i Sogn, til 30 grader, bikini, svette og endelaust store hofter på Copacabana i Brazil. Rockyman 2016!

Sist oppdatert: 29. november 2016 kl 14.07

MALENE B. HAUKØY

Skjermbilde 2016-09-14 kl. 09.13.02

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. Selvskreven på det norske rando-landslaget. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet Norgescupen to år på rad, og er for tiden Norges beste kvinnelige terrengultraløper. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast blogger for UTE.

Eit nytt og spennande eventyr dukka opp for 3 månadar sidan. Eg fekk spørsmål om å vere med på sambatakter i Sør-Amerika, kokosnøtt i Rio og Brazils største multisportkonkurranse, Rocky Man. Det var berre å klargjere kalendaren, og takke ja. Vi var 5 ivrige utøvarar i kvar vår idrett, samt ein rolig og beherska lagkaptein. Idrettane vi skulle kjempe kvar vår kamp i var terrengløp dame og herre, surfing, skating og terrengsykling. Saman som eit lag skulle vi i tillegg padle i kano og springe 6 km. Alt på ein dag!

rockyman-corrida_dsc_8569-2_
rockyman-corrida_dsc_8569-2_

I min yngre dagar var eg ein lagspelar på heimklubben IL Høyang. Eg sparka ball med gode venniner, og delte glede, erfaring og motgang. Dei siste åra har eg måtte stå for moroa sjølv. Eg hadde neste gløymt kor kjekt det var å dele blod,slit og tårer med fleire. Eg kjente lite eller ingenting til lagkammeratane, bortsett frå Lars Erik Skjervheim, men det var ein optimistisk gjeng eg møtte på eit stilreint hotell i Barra da Tijuca litt utanfor Rio. Syklisten var Kjetil Isaksen, surfaren Luca Guichard, skateren Jørn Wiggo Nyberg, terrengløpar herre var Skjervis, terrengløpar dame var meg og sist, men lang ifrå minst, vår kaptein, guid og lokalkjente, Marcio Franco.  

GOPR5321
GOPR5321

Det skjedde mykje i løpet av konkurransedagen i Rio. Eg kunne langa ut i det vide, breie, lange og smale om det vi fekk oppleve der nede, men kort sagt vant vi heile greia. I konkurranse med 14 andre lag og land gjekk vi av med sigraren. Team Norway spretta den 5kg tunge champisen, sletne etter ein lang dag men kjemping, heiing og brennande solsteik. 

mgf8280
Frå venstre: Linselus, Jørn Wiggo, Kjetil, Malene, Luca, Lars Erik og Marcio

Til tross for at vi alle gjorde vår jobb under dei idividuelle konkurransane, og sikra eit greit forsprang på dei andre konkurrentane før felleskonkurransane byrja, var ingenting avgjort. Det skulle padlast mellom 1-1,5 t og det skulle springast 6km som det siste vi skulle gjere. For min del var kroppen sleten etter 40 km springing tidlegare på dagen, men jamleg inntak av kokosnøtt og sportsdrikk haldt oss oppe. Stemninga var på topp under roøvinga, tross at vi knakk ei åre allereie etter 50 m. Lars Erik satt fremst i kanoen med krampe i alt frå brystet til tærene, og vi bak prøvde desperat å padle i takta hans. Vi hoja og heia på kvarandre, og karra oss til land midt på resultatlista. Skuffane til vikingar å vere, men det er tross alt nokre generasjonar sidan.

mgf8051
mgf8051

Dei siste 6 km med løping starta med 2 km på mjuk strand men havet leikande rund leggane. Farten var god, nesten for god for min smak den kvelden, men idet vi kryssa mållinja var det inga tvil om at vi hadde vunnet. Vi avslutta siste konkurranse med 19 minutts forsprang til neste lag! Med det slo vi overpositive amerikanerar, slanke canadierar, seriøse franskmenn og ein haug med lokale brazilianerar.

img_5854
img_5854

Det er lite som slår gleda ved å lukkast som eit lag. Det er mykje som kan gå gale, og laget er opplagt nok ikkje betre enn det svakaste ledd. Laget vårt hadde ein strålandes dag, alle leverte. Det kan vanskeleg forklarast kor kjekt det var å delta på Rocky man. Ikkje berre fekk eg farte rundt i jungelen, lykkeleg uviten om alt kryp som luska i buskene, men eg fekk også sett og opplevd idrettar eg aldri har sett "live" før, til dømes skating og surfing. Bølgene på stranda var såpass høge at eg knapt vassa i havet, og der ute i naturens skremmande krefter dansa surfarane i ruvandes bølger. Eg må sei meg mektig imponert.  

GOPR5265
GOPR5265

Etter timar, eller rettare sagt døgn på reise heim til saftbygda, har eg no lagt skiboksen på biltaket, skudd opp varmen i leiligheta, og ventar ivrig på snøen. Tiddelig- bom!

Abonner på UTEs nyhetsbrev og få med deg alle blogginnlegg frå Malene!

Publisert 29. november 2016 kl 14.07
Sist oppdatert 29. november 2016 kl 14.07
annonse
Relaterte artikler
Test av Scott Supertrac Ultra RC
Test av Scott Supertrac Ultra RC

Test av Scott Supertrac Ultra RC

simen holvik badwater 135
Tips fra ultraløper Simen Holvik:

Simen Holvik om hvordan forberede seg til ultraløp

patagonia slope trail runner vest 2024
Test av Patagonia Slope Trail Runner

Lett løpevest fra Patagonia

vj ace dame
Test av vinterpiggsko

Vinterpiggsko med demping

annonse
emelie forsberg uu
Fjelløper Emelie Forsberg:

Om å ta leken på alvor

Ultraløperen Simen Holvik

– Jeg ville løpe fra døden

pytho 6 2023
Joggesko for sti/grus

 Test av Icebug Pytho 6 

Lokket til seg eliteløperne

Høstløping i Hemsedal

løping i fjellet
Stiløpeturer – turtips

Forslag til fjelløpeturer i Norge

jotunheimen trail run
Jotunheimen Trail Run

Nytt fjelløp i Jotunheimen

Inov-8 Trailfly Ultra G 280 test
Test av Inov8 Trailfly Ultra G 280

Inov-8 Trailfly Ultra G 280

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen