ÅRETS EVENTYRER 2017

• Hedersprisen Årets Eventyrer ble for første gang utdelt i 2015. Årets eventyrer er en som inspirerer og viser vei for andre. Prisen skal motivere, anerkjenne og utfordre. Kandidater til Årets eventyrer vil favne bredt, fra personer som har vært på sitt livs største eventyr, fremadstormende eventyrere, eller personer som har vært en sterk drivkraft for andre til å bryte nye grenser og oppleve nye horisonter.

• I tillegg til en hovedvinner kåres også en «rookie» som vinner et reisegavekort (verdi 20.000,-) fra Hvitserk til en valgfri Hvitserk-tur, og utstyrsgavekort fra Alfa, Devold, Helsport og Åsnes.

• Prisen er et samarbeid mellom Hvitserk, UTE, Devold, Helsport, Åsnes og Alfa, og deles ut på Hvitserk Ekspedisjonsfestival på Kobberhaughytta 21. oktober. 

Her er årets Eventyrer-finalister

Stem på din favoritt!

NANSENRUTA 2017

JURYEN SKRIVER
Å krysse Grønland har blitt relativt vanlig de siste årene, men Linda Eirin Eiken og Therese Moe Øye gikk i Fridtjof Nansen sine fotspor, som innebærer halvannet døgn i båt for å komme til startpunktet. De valgte å gjøre det på høsten, som er en uforutsigbar årstid med tanke på været og føret. Denne årstiden gir åpne sprekker, smeltevann, alt av føre + 5° og minus 35° og fort en håndfull stormer. Ruten de valgte starter ved havet og går opp til 2800 meter før den ender i toppen av Austmannadalen og tre dager med vandring på bena før de kunne hentes ned båt igjen. De startet som tre, men Miranda måtte evakueres underveis når legen satt ned foten for å fortsette. Storm, kulde, regn, whiteout, klabbeføre og matmangel stoppet ikke jentene fra å fullføre drømmen og turen som totalt tok 30 dager. 

Annonse

– Fritida akkurat no går med til å ta att tapt kvalitetstid saman med venner og familie då dei til tider måtte kraftig nedprioriterast i førebuingstida før Grønlandsturen, forteller Linda Eirin Eiken. Ho og Therese Moe Øye klarte å krysse Grønland over samme rute som Nansen i sin tid, noe som innebærer halvannet døgn i båt for å komme til startpunktet. 

– Men ro i raua har me lite av, så kart og logistikk for neste års familietur til Svalbard er allereie i gang, forteller Moe Øye. 

Hvordan fant dere ut at dere skulle krysse Grønland i fotsporene til Nansen, og i tillegg gjøre det på høsten?
Linda: – Drøymen om Grønland har komt til for meg gjennom at eg i oppveksten fekk høyre om min oldefar som hadde vore der. Han var der to vinterar på fangst, den eine heilt åleine. Etter kvart fekk eg greie på at det går an å gå på ski over innlandsisen. Akkurat kva rute eg ville gå hadde eg ikkje tenkt på før eg og Therese byrja å prate om å gjennomføre det. Nansenruta på hausten er den mest variable, og kanskje mest utfordrande med tanke på stigning, vær og føre.

Therese: – For min del handlar all mi arktiske interesse om ein kombinasjon av å ha vokst opp i ein region med sterk tilknyting til Grønland og Svalbard gjennom vår fangsthistorie og ei generell interesse for det me i dag kallar friluftsliv. Eg har ein far og etterkvart svigerfar som har vore fangstmenn, og dei fleste av mine besteforeldre og oldeforeldre har vore ute i samme ærend. Med ei sterk forkjærligheit for alt som handlar om vinter og ski, fall det seg naturleg at den første turen til Grønland måtte bli ein skitur. Me er dog glade i dei sanseopplevingane variert natur gir, og var litt i tvil på om vårturen Kangerlussuaq - Isortoq ville gi oss det. Valget falt difor til slutt på Nansenruta.

Hvordan var båtturen?
Therese: – Båtturen var ein fantastisk start, og bidrog til å sette «modus» for fleire veker på tur på det beste vis. At far min kunne fortelje om sine opplevingar med veret, frå si tid på  ishavet og selfangst på austgrønland, gjorde at eg fekk ein endå sterkare oppleving av området eg ferdast i. Eg såg for meg karane som streva lange arbeidsdagar i isen, med farlege hopp oppetter skutsida. Linda snakka mykje om oldefaren sin, som overvintra der fleire år, ein vinter var han eindog åleine. Kjensla vart ytterlegare forsterka av vår overnatting på ei fangshytte. Bardunert på blanke berget stod ho der i duskregn og skodde, og gav oss i alle fall eit augneblinks kjensle av korleis det ein gong har vore å ha sitt virke ute i desse områda.

Hva var høydepunket?
Linda: – For meg var høydepunktet eigentleg i det vi starta på turen, at vi faktisk endelig, etter 2 år med planlegging, trening og organisering, var i gong med å gjennomføre!

Therese: – Heile turen var eit høgdepunkt, men å stå på startstreken kjendest ut som ein seier for oss båe. Med born, pendlarjobb, og gardsdrift er det slett ikkje noko sjølvfølgje alltid.

Hva var det tyngste med turen? 
Linda: – Eg syntest ikkje det var noko som var tungt eller vanskeleg, men det mest utfordrande var brefallet på vestkysten. Og det traurigaste var når Miranda blei sjuk og måtte gi seg. 

Therese: – Førebuingane. Dei små tankane som av og til melder seg, om at ein er ein stor egoist som har behov for slike sprell i ny og ne. Heldigvis har me fin familie og fine folk rundt oss, som slett ikkje tenkjer slik. 

Frister det med gjentagelse?
Linda: – JA! Kanskje normalruta, for å ha prøvd den. Og so er det monge andre drøymar og mål som kanskje ein vakker dag vil bli realisert.

Therese: – Utan tvil.

Hva var motivasjonen til å dra på turen?
Linda: – Det var jo sjølve turen og opplevinga som freista. Og når ein har gått med ein slik drøym i fleire år så treng ein ikkje leite etter motivasjonen til å reise, om ein vil det nok! Eg er også heldig som har mange vennar og familie som støytta meg til å gjennomføre.

Therese: – Å vere lenge på tur gjeld oss båe. For meg handla det også om å få eit friminutt frå noko eg ofte opplever som ei verd i brann.

Hva gjør dere når dere ikke er på tur?
Linda: – Då kjempar eg meg gjennom kvardagen og drøymer om nye turar og opplevingar eg vil oppnå. Eg har alltid eit mål å nå, det gjer det enklare å stå opp kvar dag!

Therese: – Eg arbeidar med busetting, kvalifisering og integrering av flyktningar, ved sida av å operere som sambuar og mor til både menneskebarn, kattar og hundar. Fritid går ofte med til å vere på tur, eller planlegge tur. Ei evig greie det der.

Hva er en eventyrer for dere?
Linda: – Det er ein person som følger drømmen, ikkje strømmen. Bryt seg frå dette forkava a4-livet som samfunnet har skapt og har forventingar til. Og tørr å satse for å realisere drøymane sine.

Therse: – For meg ein person som gjerne begir seg ut i det som er ukjent, og truleg må forhalde seg til usikre og varierande faktorar. Noko knytt til oppdagin? Kva ein oppdagar er eg ikkje så oppteken av, om det er for seg, eller for andre. 

Hva vil det bety å bli kåret til årets eventyrer?
Linda: – Herregud. Veit ikkje heilt kva eg skal seie, men det hadde jo vore veldig svært! Det kom jo som eit lite sjokk å berre bli nominert!

Therese: – Eg har nok ikkje tenkt på meg sjølv som ein eventyrar, og gjer det vel heller ikkje. Men det å vere nominert er med på å bygge under ei meistringskjensle knytt til turen vår som me allereie er så himla fornøgde med! Sjølv om me har vore mykje på tur tidlegare, er dette første gang at me er vekke såpass lenge. Kjensla av å stå på vestkysten etter å ha arbeidd seg gjennom eit artig brefall, ha greid det, og hatt det fint undervegs, er spesiell. Kjekt at også andre synes me har gjort eit fint stykke arbeid. 

Therese Moe Øye på vei over Grønland.