DNT sett frå innsida

Anne-Mari Planke tek oss med på innsida av DNT. Etter 150 år skal DNT fortsetje å halde friluftslivet enkelt.

Sist oppdatert 20. mars 2018 kl 12.27
anne-mari planke foto line hårklau
TID FOR T: Anne-Mari Planke møter oss ved Hovin-koia, som i jubileumsåret representerer hyttetradisjonen til DNT. Foto: Line Hårklau

«Lad oss gjøre det let og billigt, at riktig mange kan komme og se, hva der er stort og vakkert i vort land».

Dette er orda til Thomas Heftye, mannen som for 150 år sidan stifta Den Norske Turistforeining. Mykje har skjedd sidan den gong. To verdskrigar, Trump har blitt president og ein Tesla fyk gjennom verdsrommet. Men DNT, sjølve limet i det norske friluftslivet, står sterkare enn nokon gong med over 300.000 medlemmer.

– Først og fremst har vi gått frå å vere ein organisasjon for ein liten elite til å bli ei folkerørsle, fortel Anne-Mari Planke, fagsjef for friluftsliv i DNT. Og vi ser at den største veksten skjer hos barn og ungdom. Vi ligg på 2. plass etter fotballen i medlemstal i denne aldersgruppa, det synes eg er moro. Det viser jo kor kjekt, givande og sosialt det er med friluftsliv.

 

DNT PÅ MUSEUM. Vi varmar oss på bålet like utanfor DNT-hytta Hovinkoia. Sola smiler om kapp med skiløparane i løypa like ved, i den usedvanleg snørike vinteren. Plutseleg trampar ein gjeng ungdomsskuleelevar forbi, og eit par turistar ser undrande på oss. Vi er meir eller mindre på utstilling, Hovinkoia har nemleg hamna på museum. Koia blei bygd i 1937 og stod ved Setertjern i Holleia på Ringerike fram til 2010. Deretter tok den turen til Slottsparken. I høve 150-årsjubileumet skal den leve pensjonistlivet saman med ei stavkyrkje og gamle hus her på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.

– Vi ønsker at Hovinkoia skal representere hyttetradisjonen innan DNT, men også den private, seier Planke. Vi er glade for at også Norsk Folkemuseum ser verdien i dette.

KVALITETSTID: Toppturer vinter og sommar, er ein hjerteaktivitet på alle vis. Her sammen med ektemannen Terje, på vårskitur i Romsdalen, 2009. Foto: Privat
KVALITETSTID: Toppturer vinter og sommar, er ein hjerteaktivitet på alle vis. Her sammen med ektemannen Terje, på vårskitur i Romsdalen, 2009. Foto: Privat

Etter 150 år er det ein fin milepæl å hamne på museum. Planke er likevel oppteken av at den norske turtradisjonen ikkje skal støve ned bak ein glassmonter. Den må fortsetje å leve og vernast gjennom bruk.

– I motsetnad til hytter og fysiske kulturminner, må den immaterielle kulturarven formidlast gjennom bruk. Skal vi ta vare på den norske turkulturen må den brukast.

– Historie for historia si skuld er ikkje så interessant. Men jubileet er eit fint høve til å stoppe litt opp, reflektere og sjå på kva vi skal ta med vidare. Kvar kan vi utgjere ein skilnad framover. No arbeider vi med ein plan for dei neste fire åra.

– Vi ser alltid framover.

Kva blir viktig framover?

– DNT skal fortsetje å vere ein formidlar av det enkle friluftslivet med enkel tilrettelegging. Fundamentet i eit enkelt friluftsliv baserer seg på at all aktivitet skal skje med din eigen kropp som motor og aktiviteten sitt fotavtrykk skal være bærekraftig.

 – Vi har jo av og til lurt på om folk vil ha meir komfort, men når vi gjer undersøkingar svarar folk at dei vil ha det enkelt.

Er det vanskeleg å halde på det enkle?

– Nei, det enkle friluftslivet står sterkt i Norge. Både blant fagfolk, politikarane og i heile folket. Men det enkle friluftslivet blir kvar dag utfordra. Vi må passe på at vi ikkje slepp opp litt og litt, slik at grunntanken til slutt har smuldra opp.

Anne-Mari fortel at den største trugsla mot denne forma for friluftsliv er nedbygging av areal, motorisert aktivitet og kompetanse som forsvinner. 

– Dersom vi tenker på alt som potensielt er på veg inn i norsk natur i form av snøscootersafari, gondolar på alle topper, catskiing og helisking – kan eit og eit tiltak kanskje være fornuftig heilt isolert, men det samla resultatet er ikkje positivt for friluftslivet og folks moglegheit til ro og naturopplevingar i naturen. Eit anna viktig aspekt er dette med kunnskapen. Viss folk sine turkunnskapar og evne til å ta ansvar for eigen tryggleik på turane blir redusert, vil dette også endre friluftslivstradisjonane våre sterkt.

 

FRILUFTSLIVSTUDIAR. Anne-Mari vaks opp mellom spisse tindar i Ørsta, i ein familie kor katalogen frå Skandinavisk Høgfjellsutstyr var helgeunderhaldning. Inspirert av friluftsveteranen Ola Einang, som titt og ofte dukka opp i lokalavisa, bestemte ho seg tidleg for å bli tindevegleiar. Ho plukka opp telefonen og ringte til Norges Høgfjellsskule. I andre enden svarte Helga Faarlund.

– Ho gjorde vel eigentleg sitt beste for at eg ikkje skulle starte der. Ho skjønte at eg ikkje var tilstrekkeleg moden til det. Og det var kanskje lurt å vente litt. Nils Faarlund har ei klok kone.

I staden blei det friluftsstudiar i Volda og Bø, før ho på ny søkte seg til Høgfjellsskulen på Hemsedal.

Her tok ho eit år med skredlære, brevandring og kystfriluftsliv i fokus. Vidare gjekk turen til Lofoten og eit turistprosjekt kor ho og ei venninne segla Nordlandsbåtar med turistar på Vestfjorden.

100 år gamle båtar som etter kvart trong vedlikehald og reparasjon.

– Vi kasta krone og mynt om kven av oss som måtte lære seg å reparere desse gamle båtane. Det blei eg som måtte ta inn på Fosen folkehøgskule for eit års båtbyggarstudie. 

Dette var i ei tid kor bærekraft stod sentralt i friluftslivet.

– Friluftslivet i Norge på 80-90-tallet var sterkt prega av bærekraftstanken. Vi sydde våre eigne turklede, ryggsekkar og bygde både kajakk, ski og båt. Dette aspektet ved friluftslivet forsvann utover på 90- og 2000-talet. Men dette fokuset er no heldigvis på veg tilbake til friluftslivet. Sjå berre på DNT Ung og POW (Protect Our Winters) sine miljøvettreglar. Det er mange gode signal for tida!

RO: Seilas i tradisjonell robåt. Mor og datter på tur. Foto: Terje Planke
RO: Seilas i tradisjonell robåt. Mor og datter på tur. Foto: Terje Planke

Syr du framleis dine eigne turklede?

– Mm, nei, men kanskje eg må starte opp igjen med det, smiler Planke.

Erfaringane frå høgskulane gjorde at Anne-Mari fekk lyst til å jobbe med små grupper over lengre tid.

Ho hadde tre år som lærar på Valdres folkehøgskule kor ho bygde opp ei eiga fjell-linje.

At ho så hamna på Youngstorget i Oslo i 2000 klandrar ho kjærleiken for. Sidan har ho jobba i DNT og har ikkje sett nokon grunn til å drive med noko anna. 

– I DNT arbeider vi breitt med friluftsliv, og det å få arbeide på nasjonalt nivå med friluftsliv i brei forstand er svært givande. 

Frå kontoret i hovudstaden på kan ho som mange vestlendingar likevel kjenne på det ho kallar fjellengt.

– Men den ga seg nok litt då vi kjøpte eit eldgamalt hus i Ørsta. Vi leiger det ut billeg til ein student mot av vi kan kome innom ein gong i blant.

STIAR UNDER PRESS. Å lengte til fjella er ikkje Anne-Mari åleine om. Stadig fleire turistar får augene opp for naturopplevingar i Noreg.

DNT har vore med på å skape ein sterk friluftstradisjon, kor respekt for naturen og fjellvett er viktige bærebjelkar. Men ikkje alle har denne med i sekken til fjells, og dårleg kledde selfieturistar på Trolltunga har blitt sjølve symbolet på ei ny utfordring.

VETTISMORKI: Overnatting under åpen himmel i Morkaskaret. Foto: Terje Planke
VETTISMORKI: Overnatting under åpen himmel i Morkaskaret. Foto: Terje Planke

Korleis tek vi vare på både turistar og natur? 

– Det er ikkje eit heilt enkelt svar på dette. Det er freistande å svare at vi må også lære turistane den gode turkulturen vi har i Norge. Om allemannsretten og det sjølvberga friluftslivet, der ei n tek vare på seg sjølv og kvarandre. Dei som gjestar landet vårt kunne fått gode opplevingar gjennom å lære fjellskikken vår, og ikkje forvente at vi kan skysse dei rundt i ein stadig raskare karusell av insta-moments.

Mykje av debatten kretsar rundt tilrettelegging, og graden av tilrettelegging.

Regjeringa har gått inn for tilskotsordninga Nasjonale Turiststiar, kor utvalde stiar kan få pengar frå ordninga til å bevare natur og bygge nødvendig infrastruktur. DNT er med på dette arbeidet.

– Vi støttar opp om den nye satsinga til staten der vi ønsker å etablere nokre få robuste stiar som skal tole høgt besøk. I tillegg er det viktig at vi viser fram alle dei gode moglegheitene som finst der ute, slik at vi på denne måten kan spreie trafikken. Det er litt slik Ole Brumm-taktikk.

DUGNAD OG PROFESJONALISERING. 1 million T-varder, 22 000 kilometer merka stiar og 550 hytter.

Kvart år blir enorme mengder dugnadstimar lagt ned i arbeidet med å halde dette ved like, samt med å arrangere fellesturar over det ganske land.

Og i ei verd kor det kanskje kan kjennast som om folk flest blir meir og meir opptekne av seg og sitt, tyder engasjementet i DNT på noko anna.

– Dugnadsanda er framleis sterk, og folk står i kø for bidra. DNT sitt arbeid er på alle måter bygd opp rundt frivillig arbeid. Utan den, stoppar vi opp.

– Eg tenkjer ofte på det når vi sit i eit møte om kompetansearbeidet i DNT, eller på kurs innan turleiing. Når eg ser rundt meg, sit det mange som har vært på sin vanlege jobb først – og så kjem dei til eit nytt firetimars møte eller kurs for å bidra vidare no på frivillig basis. Det er fantastisk at så mange lev liva sine på denne måten. Imponerande og rørande. På den andre sida ønsker eg også å understreke at dugnaden ikkje klarar seg heilt åleine. Det er når dugnadsarbeidet blir sett i gode rammer og system, at den kan blomstre. Dette er det viktigaste vi som er tilsette i DNT kan gjere.

GJENGEN. Familien Planke på Børgefjell, sommeren 2009. En ukes telt- og fisketur. Foto: Petter Planke.
GJENGEN. Familien Planke på Børgefjell, sommeren 2009. En ukes telt- og fisketur. Foto: Petter Planke.

Samtidig veks det fram eit større miljø av kommersielle aktørar og profesjonelle guidar, som ikkje alltid set pris på at DNT tilbyr like tenester til ein lågare pris.

– Det skjer mykje på dette området for tida. Det naturbaserte reiselivet er i framvekst, og i nokre tilfelle har vi ulike perspektiv på saken, men vi har ein god dialog og gjennom dette blir vi også betre kjende med kvarandre. DNT har husa sekretariatet i Norsk Fjellsportforum sidan det vart oppretta. Eg har sjølv hatt ansvaret for det arbeidet i over 10 år. Norsk Fjellsportforum er møtestaden mellom dei profesjonelle og frivillige aktørane i fjellsportfeltet, og dette er ei viktig plattform å bygge vidare på, seier Planke. 

Ho meiner det er plass til alle, at dei kan utfylle kvarandre, men også samarbeide.

– Reiselivet og friluftslivet samarbeider no om å utvikle bransjestandarder på turleiing og guiding i norsk natur. Det arbeidet vil bli viktig framover. Eg gler meg til å bidra, og eg har sterk tru på at samarbeid er den viktige vegen. Finst det nokon annan farbar veg?

Men er det mogleg å halde på dugnadsarbeidet i eit samfunn kor det stadig stillast høgare krav til profesjonalitet?

– Sjølv om vi er tufta på frivillige har vi like strenge krav til kvalitet og tryggleik, men det er viktig arbeid å få regelverk som ivaretek den frivilllige innsatsen. Vi prøver å vere ei vaktbikkje mot ei stadig sterkare grad av profesjonalisering. Frivillige med lang erfaring og høg kompetanse gjer eit svært godt arbeid. Når vi går på tur saman, inngår vi i eit risikofellesskap. Du kan gjerne kalle oss amatørar. Det er eit ord som heng saman med amore – kjærleik. 

– Finst DNT om 150 år?

– Ja, eg kan ikkje tru noko anna. DNT sin visjon er naturoppleving for livet, og eg håper DNT vil inspirere folk til å komme seg ut i minst 150 nye år.

LITLETINDEN, ØRSTA: Storfamilen Bjørdal fra Ørsta på tur. Det ser ofte litt morsomt ut, for vi er MANGE. Jeg har vokst opp med seks andre søsken og alle våre barn elsker å være ute på tur.
LITLETINDEN, ØRSTA: Storfamilen Bjørdal fra Ørsta på tur. Det ser ofte litt morsomt ut, for vi er MANGE. Jeg har vokst opp med seks andre søsken og alle våre barn elsker å være ute på tur.

UTE-PORTRETTET

Namn: Anne-Mari Planke
Alder: 50 år
Bur: Vollen i Asker
Sivilstand; Gift, to barn
Bakgrunn: Idrettsfag Volda,
Friluftsslivslinja i Bø og ved Norges
Høgfjellskole, Båtbyggerlinja ved
Fosen Folkehøgskule, Folkekulturstudiet ved Raulandsakademiet og Kunsthistorie ved Universitet i Oslo

Publisert 20. mars 2018 kl 12.27
Sist oppdatert 20. mars 2018 kl 12.27
annonse
Relaterte artikler
annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue