– Mate de Coca! Mate de Coca! Nokon bankar lett på teltduken, og ei hand strekker seg inn teltpningen med eit krus rykande varm te. Klokka er 04.45 om morgonen, og vi ligg i soveposane våre 3912 meter over havet i dei peruanske andesfjella. Kokken er satt på jobben med å få oss opp før sola for å starte på den andre etappen på ein femdagars tur mot Machu Picchu.

Vi går Salkantay-ruta, den mindre kjende veslebroren til Inca Trail. Denne turen tek deg høgre opp i Andesfjella, kostar omlag halvparten av prisen, og gir deg litt færre naboar på stien. Muldyr ber oppakkinga vår dei 60 kilometerane vi skal gå, ein lokal kokk ordnar peruanske spesialitetar for svoltne kroppar, og guiden vår Rolando fortel om planter og legender på vegen medan kinna bular ut av cocablada han tygg på. Målet er Machu Picchu, byen som var det heilage sentrum i dei store Inka-riket 1400-talet.