Å gå mellom vestlandske fjell på Austlandet. Vi er på ski ved starten av Skarvheimen, rettare sagt mellom fjella Blåbergo, Lauvdalsbrea og Reineskarvet. Dei tre fjella ligg på rekke og rad mellom Ål og Hemsedal. Dei er lettast å nå frå fjellbygdene Leveld eller Vats. Herifrå kan ein kome seg inn til foten av fjella på mindre enn ein time frå parkeringsplassen.

Eg og pappa spenner skia og går i sakte turtempo opp under Blåbergostølane. Bak oss lyser Hallingskarvet, me ser Gaustatoppen i det fjerne og glir lydlaust inn mot Reinsbotnan, ein liten sidedal ved enden av fjellet.