– Eg har høyrt det har vore finvêr i Noreg heile sommaren. Typisk at første dagen med snø skulle bli i dag, seier vinnar Jonathan Wyatt frå New Zealand.

– Men eg likar slike forhold, slår han fast. Wyatt har vore verdsmeister i fjelløp seks gongar. Dette var fjerde gong han vann Skåla Opp sidan starten på løpet i 2002. Store pengepremiar lokkar gode utlendingar. Wyatt kunne ta med seg 30.000 kroner for sigeren laurdag. Det same kunne spanske Laura Orgue som vann kvinneklassen.

STERK DAME: May Britt Buer frå Gular vart nummer to i kvinneklassen bak spanske Laura Orgue. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Personlege sigrar

Bak verdstoppane vann mange andre personlege sigrar. Ein etter ein steig folk som hadde kome seg opp dei 1843 høgdemetrane, opp framfor Skålatårnet og let seg avbilde. Gjerne jublande, med hendene i veret.

Folk gjekk mann av huse. Dei fleste godt kledde, men nokre var så godt vande med sommarvêret at dei hadde reint gløymt at det kan vere bitande kaldt i høgfjellet også i august.

På første matstasjon møtte vi Johnny Vonheim frå Loen. Han var ein av 200 frivillige, og skjenka vatn og sportsdrikk til forbipasserande. Antrekket såg kaldt ut: Shorts.

– Det går heilt fint. Når ein har lite kle, blir ein ikkje våte, slår han fast.

KALDT PÅ TOPPEN: Fredrik og Magnus Amlien saman med kompisen Robert Svendsen. Dei hadde ikkje med anna enn t-skjorte, og vart overraska av snø på toppen. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Under ullteppe

Inne i Skålatårnet møter vi tre karar frå Ski som sit under eit ullteppe. Dei har bomma på utstyret.

– Vi gjekk i t-skjorte. Hadde aldri tenkt det skulle bli så kaldt. Ei lukke at vi fann dette ullteppet her i tårnet, seier kompisane Fredrik og Magnus Amlien og Robert Svendsen.

– Vi har køyrt seks og ein halv time for å kome hit, det er første gong vi er på Skåla, seier karane. På t-skjortene har dei fått trykt «solskinnsmureren», ein bodskap som får fram det optimistiske i gjengen. Men i dag burde realismen vunne fram.

Utanfor tårnet myldrar det. Her er mykje folk frå Bergen – tårnet blir drifta av Bergen og Hordaland Turlag. Folk kjem også frå Sunnmøre, sjølvsagt frå nærområdet i Nordfjord, og vi høyre også mange med austlandsdialekt.

Barndomshelten

Vi skal ta eit bilde av stryningen Trond Leirgulen framfor tårnet. Den tidlegare midtstopparbautaen og lagkapteinen på Stryn sitt A-lag i fotball, har vunne eit veddemål med ein kompis om kven som kom først opp. Han er i godt humør. Plutseleg kjem den gamle skihelten Per Knut Aaland forbi, og Leirgulen blir ein smule «star struck».

– Dette er barndomshelten, no må du ta bilde!

STJERNEMØTE: Den lokale fotballstjerna Trond Leirgulen frå Stryn vart «star struck» då han traff barndomshelten Per Knut Aaland (sølv i stafett og 6. plass på femmila i OL i Innsbruck i 1976) på toppen av Skåla. Foto: Jørn-Arne Tomasgard