Randolandslaget 2017/2018

Stine Haustreis, Sondre Svensli, Glenn Tore Løland, Lars Erik Skjervheim og meg, Malene Blikken Haukøy. Det splitter nye og freshe landslaget i randoneè er spikra.

Sist oppdatert: 6. september 2017 kl 22.09
Me har enda ikkje surra oss til å ta eit flott lagbilde, men som den linselusa han er trivs Lars Erik i front.
Me har enda ikkje surra oss til å ta eit flott lagbilde, men som den linselusa han er trivs Lars Erik i front.

UTE-BLOGGEN

11-24-52_lightboxorg

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og tilhører landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Eg har ikkje heilt rukket å begynne og omstille meg til vinteren, men sesongens landslag er på plass og det med to nye og motiverte fjes. I fjor var vi fire utøvarar, eg Glenn Tore Løland, Lars Erik Skjervheim og Sindre Hoff. Denna vinteren forsvinn Sindre ut etter mykje plagar og skadar, og inn kjem to nye utøvarar, Stine og Sondre. 

Alle gler me oss stort til det som skjal skje når snøen kjem. På sommarstid driv eg stort sett for meg sjølv, deltek på det meste av eiga lomme og interesse, og fartar einsamt rundt eller med familien som støtte. På vinteren derimot reiser me som eit lag, trenar delvis som eit lag og held saman som eit lag. Eg må sei at etter ein mislukka vinter i fjor grunna skade ser eg fram til å reise rundt med likesinna sjeler og jobbe fram mot eit felles mål saman med ein fantastisk artig og sær gjeng. 

LES OGSÅ: Sommarens sprang så langt

G1684420
G1684420

Dei norske konkurransane er enda ikkje heilt spikra, men dei internasjonale konkurransane me kan delta på denne vinteren er som følge:

15.-16. Desember World Cup Kina (Individuell og spring)
20.-21. Januar World Cup Sveits (Spring og individuell)
27.-28. Januar World Cup Andorra (Individuell og vertikal)
3.-4. Mars Altitoy ternua (2 dagers lagkonkurranse i Pyreneene, 2 per lag)
8.-9. Mars World Cup Frankrike (Individuell og vertikal)
14.-17. Mars Pierra Menta Frankrike (4 dagers lagkonkurranse, 2 per lag) 
23.-25. Mars Tour de Rutor Frankrike (3 dager lagkonkurranse, 2 per lag)
22.-27. Mars EM Italia (Individuell, Vertikal, Sprint, lagkonkurranse
7.-8. April World Cup Italia (spring og individuell)
14. April NM Skittentind Rando Tromsø
16.-22. April Patrouille des glacier (lagkonkurranse frå Zermatt til Verbier, 3 per lag)

Eg har ikkje planar om å delta på alt, men kjem til å plukke meg ut dei konkurransane kor eg meinar eg kan gjere det best. Dei som er lagra som favorittar så langt er utheva i svart. Den ferdige planen vert lagt over Skype saman med resten av laget. Enkle forhold med andre ord. 

12993367_10154081780983559_367982008989755403_n
12993367_10154081780983559_367982008989755403_n

Randoenern på Oppdal. Foto: Martin I. Dalen

Reint organisatorisk er mykje likt frå i fjor til tross for at me er eit nytt lag. Leiinga over oss er noke utvida, noko som betyr mindre kjipt planlegging- og organisatorisk arbeid på oss. Hovudsponsorane er dei same, 7blåner (Dynafit) og Intersport og det faktum at me står på eigne bein i forhold til trening og planlegging er akkurat som før. Me må klare oss utan noko vidare kompetanse enn den me sit på sjølv.

G0911618_1504292752378_high
G0911618_1504292752378_high

Vossatrollet
Om det er noko forandring ved Lars Erik er eg usikker på, ant enn at han berre vert betre og betre. Den mannen tek store klyv kvart år, og ambisjonane er store. Til tross for at han er relativt ny innanfor uthaldsidrett har han etablert seg som ein ringrev i «gamet» og fekk verkeleg sett Noreg på randokartet i fjor. Lars Erik er distre som få, men når det kjem til trening har han orden på sysakene. Meir dedikert mann skal du leite lenge etter. Vossingen er snill som eit lam og ein gledesspreiar i laget, utulig behagelig å reise på tur med. Ved sidan av denne sindige sida er han på evig jakt etter fart og spenning. Som tidlegare fallskjermhoppar går det aldri fort nok for han, og i randosporten er han blandt dei raskaste i unnabakkane samstundes som han får det til å sjå irriterande lett ut.

Det siste året har Skjervheimen gått til innkjøp av storflott Tesla, så me får håpe han har komt seg smertefritt til og frå trening og ikkje lidd av for mykje rekkeviddeangst. Det har nok gått vekk mykje tid på å pusse og stelle på det nye leiketøyet, men eg overbevisst om at det har vorte litt tid til trening og. Det vert med andre ord innmari spennande å følge Lars Erik inn i ein ny sesong med ski på beina. 

20170903_102222
20170903_102222

Saudas store son
Glenn Tore kom inn i laget i fjor og har sidan vorte ei viktig brikke. Det er givande og trene saman med utøvarar som ynskjer det same som ein, og Glenn Tore er nettopp ein slik ein. Ein tvers igjennom snill kar som det er utulig kjekt å trene og vere saman med. Ved sidan av full jobb prioriterar han knallhardt og får gjort unna mykje god trening. Det er tidleg sengetid og grytidlig opp, lange arbeidsdagar utover sommar og haust for å kunne reise og konkurrere gjennom vinteren. Etter mange år som orienteringsløpar fekk me endeleg Glenn Tore over på randolaget, og han tek denne oppgåva svært seriøst. Glenn Tore er av det ordentlige typen, i motsetjing til Lars Erik kjem han tidleg til start, held styr på nøklar og utstyr og planlegg i god tid. Glenn Tore er relativt ny i sporten, og har teke store steg, og eg trur potensialet er stort. 

IMG_20170901_063817_2
IMG_20170901_063817_2

Nordlendingen
Endeleg fekk me ei jente til på laget, Stine. For all del, det er kjekt å reise på tur med «gutta-boys», men ekstra kjekt å vere to jenter. Det er kjekt å kunne trene saman med nokon på same nivå mellom konkurransehelgene, sleppe å henge som eit slips på gutta når eg hels burde roe ned. Til tross for at det er ubeskrivelig vakkert i fjella kring Stine i Tromsø,  har Stine brukt mykje helger på å farte sørover for å delta på konkurransar. Eg let meg imponere av iveren hennar, og er overbevist om at skal ein lukkast må det knallharde prioriteringar slik som dette til. Stine er også ei allertiders jente, som smilar til ei hardøkt og er innstilt på å jobbe for resultata. Som nordlendingar flest er ho tøff i kjeften, akkurat slik me likar det. Eg gler meg til å dele rom med ho gjennom denna vinteren (dersom ho orkar snorkinga mi).

unnamed (4)
unnamed (4)

Ungfolen
Ein må vere så ærleg å sei at det er nokre år sidan me har hatt ein ung og lovane junior. I år kan me stolte presantere Sondre som vårt «upcoming» talent. Sondre har allereie mange år med god trening frå sykklesetet, og det vert spennande å sjå kva han er god for på ski. Motoren er i alle fall på plass og Sondre ser heller ikkje ut til å vere fartsredd. Kluet vert å komme inn i rutinar og skaffe seg erfaring frå konkurranse. Eg trur i alle fall at potensialet er veldig stort for vetleguten. Så langt har me nokre få reisedøgn ilag, men det skal verte kjekt å bli betre kjend med han. Humør og positivitet har han i alle fall. Sondre har vore gjennom oppturar og nedturar så langt i livet, og det er lite tvil om at han har det som trengs mellom øyra for å nå svært langt. Det gjeld å ta dei luraste vala undervegs.  

jik
jik

Meg sjølv vel eg å ikkje sei så mykje om. Formen får komme som ein overraskelse, men ein ting er sikkert, motivasjonen og lysta er på plass!! 

LES OGSÅ: Se oversikt over alle våre testvinnere

Publisert 6. september 2017 kl 22.09
Sist oppdatert 6. september 2017 kl 22.09

Relaterte artikler

Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen