MALENE BLIKKEN HAUKØY
Malene (23) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009). Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.
Det kan nok verke rart å halde fram med eit så lite landslag, men målet med endringane er å gi oss to eit betre alternativ. Økonomien er ein begrensande faktor for mykje av vår satsing. Gjennom å kutte ned på utøvarantalet er målet å satse enda meir på få utøvarar for å løfte oss, ikkje berre små steg oppover slik vi har gjort dei siste åra, men store, betydelege steg. Vi er supermotiverte, både eg og Skjervheimen, og har stor tru på det nye opplegget. Det blir lengre opphald i høgda og forhåpentlegvis mindre farting mellom Haukåsen flyplass og Geneva Aerport.
LES OGSÅ: En ny start for Tronvoll
Første minisamling er overstått. Sognefjellet og Hurrungane leverte sommartemperaturar og vårsnø i midten av juni, noko som gav utgangspunkt for nokre gode økter saman. Ryktene går om den lengste og mest snørike vinteren i Jotunheimen på over 50 år.
Ein kan godt stille seg spørsmål om kor vidt eg og Lars Erik har noko utbytte av å trene saman. Vi har vore mykje på reise saman, og ein del økter har det blitt. Vi er gode til å tilpasse og legge til rette, da spesielt Lars Erik som gjerne spring fram og tilbake på langturane, eller startar lenger nede i bakken på intervallane. Sjølv om nivåskilnaden er stor finn vi motivasjon i å trene saman, samt at eg til dømes sett meg mål at han ikkje skal ta meg igjen før draget er over eller liknande. Han har nok tilsvarande tankar. Det er sjølvsagt godt å trene med somme på sitt eige nivå også!
Det er seint juni, sommaren skulle vert her for lengst, men det er framleis gode skiforhold i fjellet. Planen var lange turar på beina, høgt til fjells. Det er berre å tenke alternativt dersom det skal bli noko løping denne sommaren. Og det må det, Horningdal rundt nærmar seg irriterande fort, og deretter kjem Tromsø Skyrace. Eg kjenner meg i grunn forsynt med ski, og treng litt avveksling. Sommaren nyttar eg med joggesko på beina der eg har fått auga opp for fjelløping, ein sommarsleg versjon av skilapinisme. Det er opp og ned, gjerne over fleire fjell og langt.
LES OGSÅ: Løpeinspirasjon