Høgruta, ein lang dag

Det var eit sterkt augeblikk da eg saman med Lars Erik Skjervheim og Martin Andersen omsider fekk auge på Krossbu etter 18 timar og 29 minutt.

Sist oppdatert: 22. mai 2015 kl 09.58
Det var ein ubeskrivelig følelse å setje/legge seg ned på toppen av Storebjørn 2222 moh.
Det var ein ubeskrivelig følelse å setje/legge seg ned på toppen av Storebjørn 2222 moh.

MALENE BLIKKEN HAUKØY

Skjermbilde 2015-01-12 kl. 21.05.00

Malene (23) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009). Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Eg var innstilt på at det skulle bli ein lang tur, men at det skulle bli så lang hadde eg ikkje sett for meg. Klokkene våre stoppa på 7500 høgdemeter og 94 kilometer. Offisielt var me dei første som hadde gjennomført Høgeruta på under 24 timar.

Kring kl. 19.00 den 13. mai møttes vi spente og gira på Bessheim, klare til kamp. Turen kom på ein måte brått på, og det hadde vert mykje telefonar og organisering i forkant. Det heile starta som ein lys idé etter sesongen i fjor. Truleg var det eg som la fram forslaget. Vidare utvikla det seg til å bli ein realitet dette året. I byrjinga av mai var me einige, dersom været slo til skulle me gjere det. I utgangspunktet var det eg og Lars Erik som skulle gå, men ein ivrige Andersen var ikkje vond å be da vi hadde ynskje om ein tredjemann som var kjent i området.

Saman med oss på Bessheim møtte Jo Mork, Mikkel Frodahl, frå Mono Media Morten Nordli, Magnus Kolstad frå Swix og to frå TV 2. Turen skulle filmast, samt gjennomførast på ein sikker måte, så støtteapparatet var viktig å ha på plass. Det som byrja som eit lite prosjekt utvikla seg til å bli noko større. Eg kjente på presset før start, men det var også motiverande å sjå kor mange som engasjerte seg via Facebook-arrangementet vårt. 

Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.38.11
Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.38.11

Mange gode og dårlige gjettingar på tida me ville bruke. Lars Osland Øygard vant konkurransen med 1 minutts margin. Foto: Magnus Kolstad

Etter ei kort natt og ein betre frukost på Bessheim var me «fit for fight» kl. 04.00. Litt trøtt i trynet, og med skidressen stappa med mat og feller sette vi kursen mot Besshøe. Målet var at me skulle klare oss på eigen hand, det betydde inga langing, det me ikkje fekk plass til i sekken la me på innerlomma. Me var eit flott syn. Me minte kvarandre stadig på at det var ein lang tur, ingen grunn til å stresse. Fylle på med mat og drikke ved kvar ein anledning. Det var ikkje rom for matpause. Det meste kan gjerast i fart, spør du Lars Erik. Sjølv skøytande pissepause vart utprøvd utan hell. 

«Det meste kan gjerast i fart, spør du Lars Erik. Sjølv skøytande pissepause vart utprøvd utan hell.» 

Eg er vand med å vere ein del av gutta, og eg trives godt i deira enkle selskap. Likevel var det fysiske skilnadar mellom oss som gjorde turen tyngre for meg. Både Martin og Lars Erik er av den meget spreke sorten. Før start var det ueinigheit kring tida vi trudde me ville bruke. Optimisten Skjervheim hadde ambisjonar om 15 timar, medan eg, som den realisten eg er sa meg godt nøgd med alt under 20 timar. Me hadde inga aning om kor lang tid det ville ta, me hadde tross alt ingen tidlegare tid å samanlikne oss med. 

Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.45.25
Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.45.25

Me var på inga måte moteriktige og elegante til fjells, derimot funksjonelt kledd. Godt me hadde fjellet for oss sjølv, og lite publikum. Foto: Lars Erik Skjervheim

Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.35.48
Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.35.48

Soloppgangen på Besshøe. Lite viste me om eventyret som venta oss. Foto: Lars Erik Skjervheim

Eg er sjølv svært stolt over prestasjonen min, men hadde det ikkje vert for Martin og spesielt Lars Erik hadde eg truleg vore på Leirvassbu enda. Frå fyrste stund kjente eg på ei kvalme som fulgte meg heile turen. Dette medførte redusert matlyst. På veg ned frå Glittertind, ca. halveges var eg rimelig tom, og såg mørk på fortsettelsen. Takka vere motiverande tilbakemeldingar, og stram strikk bak Lars Erik kom eg meg til mål. Sjølv med stram strikk, og brøyting i front var Lars Erik irriterande sprek. Eg fekk stadig kommentarar om å roe ned å la strikken gjere jobben, han var i storform, og sette pris på litt ekstra utfordring, nett som om distansen og turen i seg sjølv ikkje var nok. Det gjekk i periodar så fort i front at Martin også hadde ynskje om litt roligare tempo. Svaret frå Lars Erik bar preg av optimisme og energi: «Du kan jo berre henge deg på i strikken du og, eg føle meg superpigg». Eg og Martin såg skremt på kvarandre, sjuke menneske!

«Eg er sjølv svært stolt over prestasjonen min, men hadde det ikkje vert for Martin og spesielt Lars Erik hadde eg truleg vore på Leirvassbu enda.»

Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.46.04
Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.46.04

Eg hadde problem med å få i meg rikelig med mat, resultatet vart ein sliten kropp på Glittertind. Foto: Lars Erik Skjervheim

Til tross for mykje hat og smerte mot slutten sit eg igjen med ein svært god følelse frå turen. Det var eit skritt av gongen det siste stykket mellom Spiterstulen og Leirvassbu. I periodar var eg svært trøtt, og hadde store problem med å halde auga opne. Eg har aldri vore så sliten i heile mitt liv, og på veg opp på Tverråtindan var eg overbevist om at Leirvassbu var min endestasjon. Lars Erik og Martin hadde andre tankar, om dei så skulle dytte og dra meg det siste stykket opp på Storebjørn så skulle eg opp! Det var inga veg utanom, eg måtte til topps. Humøret var langt frå på topp over breane og ned til Leirvassbu. Det hjalp heller lite med Martins sprudlande vesen og utdaterte sangstrofer, samt den overivrige vossingen som aldri gjekk tom for krefter. Det einaste som hindra meg i å kjefte var kreftene, det kosta for mykje å snakke.

Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.34.49
Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.34.49

Ein pust i bakken på Spiterstulen før den endelause motbakken opp til Galdhøpiggen. Foto: Lars Erik Skjervheim

Ved Leirvassbu steig motivasjonen, og ny giv kom strømmande. Var det psyken og hovudet som hadde spelt meg eit puss dei siste 5-10 timane? Var eg ikkje sliten likevel? Eg la merke til naturen kring meg, og følte meg heldig til ein forandring. For ein muligheit, for ein dag. Det er tross alt godt å ta turen i kjellaren ein gang i blant. 

«Ved Leirvassbu steig motivasjonen, og ny giv kom strømmande. Var det psyken og hovudet som hadde spelt meg eit puss dei siste 5-10 timane? Var eg ikkje sliten likevel?»

Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.52.50
Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.52.50

Me jobba iherdig med å oppdatere Instagram undervegs slik at folk kunne følgje oss. Dekning var dessverre eller gledeleg ein mangelvare i fjellet. 

Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.37.59
Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.37.59

Slagen gjeng på Galdhøpiggen. Svellnosbrean, Tverråbrean og Søre Ilåbrean var alle lenger enn forventa. Foto: Mikkel Frodahl

Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.36.01
Skjermbilde 2015-05-22 kl. 09.36.01

Surtningssue tidleg fredag morgon. 

LES OGSÅ: Slik opplevde de rekordforsøket

LES OGSÅ: Ut av baggen, inn i skapet

Publisert 22. mai 2015 kl 09.58
Sist oppdatert 22. mai 2015 kl 09.58
annonse
Relaterte artikler
Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

annonse
UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen