Forblåst meisterskap på Sicilia

Var det snø og finne på Sicilia? er Etna Italias svar på Chamonix? Og lurer mafiaen i kvar ein krok? Me fekk sjekka ut den berykta øya under årets EM i randonmèe..

Sist oppdatert: 3. mars 2018 kl 10.40

Det var lite som minna om vinter då me landa i Catania nordaust på Sicilia. Under innflyginga var det strender så langt auge kunne sjå og piloten kunne freiste med 14 varmegrader. Bikinien var pakka og klar, det same vart skia. Eg var med andre ord førebudd på kontrastar.

GPTempDownload
GPTempDownload

Gjengen samla ved foten av Etna på 2000 moh. Foto: Mikkel Frodhl

Tross åtvaringar mot å køyre bil på Sicilia hadde me fiksa oss leigebil, og start opp med godt mot på veg mot Nicolisi, EMs arrangørby ved foten av Etna. Me fekk raskt erfare at trafikkreglaneer diffuse, eit køyrefelt kan gjerne kunne nyttast som to og at det å vere frekk og freidig i trafikken er heilt naudsynt dersom ein vil komme seg fram. Vegsystema bar preg av lite planlegging, og med GPS-en som rettleiar køyrde me på kryss og tvers utan logikk. Eg sit igjen med ein følelse av at dersom ein meistrar bilkøyring på Sicila kan ein klare det meste!

Etna ruva over oss i stor kontrast til Middelhavet. Eit på avstand majestetisk fjell dekka av eit lett lag snø. Dessverre for oss er Februar ein ustabil månad på Sicilia. Mykje vær kjem inn frå havet og treff det 3329meter høge fjellet. Det er årsaka til at det er snø så langt Sør, og at dei har 2 skitrekk på Etna, eit på Sør sida og eit på Nord sida. 1 månad før meisterskapet var det usikkert om me skulle ta med ski eller rulleski til Etna, men heldigvis dala det ned nokre veker før start.

IMG_3819
IMG_3819

Sprint var min store sjanse, dessverre vart kvarfinale, semifinale og finale for senior blåst vekk.  Foto: Pål Ellefsen

Snøen/regnet slutta dessverre ikkje å dale heilt, og ekstremvær i fjellet var i stor grad med på å prege EM. Sprint var fyrste øving på programmet. Denne dagen såg alt ut til å gå på skinner. Sola skein, det var fryktelig varmt og løypa var kort, akkurat slik me likar det. Prologen gjekk smurt, men som lyn frå klar himmel kom vinden susande inn over fjellet, og målsegl, løypemerking og alt som ikkje var bunde fast forsvant. Me stod og trippa å venta på informasjon, og vart etter utsettelse på utsettelse informert om at konkurransen var avbrutt. Ergo vart resultatet basert på prologen, og eg enda på 10.plass. Litt skuffa må det vere lov å vere. Sprint var min største sjanse, og eg følte eg kunne gjere det betre enn under prologen. Men været styrer så mangt i fjellet, og om eg skal vere ærleg var det ei grei vurdering å ta.

image1 (16)
image1 (16)

På veg til start på vertikalen. Glenn Tore var vår desidert tøffaste mann! Foto: Kristina Letnes

Under dag 2 av meisterskapet var værmeldingane håplause. Regn opp på 2100 moh, mykje vind og ingen værvindauge. Arrangørane var likevel fast bestemte på å prøve. Det regna som me vestlandingar nesten aldri har sett det før, i vegen rant det store elver og nokre kilometer før start vart me beordra på med kjettingar grunna slaps. Me hata livet der me sto og hutra å fraus, rettare sagt Glenn Tore hutra og fraus, kjettingane gjekk sjølvsagt ikkje lett på og det heile såg bekmørkt ut. Vel opp på start lyna det kring oss, og sjølv vår tyngste mann, Glenn Tore, hadde problem med å halde seg på beina. Det var ein rein glede å få beskjed om at vertikalen var utsatt inn til vidare. Det er klart at det er kjedelig når ting ikkje går etter planen. Ein har mentalt og fysisk lada opp, men akkurat den dagen var det heilt fint å snu bilen ved start å køyre heim til ei varm dyne og litt kaffi.

IMG_3818
IMG_3818

Stine enda på 31.plass på Individuellen i EM, og under vertikalen enda ho på 22.plass. Ho var duskedame under sprinten. Foto: Pål Ellefsen

Den dagen prioriterte me å kose oss medan regnet bøtta ned. Dei tre store innan mat og drikke i Italia – kaffi, is og pizza – er å finne på kvart eit hjørne i kvar ein knøttliten by. Kvaliteten er alltid av ypperste klasse. Det vart mykje sterk kaffi og søt is den dagen.

IMG_3820
IMG_3820

Sondre enda på 17.plass i sprint, 10.plass på individuellen og 15.plass under verikalen som junior. Foto: Pål Ellefsen

Været skiftar fort på Sicilia. Dagen derpå sto med klare som egg på start på 2100 moh og skulle legge ut på den índividuelle konkurransen. Litt vind var det, men ellers strålande sol. Ettersom Etna er eit «kjedeleg» fjell i den forstand at det er enkelt å forsere, vart også løypa me gjekk enkel. Me var meint å gå 1300 høgdemeter, men etter 1000 hm reiv me av fellene for siste gang og sklei mot mål. Ikkje eit einaste lappekast og isete hard snø nedover. Eg er ikkje superhappy med prestasjonen min den dagen, og enda på 22.plass.

IMG_3821
IMG_3821

Glenn Tore tok seg akkurat ikkje vidar til kvartfinalen i sprint, og enda på 31.plass, under individuellen kom han på 39.plass. Foto: Pål Ellefsen

Siste dag av meisterskapet kryssa eg fingrane for at me skulle få fullføre sprinten, men arrangørane ville det annsleis, og rigga opp til vertikal. Det snøa godt ned mot 1600moh, og alle hadde store problem med å komme seg til start. Me frå det norske laget fekk skyss frå ein tilfeldig italiensk kar med vinterdekk og pajero. Dei svenske jentene derimot, som hadde store ambisjonar på vertikalen, vart ståande værfaste lenger nede i lia, og kom seg aldri til start. Til tross for at eg kom meg opp valde eg å stå over EMs siste konkurranse. Eg kjende godt til ein uting i lungene som eg har trøbla litt med dei siste vekene, og tenkjer eg gjorde det lurt i å heie på Sondre og Stine i staden.

Ein kan under seg over kor vår mystiske vossing har teke vegen. Ein dag er han med oss, neste dag sit han i andre enden av restauranten for seg sjølv. Sanninga er at då Lars Erik omsider fekk kontroll på magen, byrja halsen å harke. Lars Erik hadde knapt rekt å flytte inn til oss andre før han vart kasta ut att. Om eg syntes synd på han ved forrige blogginnlegg, synest eg desto meir synd i han no. Nesten fem veker her gått sidan vårt ess i ermet har fungert som normalt. Måtte den one sirkelen brytast snarast!

GPTempDownload_2
GPTempDownload_2

Det som var mitt fyrste mål for sesongen vart ikkje heilt slik eg hadde sett for meg. Me fant snø på Etna, men grunna svært ustabile værgudar vart ikkje meisterskapet slik nokon av oss hadde håpa. Me har brukt enormt mykje tid i bil på vestlandsaktige vegar omringa av søppel og laushundar, me har kjempa mot iskalde kjettingar for å komme oss til start, og kvar ein konkurranse me har lada opp til har vorte endra.

I samråd med sambuaren Mikkel som var med som sjåfør og ekspert på italiensk trafikk, er ikkje Etna italias svar på Chamonix, og me kjem ikkje til å prioritere Etna som skidestinasjon neste vinter. Me er likevel glade for å ha kome oss vel heim til Noreg med livet og lommeboka i behald. Den aktive vulkanen lot oss passere, og mafian lot seg skremme av barske nordmenn. 

LES OGSÅ: Transcavallo tre dagar til ende

Publisert 3. mars 2018 kl 10.40
Sist oppdatert 3. mars 2018 kl 10.40
annonse
Relaterte artikler
Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

annonse
UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen