Transcavallo 3 dagar til ende

I eit land der randoneè ikkje er ein mosjonsidrett men toppidrett, og kor utøvarane er stjerner som Jansrud og Bjørgen. I Italia leikar dei ikkje topptur eller randoneè!

Sist oppdatert 19. februar 2018 kl 09.25
Folkefest i dei Italienske Dolomittene.
Folkefest i dei Italienske Dolomittene.

Malene Blikken Haukøy

21-07-52_lightboxorg

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev!

Me vart lurt og lokka med til Tambre i Alpago. Ein 3 dagars lagkonkurranse i dei spektakulære Dolomittene skulle gjennomførast. Lars Erik skulle gå saman med Filippo Beccari, italiensk lokalkjendis og kjentmann. Glenn Tore vart para opp med Simone Manfroi, ein langt over snittet sprek bakar, og eg skulle gå saman med Stine Haustreis. For min del var konkurransehelgi snudd på hovudet dagen før avreise da Stine måtte melde fråfall grunna sjukdom. Eg vart nedgradert til vatnbærar og duskedame for dei to norske og deira kompanjongar. Eg var i utgangspunktet skeptisk til oppgåva, og ville helst gå sjølv, men etter 2 dagar i fjellet kor eg har gått i ferdig trakka løype, nytt utsikten og sett dei andre slite, lurer eg på om det faktisk er å føretrekke?

LES OGSÅ: Med fjellet som arena

IMG_3699
IMG_3699

Ingen dum idrett å vere publikum i! Som vannbærar fekk eg både fantastiske turar sjølv samt heia på dei norske gutta!

Dag 1:

Fyrste etappe var kort (alt er relativt) og brutal, 1000 høgdemeter fordelt på 3 stigningar. Det var strålande sol og start 15.45 i Tambre. Eg fant meg ei gloheit solside kor eg kunne jobbe med fargen, og heia dei norske opp mot toppen. Det var «close race» og dei to norsk/italienske laga sparka godt ifrå seg! Lars Erik og Filippo kom seg inn som lag 4, tross ei knekt ski 500 høgdemeter før mål. Hakk i hæl kom Glenn Tore og Simone som lag 5.

IMG_3698
IMG_3698

Om kapp med solnedgongen kjempa dei norske gutta om gode plasseringar på dag 1 under Trascavallo.

Vel i mål i nabodalen Piancavallo fekk me utdelt ei meget enkelt 5 mannsrom, standar pasta og ei kort italiensk briefing om det som skulle skje neste dag. Me såg spente på bileta som vart lagt fram og konkluderte med at det kom til å bli nok ein flott dag. 2100 høgdemeter fordelt på 3 stigningar.

IMG_3700
IMG_3700

Dag 2:

Som vatnbærar og duskedame er det særs viktig at ein står der ein skal stå i løypa, og at utøvarane får det dei trur dei skal få. Eg var meint å møte utøvarane 1200 høgdemeter ute i løypa, klar med vatn og gel. Eg gav meg sjølv 50 minutts forsprang, og var klar ved avtala møtestad da dei fyrste laga kom oppover fjellsidene. Langt der nede kunne eg skimte 2 lag tett i tett, etter dressane å dømme var dei italienske. Tre minutt etter at fire heseblesande italienarar hadde passert meg fekk eg auge på to stygg kjende, store leggar. Lars Erik var på veg oppover og det i stor fart. Han smilte frå øyre til øyre, skreik nokre gloser om korleis han ville ha drikka si, og såg rett og slett uforskamma lett ut. Filippo såg litt meir prega ut, men ryktene seier at han kan halde det gåande i all æve så ingen grunn til bekymring.

27858552_1683967854997122_8486364139597888602_n
27858552_1683967854997122_8486364139597888602_n

Der er truleg vanskeleg å sjå, men ved Rifugio Semenza på veg opp på 2. stigning stod eg klar med gel og vatn. 

Eg rakk knapt å rydde opp søpla etter Lars Erik og Filippo før Glenn Tore og Simone svinga seg oppover. Eit lite minutt skilde dei to laga. Om Lars Erik var blid og positiv var truleg Glenn Tore enda meir smilande. Han såg ut til å storkose seg, og hadde rikeleg med overskot. Han var særs oppteken av sporlaus ferdsel i fjellet, og fekk ropt til meg at eg måtte rydde søpla etter dei ein 4-5 gongar.

Lars Erik og Filippo segla enkelt inn som 3. lag på Transcavallos 2.etappe. Glenn Tore og Simone måtte dessverre gi frå seg to posisjonar den siste nedkjøringa. Simone fekk det litt trått ned ei svært krevjande solside, og er det lagkonkurranse så er det langkonkurranse. Glenn Tore måtte fullføre dagen saman med sin makkar til tross for at han følte seg pigg. Dei enda som lag 6 på 2.etappe.

IMG_3697
IMG_3697

Filippo og Lars Erik vel i mål på 1.etappe. 

Dag 3:

Laga hadde teke seg tilbake til der det heile byrja i Tambre. Her skulle siste etappe fyrast laus, ikkje mindre enn 2000hm. Dette var ikkje ein ordinær søndag og ein siste dag på Transcavallo, det var også Italiensk mesterskap i lag denne dagen. Ergo stilte svært mange nye og friske bein til start. Filippo, Lars Eriks partnar ser ut til å kjenne alt som kryp og går til fjells her i Italia. Snill som han er fant han ein kvinnleg Filippo som eg kunne gå saman med under det Italienske mesterskapet. Lite viste eg om denne Filippo, ant enn «she`s not a typical girly girly».

Eg var sjølvsagt spent på dette kvinnemenneske eg skulle dele dei neste par tre timane med. Me rakk å varme opp ilag, verte kalde igjen ilag etter som starten vart utsett, samt innsjå at kommunikasjon kom til å bli fråverande. Ho snakka ikkje engelsk men smilte mykje. Det var nok for meg, eg fekk gå!

Denne Filippo viste seg å vere god. Til tross for at me skulle halde på nokre timar dundra ho på frå start. Eg var spent på om det var eit tempo eg kunne halde heile vegen, men som eg har erfart så mange gongar tidlegare vert eg berre betre og betre utover i løpet og hadde det eigentleg ganske fint.

Medan eg kjempa min kamp litt lenger bak i feltet saman med eit hav av superspreke mosjonistar, fekk dei to norske herrelaga noko å bryne seg på i kampen mot dei nye og friske konkurrentane. Lars Erik og Filippo måtte sjå seg slått av 4 lag den dagen, men berre 2 av dei hadde som dei sjølv gått heile 3 dagar. Det betydde at Lars Erik fekk ein fortent bronse i Transcavallo-debuten! Glenn Tore og Simone hadde ein betre dag saman og kom inn som 6.lag totalt og samanlagt dei 3 dagane vart dei nummer 5.

«Ein er omringa av så skremmande, men vakker natur. Ein er liten og skjør, men samstundes opplever ein å meistre naturen og fjellet.»

IMG_3695
IMG_3695

Mildt sagt spektakulær konkurranseløype med innslag av stegjern og Via Ferrata opp denna renna på 55 grader. Lars Erik og Filippo klyv som to røyskattar opp mot Mount Gulson.

Det italienske mesterskapet saman med min Filippo gjekk betre enn forventa. Me var jevngode på det meste, ingen av oss hadde behov for å henge i strikk oppover, me kjørte ganske likt nedover og det heile resulterte i at me kryssa mållinja som fyrste damelag. 

IMG_3692
IMG_3692

Det er ein fantastisk følelse å meistre eit slikt løp saman med nokon, spesielt når ein ikkje har møttes før start.

For alvor folkesport

Det heile kan konkluderast som ein stor og god norsk dag. Me fekk verkeleg vert med å krydra resultatlista og pallen, men best av alt fekk med oss eit eventyr og ein opplevelse me seint vil gløyme. Heime i Noreg føles det me driv med til fjells i trikot og med lette ski som lite og ubetydeleg. Eit fåtal forstår seg på konkurranseformen, men svært mange traskar i veg med store, tette klede og tungt utstyr. Her me er no kan me delta på fleire randoneè-renn kvar helg. Alle med kjærleik til fjell og ski har trikot i skapet og lett utstyr. Som trening, rekreasjon, opplevelse nyttar mannen i gata her i Italia randoneè eller topptur. Som målsetjing melder dei seg på konkurransar utover vinteren. Dei er ikkje redde for å stille til start, bredden er stor og skiljet mellom topp og botn som eit hav. Men kva gjer vel det? Ute i fjellet har erfarne guidar, militæret og titalls frivillige sørga for at 100-200 eller fleire 1000 stykk skal ha fine spor å gå i, godt merka løyper så ingen forsvinn, trygge forhold med tanke på skred og vær samt ein naturopplevelse av dei sjeldne.

IMG_3696
IMG_3696

Det er ein unik opplevelse. Ein er omringa av så skremmande, men vakker natur. Ein er liten og skjør, men samstundes opplever ein å meistre naturen og fjellet. Opplevingane er store der ein går med startnummer på låret, men opplevinga vert desto større når eg gjer det saman med noko i ein lagkonkurranse. Ein deler erfaring, krefter, glede, slit og eventyret. Det er ikkje berre for dei aller beste, løype er tilrettelagt og er ein sprek og fjellvant kan ein stille til start.  

28167285_1683968451663729_5855452092400728171_n
28167285_1683968451663729_5855452092400728171_n

 Deler slit, utfordringar og smerte, men også glede, utsikt, meistring og eventyr saman. Ein vert kjend på godt og vondt. Glenn Tore hjelper Simone med å få stegjerna inn i sekken på toppen av Mount Gulson. 

LES OGSÅ: Friluftsliv - rekreasjon eller prestasjon?

Publisert 19. februar 2018 kl 09.25
Sist oppdatert 19. februar 2018 kl 09.25
annonse
Relaterte artikler
TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

annonse
toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn på snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Arva Axio skredsøker
Test av skredsøkere

Test av Arva Axio

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen