Den alpine fjellskia

Me nordmenn seiest å vere født med ski på beina. I langrennssporet er me soleklar nummer 1 og i alpinbakken ustoppelege, nesten uansett disiplin. Me jaktar detaljar og perfeksjonisme når det kjem til smurning, såleslip og ski. Anten ein går verdscup eller er mosjonist er utstyret på plass. Kva så med vår nye «folkesport» topptur?

Sist oppdatert 12. mars 2017 kl 19.40
raske fjellski
RASKE FJELLSKI: Malene Blikken Haukøy på veg opp med raskt og lett utstyr.

MALENE HAUKØY

Skjermbilde 2016-09-14 kl. 09.13.02

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet norgescupen tre år på rad, og er for tiden Norges beste, kvinnelige fjelløpere. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag

Eg ser mange gode grunnar til å bytte ut det litt tunge toppturutstyret eller dei litt ustø fjellskia med den lette stabile alpine fjellskia.

Utstyret me som konkurrerer brukar er så himla bra, og det er difor me orkar å gå 1000-2000 høgdemeter om dagen gjennom heile vinteren.

Det eignar seg godt til så mangt meir enn konkurranse, og er i større grad ei funksjonelle ski som kan nyttast på fleire type skiturar.

G5243954
G5243954

Lat meg komme med døme: 

Sei at du er av typen som i alle år har gått topptur med fjellski.

Du ynskjer ikkje å drasse på tunge ski, feller utan gli og støvlar stive som staur. Fjellskia er lette og sneddene på veg opp, men i unnabakkane vert dei fort ustø.

Dersom føret er av den krevjande sorten, lat oss sei gjennomslag, kartongsnø eller skareføre, er angeren stor idet du skal setje utfor på toppen. For ned må du.

Den alpine fjellskia har da den fordelen at utstyret veg omkring det same som fjellskia eller lettare, fellene glir og støvlane er behagelege.

På toppen dreg ein lett av fellene, strammar skoa og festar hælen, og vips vert nedkøyringa høgdepunktet på turen framfor eit ork og ein kamp om å halde seg på beina.

Eg ser mange skuleklassar eller større grupper som legg ut på overnattingstur med tung sekk og smale ustø fjellski.

På flatmark fungerer fjellskia heilt ok, men dersom ein skal ut på ein lengre tur, til dømes Jostedalsbreen på langs der ein må både opp og ned ein del høgdemeter vert det å komme seg ned dei minste bakkane ei stor utfordring.

Med sekk vert tyngdepunktet flytta godt opp på ryggen, og det er ein intens kamp om å halde seg oppreist. Sjølv har eg vore på teltovernatting på fleire fjelltoppar der me har jobba oss opp 500-800 høgdemeter.

Følelsen av å vakne på toppen av eit fjell er ubeskriveleg, men dersom ein skal ta seg ned igjen desse høgdemetra med gleda i behald er det ein klar fordel med utstyr som er enklare å køyre med.

12903416_10154316352105166_88460470_o
12903416_10154316352105166_88460470_o

 

17203007_683225005182246_5269005524222904589_n
17203007_683225005182246_5269005524222904589_n

I eksponert terreng er det ein fordel å bære lett. Her er Kilian Jornet på veg mot siste topp under årets Pierra Menta. Foto: Pierra Menta

• Eg ser også stadig fleire guidar rundt om Sogndal som i smug kjøper seg lette ski. Mange av dei er ihuga klatrarar som betalar i dyre dommar for lett klatreutstyr.

Ein bær ikkje med seg meir enn naudsynt. Slik sett er lett toppturutstyr genialt dersom ein vil på klatretur midtvinters.

Guidane er som meg mykje til fjells både sommar og vinter.

Om ein går seint eller fort er det klart at det er ei belastning for kroppen å arbeide fysisk i fjellet. V

ed å bere på tungt utstyr gjennom heile vinteren er faren for slitasje og belastningsskadar større.

Og det er spesielt hofteleddsbøyaren som for køyrt seg når ein dreg på tunge ski med feller utan gli. 

 

DSC04854
DSC04854

• På våren kjem solkåte toppturnordmenn til Jotunheimen for å sanke 2000 meters toppar, meg sjølv inkludert.

Temperaturane gjer det mogleg å kose seg gløgg ihel til fjells, og folk legg ut på lange dagsturar. Turtagrø Hotel ligg midt i smørauget for enkle, krevjande og varierte toppturar i Hurrungane.

Ein ting har toppane til felles, dei er høge og anmarsjen lang. Det er på dei flate strekka at den alpine fjellskia verkeleg skil seg frå den tunge toppturskia.

Sko med god gåfunksjon, lette ski og feller som glir gjer dei flate, endelause kilometrane inn Ringsdalen overkommelege, og når ein fyrst kjem opp på Ringsbreen tek ein ikkje berre ein av Ringstindane, men to nettopp fordi ein har litt ekstra tid og krefter å slå ihjel.

Attpåtil rekk ein nokre timar i solveggen med ein kald øl i høgra og is i venstra.

Den alpine fjellskia er glimrande tidleg og seint på sesongen når anmarsjen er på sitt seigaste.

 

• Nordmenn er spreke. Tusenvis går Birken kvart år, like mange slenger seg med på motbakkeløp rundt om i Noreg.

Trening er for mange ein sentral del av kvardagen. Det er ein god følelse å vere i form, ta vare på kropp og sjel gjennom trening.

Toppen på kransekaka må vere at treningsøkta endar med solnedgangen frå ein topp etter 7,5 timar på jobb.

Dørstokkmila etter ein lang arbeidsdag er høg og lang, og ein ynskjer at treningsturen skal vere givande og effektiv.

Ved å spenne på seg den alpine fjellskia suser ein fort opp 500-1000 høgdemeter før sola forsvinn og den svarte natta kjem krypande.

Humøret er på topp heime i stua igjen etter nokre fine svingar i skumringa.

Ein rekk med andre ord svært mykje på kort tid med lett utstyr, ein treng ikkje setje av ein halv dag for komme seg ut på ski og opp på ein topp.

rekord på høgruta
HØGRUTA: Meg, Lars Erik Skjervheim og Martin Andersen gjennomførte våren 2015 Høgruta i Jotunheimen på 18 timar og 29 minutt. Tida hadde aldri vore mogeleg med tyngre utstyr!

Haute Route har endeleg komme ti Norge i ulike variantar. På Sunnmøre kan ein gå Hjørundfjorden rundt med fjordutsikt så og sei heile vegen.

I Jotunheimen kan ein krysse Noregs høgste toppar på ein og same tur, og langs Sognefjorden kan ein gå Sognefjordruta lettkledd med sola i fjeset.

Dette er turar over mange høgdemeter, tosifra kilometer og med fleire overnattingar undervegs.

Med andre ord lange turar som krev mykje, men som på den andre sida gir så utruleg mykje tilbake. P

å ein slik tur kjem den alpine fjellskia til sitt rett, ingen over og ingen ved sidan.

Fleire dagar på ski på rad kostar krutt, og det å drasse på tungt utstyr gir lite meining.

Dette er også turar som egnar seg best på våren når dagane er lange, snøen stabil og temperaturane lunkne.

På denne årstida er det inga grunn til å velje breie ski, flyt oppå snøen gjer ein lell.    

G5424475
G5424475

• På dei finaste av dei fine skidagane ynskjer ein å få maks ut av snøen og flest mogleg høgdemeter. Bredt skal det vere, og tungt skal me bære.

Dersom ein ikkje ynskjer å køyre heis, men vil jakte urørt snø er topptur trikset.

Den alpine fjellskia gir ein moglegheit til å sanke høgdemeter i ein fei, og få mykje flotte svingar i god snø.

Attpåtil sparer ein på kreftene ved å bære på lite ekstra vekt på veg opp, slik at beina er tipp topp når ein set utfor.

Mange ynskjer breie ski slik at ein flyt lett oppå snøen, eg derimot duppar noko lengre ned i snøen, og får såleis eit nærare møte med puddaren.

Er ein av den engasjerte toppturtypen vil nok fleire av punkta vere av interesse. For min del freistar alle – og det beste, eg treng berre eit par ski, eit par sko og feller!

I breiskifolkets heimbygd, Sogndal, har dei lokale skiprodusentane SGN gått frå å produsere ski med 120 mm på midten til slanke 80 mm under foten.

Ei alpin fjellski som kan glede dei fleste. Gode skikøyrarar meistrar alle typar ski og all slags føre, men fokuset og målet avgjer breidda og vekta på skia.

Nybegynnarar derimot meistrar ikkje alle slags ski.

Det er klart enklare å kontrollere ei kort lett ski, enn ei lang tung.

Sjølv er eg på det jamne god på ski. Eg  jobbar dagleg med å likne mindre på ei kråke og meir på Kjetil Jansrud på veg nedover.

Eg opplever at det er meir krevjande å køyre på tyngre ski.

Eg trur det handlar om å vere ærleg med seg sjølv, kor god er eg på ski? Kva passar meg? Korleis turar skal eg på?

Gleda vert større med rett utstyr.

«Eg har trua på at den største gleda får ein på ski og utstyr som ein kjenner godt.» 

G5163632
G5163632

Toppturkulturen er ny her til lands, medan dette er sport som har vore hipp lenge i Mellom- Europa.

Det eg opplever når eg konkurrerer i Italia, Sveits eller Frankrike er at svært mange nyttar lett utstyr, sjølv om dei ikkje har som ambisjonar å konkurrere.

Dette er land med lengre toppturkultur enn vår. Kan me kanskje lære litt av det rutinerte fjellfolket i sør?

Dersom ein let seg skremme av rosa og grøne ski får ein nokre gram tyngre utstyr i mindre raske fargar.

Mogelegheitene er mange og det gjeld å finne fargen, breidda og vekta som passar bruken.

Eg har trua på at den største gleda får ein på ski og utstyr som ein kjenner godt.

Det handlar ikkje om å ha den største eller dyraste skiparken når det kjem til toppturutstyr, men å kjenne den best

Publisert 12. mars 2017 kl 19.40
Sist oppdatert 12. mars 2017 kl 19.40
annonse
Relaterte artikler
TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

annonse
toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn på snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Arva Axio skredsøker
Test av skredsøkere

Test av Arva Axio

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen