BLOGG: Patrouille des Glaciers

Eit eventyr, ein draum, eit felles mål. Verdas største randonnee-konkurranse, Patrouille des Glaciers (PDG,) var langt meir enn berre eit skirenn.

Sist oppdatert: 24. april 2018 kl 19.51

MALENE HAUKØY

Skjermbilde 2017-08-31 kl. 11.24.30

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og tilhører landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagsatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Kring 4000 løparar med hovudlykt, lett og mindre lett utstyr, i taulag over bre og med eit felles mål: komme seg frå Zermatt til Verbier på kortast mogleg tid! 4200 høgdemeter og 61km. Klokka tikka inn på 8 timar og 27 minutt. 

00:29 Laurdag natt stod me klare som egg ved startstreken i Zermatt sentrum. Nervøse og spente sjekka me utstyret til kvarandre det siste minuttet før startskotet gjekk av. Skredsøkjaren var på og testa, gel og andre godsaker lett tilgjengeleg og sminken framleis der den skulle vere. Med meg på laget hadde eg to herlege østerrikske jenter, Johanna Erhart og Verinikoa Mayerhofer. 

LØYPEPROFIL - PATROUILLE DES GLACIERS

jpg
jpg

 

d4a5fecd-4e31-42dd-b87e-2cfcdfafa058
d4a5fecd-4e31-42dd-b87e-2cfcdfafa058

Klare til start i Zermatt med mål om topp fem! Foto: Astrid Därr

00:30 var ventetida over, og det heile braka laust. Saman med kring 300-400 løparar tok me beina fatt og kasta oss i veg mot fjella og snøen. Langs gatene i Zermatt sprang me forbi restaurantar og barar med lystige folk som hei oss fram. Det gjoma kring oss når karbonskoa klakka i bakken, og det var ein fryd for øyrene å nå fram til snøen etter 1km med ski på sekk.
Me heiv skia raskt av sekken slik me har trena på, og starta for alvor på den fyrste lange bakken under årets Patrouille des Glaciers. 2000 høgdemeter venta oss.
Dette var mitt store målet denne vinteren. Eg ville så gjerne gjere alt rett før denne konkurransen! Ein har lyst å vere på sitt beste når ein skal gå saman med to meget sterke jenter i verdas eldste og største konkurranse på ski i høgfjellet. Eg droppa NM i Tromsø, Randoenern på Oppdal, siste verdscupen i Italia, alt for å få mest mogleg tid i høgda, sanke timar og vere 100% førebudd før denne styrkeprøva. 

Les også: Fjell i Pyreneene

GPTempDownload_3
GPTempDownload_3

Det var gode førebuingsforhold i Zermatt veka før PDG. Høg solkremfaktor! Sjølvaste Matterhorn (4478moh) i bakgrunnen. 

Eg svansa rundt 1 veke i Chamonix før eg møtte mine lagveninner i Zermatt. Det har vore mykje chatting på Whats app i månadane før løpet, men eg følte likevel ikkje at eg kjende dei to jentene. Ettersom eg er svært dårleg på å svare på Whats app, og ellers andre teknologiske kommunikasjonskanalar følte dei truleg ikkje at dei kjente meg heller. Me har sendt engasjerte smilefjeset til kvarandre, bilete av utstyret og optimistisk bodskap. No skulle me for alvor møtast og gjere dei siste førebuingane saman.
Zermatt hadde definitivt meir å by på enn utsikten til Matterhorn og dens minjatyrkopi i sjokoladeform, Toblerone. Nydeleg pizza kan kjøpast for ein meget dyr penge. 4 og 5 stjernes hotell var enklare å finne enn 2 og 3 stjerners. Folk med altfor mykje peng vandrar frå klokkebuikk til klokkebutikk ikledd Prada eller andre godsaker, men viktigast for min del, fjella er forlokkande og vakre. For ein ivrig skigåar er dette moglegheitenes marknad.

Les også: Norsk klatring i verdensklasse

GPTempDownload_2
GPTempDownload_2

Saman med Johanna og Veronika trener me her på å gå og køyre i taulag. Treningsøkta gjekk føre seg på 4000moh.

Noreg er dyrt. Ei 190g sjokoladeplate kostar kring 50 koner i desse dagar (likevel er freistinga svært ofte for stor for min del). Sveits og Zermatt kan vise til like dyre varer, berre i ein anna valuta. Difor levde me som fattige studentar i ein knøt liten leilegheit veka før konkurransen. Me varierte mellom grøne og raude linser med grønsaker attåt til middag, og havregryn med ei lita teskei bringebærsylte og tynt med mjølk til frukost. Me var likevel nøgde, balkongen var solvendt og Matterhorn var det fyrste som møtte oss om morgonen når me kikka ut vindauget. 
PDG er ikkje berre eit langt løp som tek dei fleste mellom 8-15 timar å gjennomføre. Det går også over store brear, i eksponert terreng og i høge fjell med mindre tilgang på oksygen. Difor skunda me oss opp på 3000moh og høgare så snart lyset og sola viste seg på morgonkvisten. For alle oss 3 var det viktig å verte venn med høgda og gjere kroppen tilvent. I ettertid av løpet, enda medan beina er tunge og det røskar litt i lungene når eg trekk pusten djupt, er eg glad for at eg gjorde dei prioriteringane eg gjorde, og at eg fekk trena såpass mykje i høgda. Sjølv på høgste punkt i løypa, Tête Blanche 3710 moh pusta eg etter forholda lett og tenkte lite over kor eg befant meg. 

«PDG er ikkje berre eit langt løp som tek dei fleste mellom 8-15 timar å gjennomføre. Det går også over store brear, i eksponert terreng og i høge fjell med mindre tilgang på oksygen».

964ce8a0-a89f-4b57-87c2-46f424206874
964ce8a0-a89f-4b57-87c2-46f424206874

På toppen av Breithorn (4164moh).

Midnattssola strekk seg ikkje langt nok Sør til at me hadde lys heile natta. Difor var det påbode med fullada hovudlykter. Frå fyrste til siste stund i mørket var det hovudlykter framfor og bak så langt auge kunne rekke. Nokre løparar starta alt 21:00, andre 23:30, siste gruppe med mellom anna norske Lars Erik Skjervheim på startstreken starta 02:00. 4000 løparar var altså spreidd utfor natta og nokre starta allereie to dagar før oss. PDG viste seg å vere eit enormt arrangement i regi av det sveitsiske militæret. Til tross for at Zermatt var stappa full av folk med lycradress som sutta desperat på sportsdrikk og som slukte pasta som om det var deira siste måltid, var organisasjonen roleg som skjæra på tunet. Dette er eit arrangement som har lange tradisjonar, og sveitsarane veit å frakte folk trygt over fjellet til presis tid.

I 1943 vart ruta gått for fyrste gong, da med heilt anna utstyr og med eit anna mål, nemleg å teste dei sveitsiske soldatane for krig. Dette vart ein etablert måte å utfordre soldatane på under og etter 2.verdskrig, fram til 1948 da 3 soldatar datt i ei bresprekk. Løpet vart stoppa, og ikkje før i 1989 vart det sett i gong på ny og har rulla og gått sidan så sant vær og forhold har gått med på det. I 2018 og i nyare tid har intensjonane vore andre. For alle med interesse i randoneè i mellom- Europa er PDG stort, skremmande og forlokkande. Som ein tilfeldig sveitsar på flyplassen i Gèneve fortalde meg og Lars Erik, «i Sveits bryr dei seg ikkje om fotball, her er det fjellsport og deriblant PDG som gjeld».

31171490_1658099440894485_4071747267122429952_n
31171490_1658099440894485_4071747267122429952_n

Foto: Astrid Därr

Fyrste bakke var lang. 2000hm går seint når løypa er slak og isete. Me hang på stavane oppover fjellsidene. Sola som gjorde skredfaren betydeleg ut over dagen i fjellet, gjorde snøen våt på dagtid. Under nattens stjernehimmel fraus «slusjen» og me kjempa som Bambi på glattisen heldigvis saman med alle andre. Siste 1000hm mot toppen gjekk over breen, og me knytte oss raskt inn tau. Dette er også grunnen til at me er 3 og 3 på lag. Dersom nokon skulle vere så uheldige å dette i ei sprekk er sjansen for å redde vedkommande større.

31131382_1658098910894538_7527341399293820928_n
31131382_1658098910894538_7527341399293820928_n

Foto: Astrid Därr

Ved kvart eit kritisk punkt i løypa stod det smilande gutar ikledd militærklede. Dei heldt stavar, dytta oss opp isete skrålier og heia oss inn i mørket. Kring 400 soldatar var fordelt utover løypa, og geleida oss trygt. Ved opningssermonien såg militæret strenge og skremmande ut, men der ute i fjellet var tonen snudd, og dei var meir hjelpsame enn ein ivrig telefonseljar på sitt beste.

Godt over halveges og gode fem timar ut i løpet kunne me fascinerte og imponerte skue utover soloppgongen frå ei halvlang renne. Enn kor me såg var det hovudlykter. Dei fyrste karane som starta 1,5 timar etter oss var i ferd med å ta oss igjen. Tempoet var skremmande. Medan me jobba oss sakte men sikker forbi løparar som hadde byrja nokre timar før oss, snirkla det italienske vinnarlaget  seg leikande lett oppover fjellsidene på veg mot ny rekord. Eg følte heile vegen me som lag heldt bra kok. Forutan om ein kort tissepause haldt med farten oppe, likevel var me så langt som 3 timar bak dei beste herrane i mål!

Vips hadde me passert 3000 hm. Etter ei endelaus skråli med skøyting fekk med dagens fyrste glimt av sol. Goggles var bytt ut med solbriller og stadig fleire tilskodarar var å sjå ute i løypa. Eit sikkert teikn på at me nærma oss Verbier. Eg byrja å kjenne at lungene og magen var lei av å kjempe. Til tross for at me var godt over halveges og på veg opp mot nest siste topp var humøret dårleg og tankane dystre. Eg klarte å dra fram eit falskt smil idet Lars Erik og hans to Italienske lagkammeratar passerte oss, men gjekk fort tilbake til ei alvorleg mine. Det var ikkje snakk om klaging og kjefting, heller stillheit. Eg var heldigvis ikkje aleine, og dei siste 2 timane delte med få ord innad i laget. Me hadde ein kort «boost» etter ein Cola pause der me smilte til kvarandre, men ellers kjende me godt på at dagen/natta var i fred med å bli vel lang.

IMG_4219
IMG_4219

Smiler falskt mot kamera på veg opp på nest siste topp. Foto: Oscar Angeloni

Me dundra nedover skibakkane i Verbier, skøyta som kråker der det var flatt og gløymte fullstendig kor tungt alt hadde vore eitt minutt tidlegare. Siste biten inn til mål bar me skia på ryggen, og sprang det me var gode for gjennom verbiers gater. 1km høyrest så lite ut, men der og da var det endelaust. Publikum hang langs gjerdet som om me hadde vunne Tour de France, og dess nærmare mål me kom, dess trangare vart det å vere tilskodar.

Dei siste stega mot mål føltes alt lett. Beina flaug, og sekken med skredutstyr, ekstra klede, GPS sender, isøks og rikelig med mat og drikke vart usynleg. Me hadde klart det. Me tvilte vel aldri på det, men me hadde gjort eit godt løp og var strålande nøgde med eigen innsats. Ein av mange draumar var realisert, eit eventyr var skapt og 3 stykk smilande og rørte jenter heiv etter pusten og takka beina for ein fantastisk jobb. Målet om topp 5 var nådd, det vart bronse!!  

«Me dundra nedover skibakkane i Verbier, skøyta som kråker der det var flatt og gløymte fullstendig kor tungt alt hadde vore eitt minutt tidlegare».

31120816_1658100034227759_1584686187392532480_n
31120816_1658100034227759_1584686187392532480_n

Foto: Astrid Därr

IMG_4199
IMG_4199

Lars Erik Skjervheim og hans Italienske venner kjempa seg inn til 8.plass. 1.plass i seniorklassen. 

Enormt med tid, ressursar, energi og ikkje minst peng vart brukt på dette løpet. Dei siste vekene før start har vore delvis tunge, og mentalt har eg vore klar for litt ferie frå fokus og konkurranse. Dette var verkeleg siste magadrag med ski på beina og startnummer på låret denne vinteren. Det føles fantastisk. No er eg ein smule lei.

Eg er nøgd og imponert over meg sjølv og laget. Det slo meg fleire gongar undervegs kor stort dette arrangementet er. Eg har delteke på store, velorganiserte konkurransar tidlegare, Birken til dømes, men aldri omringa av slike fjell, godt over 3000 moh og med ein betydleg farefaktor hengande kring oss, Skredfaren. Det er ingen sjølvfølge at PDG kan arrangerast annarkvart år slik det skal, vær og forhold sit på trona og bestem. Det ligg også eit enormt ansvar på det svitsiske militæret som dreg i gong dette og som går god for at det i år var trygt å gjennomføre og sende så mange godtruande atletar ut i fjellet. Det er også imponerande å sjå kor mange som gjennomfører på godt over 10 timar, med tyngre utstyr og dårlegare treningsgrunnlag.

31102465_1658099647561131_529433952788676608_n
31102465_1658099647561131_529433952788676608_n

Komplekst terreng, tusenvis av løparar, høgt til fjells. Det er mykje og store vurderingar å ta før eit slikt renn. Foto: Astrid Därr

PDG har vore så mykje meir enn ein kul og slitsam randoneekonkurranse. Det er kultur, tradisjon, prestisje, naturoppleving og en real folkefest midt i smørauge av flotte fjell.

31166522_1658099127561183_424789814810771456_n
31166522_1658099127561183_424789814810771456_n

LES OGSÅ:  Originalen – hytte til hytte fra Chamonix - Zermatt (+)

LES OGSÅ: Siste nytt om landeveissykling

Publisert 24. april 2018 kl 19.51
Sist oppdatert 24. april 2018 kl 19.51
annonse
Relaterte artikler
TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

annonse
toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn på snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Arva Axio skredsøker
Test av skredsøkere

Test av Arva Axio

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen