MALENE BLIKKEN HAUKØY

09-13-23_lightboxorg

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet norgescupen tre år på rad, og er for tiden Norges beste, kvinnelige fjelløpere. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag

Kokka er kring 0700. Ute er det framleis mørkt, auga er så vidt opne og kroppen tung som bly. Ein time til under dyna hadde gjort seg. Men ute kallar fjella og trening, og tidlegare erfaring tilseier at når eg fyrst kjem meg ut lettar auga og kroppen vaknar sakte men sikkert, det er tungt å komme i gang, men det vert fint. 

Natur, fjell, utsyn utover Sognefjorden, marshmallows på bål, flåklypamelodien på munnspel, varm sovepose på eit tyng liggeunderlag, fuglekvitter på morgonen, behageleg turtempo med kvikklunsj i sekken og kakao på termosen,  ja alt det gode friluftslivet bring med seg. På den andre sida mjølkesyre, intervallar, pulsklokke, smerte, dårleg tid, blodsmak, klesskift, funksjonelle plagg, snørr og sveitte.

Friluftslivet har verkeleg fått eit lyft, og stadig fleire pakkar sekken, snører fjellskoa og legg ut på tur. Hvertfall får me inntrykk av at mange har fått auga opp for friluftsliv gjennom auka straum frå sosiale medier og tv-program. Søkjer ein på #friluftsliv på Instagram finn me godt over 200 000 treff, #natur har over 200 000 000 ulike innlegg. Altså er dette populære taggar. Sjølv let eg meg inspirere av denne trenden og dei utruleg mange fine bileta på Instagram. Eg brukar Instagram bevisst for å finne og sjekke ut nye plassar eg vil besøke.

G4291505

På tv let eg meg inspirera av naturbaserte program. Me kan følgje alt frå Lars Monsen ete hundemat og gjette seg fram til kor i landet han har vorte plassert av NRK, til Petter Pilgårds "Prosjekt mann" på Farmengården. Eventyrjenter, Jegertvillingane og Familien krøll (Gamme-Skog) er andre kjente friluftsprofilar som har teke dyrt av fritida mi det siste året. Det er lite tvil om at friluftslivet er i blomst.  

Sjølv om eg er veldig glad i å nyte freden ute i det fri, har eg kanskje ein unorsk måte å nytte naturen på . Det er ikkje noko hemlegheit at eg fartar ganske fort rundt i fjellet. Eg set sjeldan av tid kring bålet eller legg ut på tur med store fjellsko og pølse på termos.
Det er heilt sikkert nokre som ikkje meiner det å springe rundt i skogen kan kategoriserast som friluftsliv, eller som ikkje ser poenget med dette kavet. Sjølv synes eg det er som å få både i pose og sekk. For ved sidan av gleda ved å vere ute, utsynet, fargekombinasjonane i skogen og dyrespor i snøen, får eg pressa kroppen til det yttste under hardøktene, og jobba med arbeidsøkonomien på langturane. Eg må vere så ærleg å legge til at eg ikkje alltid får med meg fuglekvitter og bekkesus når eg spring intervallar, men den følelsen eg sit igjen med etter slitet er ubeskriveleg.

Tenk deg den følelsen ein får etter 6x8min med høg puls, proppfull av endorfiner og adrenalin, og attpå til kjenner sola steike og ser utover fjorden, langt frå folk men nære fe. Dei fredfulle, vakre og spesielle elementa i naturen vert styrka av dei gode hormonane som straumer på etter treninga, og heilheitleg føler eg med som verdas lukklegaste. Billig lukke tenkjer eg.

G4622152

På veg ned frå fjellet igjen kjennes kroppen lettare enn lett ut, eg legg merke til kvar ein fugl, let meg fascinere av kor vakker og tett skogen er og tankane er einsformig positive. Eg tenkjer at ALT er mogleg. Ofte er eg uovervinneleg, der og da. Eg ser for meg kva eg skal ta meg til når eg kjem heim. Eg skal vaske badet, eg skal svare på mail, eg skal bake brød, lese til eksamen og smøre ski. Optimismen er stor, og alt kjennes leikande lett ut, der og da. Vel heime har derimot energien sunket noke, eg droppar å vaske badet, byttar ut lesestunda med litt tid på sofaen for å få med meg siste nytt frå Johanne og Kristine i Reisadalen (Jegertvillingene). Det føles veldig rett, der og da.

G4642189

Eg meiner for all del ikkje at alle skal vere som meg! Det er «jeggu» godt me er ulike slik at eg får den aleinetida eg treng til fjells, og at det ikkje er kø i utmark midt i veka. Eg er derimot overbevist om at det å trene ute kontra på treningssenter gjer susen. Snur me på flisa trur eg at ein av til  bør tørre å presse kroppen, ikkje berre nyte når ein er ute. Livet er inga dans på roser til ein kvar tid, og vi bør vere rusta mot tidvis tøffe tider og hardt arbeid. Det trur eg me alle har godt av. Hard fysisk trening stiller også krav til vår mentale styrke, og gjennom å trene hardt ein gang i ny og ne må me jobbe mentalt for å klare å ta oss heilt ut. Det treng ikkje bety at ein skal sete rekord opp Stolzeklieven i Bergen eller slå naboen kvar dag. Det treng heller ikkje alltid vere klokka som bestem, men kroppen. Til dømes kan ein setje seg som mål å gi alt fram til neste stein eller til furua i horisonten.

Eg meiner heilt klart at løping i skog, mark og til fjells kan reknast som friluftsliv på lik linje med fisking, bålkos, jakt og klatring. Tradisjonelt eller moderne friluftsliv, det er opp til akademikarane å avgjere, men friluftsliv er det lite tvil om at det er. Eg har ikkje gjort noko undersøkjing på dette, men eg trur at dersom ein spørr fjelløparar eller randoutøvarar rundt om i Noreg, vil dei fleste grunngje kvifor dei driv nettopp med desse aktivitetane fordi dei likar naturen og fjella. For mange som meg er ikkje trening i seg sjølv nok, men saman med naturen føler ein seg på ein «klisjèisk» måte heil og lukkeleg.

Planen for morgondagen er lagt, toppvarden er vald og vekkarklokka er sett til 0700. Dagane kan sjå tilsynelatande like ut, men definerast ut frå turmålet og opplevingane i fjellet.

XoXo Jostedalsrypa 2.0

G4007342