Sherpaen på Nigardsbreen

Jostedalen er på ingen måte verdas navle. Men kvar sommar kjem heile verda til Jostedalen. Tshering og Jyamchung har ansvaret for å gjere Nigardsbreen klar for turistane.

Sist oppdatert 22. august 2019 kl 11.00
STILLE: Sherpaene klargjer Nigardsbreen før straumen av turistar tek til. Dei er seks nepalske guidar som kjem til Jostedalen for å arbeide på breen gjennom sommaren. Om lag 50 000 turistar kjem frå verdas mange krokar for å vandre på Nigardsbreen. Talet står i sterk kontrast til dei knappe 400 fastbuande i Jostedalen.
SOMMAR PÅ NIGARDSBREEN: Sherpaene klargjer Nigardsbreen før straumen av turistar tek til. Dei er seks nepalske guidar som kjem til Jostedalen for å arbeide på breen gjennom sommaren. Om lag 50 000 turistar kjem frå verdas mange krokar for å vandre på Nigardsbreen. Talet står i sterk kontrast til dei knappe 400 fastbuande i Jostedalen.

Dei kjem med store bubilar, frå firefelts motorveg og 140-sone nede i Europa og endar opp her. I ein trong dal, med svingete og smale vegar og uviss fartsgrense.

Dei kjem for å sjå på breen, ta på breen, gå på breen. Men det kjem også eit knippe andre. Frå landet med yak-oksar, bønneflagg og verdas høgste fjell.

Dei er blant verdas mest erfarne høgfjellsklatrarar, dei har vore på toppen av Mount Everest fleire gonger.

På Nigardsbreen i Jostedalen møtast dei. Turistane og dei nepalske førarane.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

MORGON: Mingma Tsiri Sherpa og Jyamchang gjer seg klare for arbeidsdagen. Mingma (t.v.) har vore på Mount Everest heile 19 gonger.
MORGON: Mingma Tsiri Sherpa og Jyamchang gjer seg klare for arbeidsdagen. Mingma (t.v.) har vore på Mount Everest heile 19 gonger.

Skodda ligg lågt over dalen, slik ho gjerne gjer i morgontimane. Det er regn i lufta. Tshering Pande Bhote smører niste på norsk vis og pakkar med seg fjellsko, før han forlèt huset som ein gong var kommunehuset i Jostedalen.

Tshering set seg i ein raud Ford. På bakluka står det «You have just been passed by an old car».

Farten vitnar om at han har køyrt her før.

 På parkeringsplassen til Nigardsbreen står ein einsleg bil og ventar. Jyamchung Bhote, fetteren til Tshering, er også på jobb denne grå morgonen. Saman går dei lettbeint over dei sleipe steinane til foten av breen.

 – Welcome to basecamp, seier Jyamchung.

Tshering og Jyamchung har ansvaret for å gjere breen klar for turistane. For mang ein turist er stegjern og is ei krevjande utfordring.

Dei nepalske førarane leikar seg derimot over breen, og tar seg uanstrengt fram mellom sprekkar og store breformasjonar.

Med svære ishakker formar dei trappetrinn i isen. Regnet har tatt med seg trappeformasjonane frå dagen før og gjort isen glatt og kompakt.

Isen sprutar i tusen knas idet øksa treff.

Dei er heilt åleine på breen. Parkeringsplassen er tom. Vatnet ligg blikkstille.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Tshering Pande Bhote klargjer Nigardsbreen før turistane kjem.
Tshering Pande Bhote klargjer Nigardsbreen før turistane kjem.

Tshering var hovudguiden då Randi Skaug blei første norske kvinne på toppen av Mount Everest i 2004.

Jyamchung var også ein del av teamet. Bragda blei starten på eit norsk eventyr for dei nepalske guidane.

Tshering starta å arbeide for Jostedalen Breførarlag i 2005. To år etter kom Jyamchung til dalen. I dag er seks førarar frå Nepal tilsett hos Breførarlaget gjennom sommaren.

Medan det er høgsesong i fjellheimen i Noreg er det lågsesong i Nepal på grunn av monsunen.

Å guide turistar på blåistur over Nigardsbreen står på mange måtar i kontrast med det å guide folk til toppen av Nepal sine mektige toppar. Yak-oksar er bytta ut med kyr.

Tilgangen på oksygen er rikeleg. Risikoen er minimal. Familien slepp å bekymre seg for om dei kjem heim i live.

– It´s like heaven, seier Tshering.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

HEIM: Tshering og familien er i Jostedalen bur dei i 2.etasje på det som ein gong var kommunehuset. Etter endt arbeidsdag på breen, brukar dei det meste av tida her saman med sonen. På fridagar er det ikkje uvanleg at dei reiser til symjebassenget i Gaupne
HEIM: Tshering og familien er i Jostedalen bur dei i 2.etasje på det som ein gong var kommunehuset. Etter endt arbeidsdag på breen, brukar dei det meste av tida her saman med sonen. På fridagar er det ikkje uvanleg at dei reiser til symjebassenget i Gaupne

Møtet med ein av dei best utvikla velferdsstatane i verda, gjer også inntrykk.

– Eg blei sjokkert første gong eg var her. Noreg er veldig annleis samanlikna med Nepal. Her er alle velutdanna, det er likestilling. I Nepal har vi kastesystemet som skapar skilnader på folk, fortel Jyamchung.

Det er tydeleg at dei nepalske førarane er frustrerte over si eiga regjering. Etter det katastrofale jordskjelvet i 2015 blei store bistandssummar sendt til landet som låg i ruinar.

Framleis held regjeringa ei stødig hand på delar av dei. Leiar i Jostedalen Breførarlag, Steinar Bruheim, synes det er positivt at pengane dei nepalske førarane tener går tilbake til Nepal.

– Det er ei humanitetsside ved dette ein ikkje skal gløyme, det å støtte eit folk som ikkje har all verda høg velstand. Nepal vart sett tilbake etter jordskjelvet. Dei pengane dei tener her held familien i live, dei bidreg til å bygge opp lokalsamfunnet.

Men først og fremst har dei nepalske guidane ei unik erfaring å tilføre Breførarlaget.

– Dei er flinke som førarar og har lang erfaring. Det er ikkje utan grunn at vi har ein del faste gjester som ber om dei nepalske førarane, seier Bruheim.

LES OGSÅ: Everest – en farlig arbeidsplass

(Artikkelen fortsetter under bildet)

BREEN: Medan Briksdalsbreen er stengt for brevandring, har Jostedalen Breførarlag opplevd ei markant auke i trafikk dei siste åra. – Nigardsbreen held fortsatt stand. Den har i likskap med andre smelta kraftig tilbake, men det er framleis is å gå på, fortel Bruheim.
BREEN: Medan Briksdalsbreen er stengt for brevandring, har Jostedalen Breførarlag opplevd ei markant auke i trafikk dei siste åra. – Nigardsbreen held fortsatt stand. Den har i likskap med andre smelta kraftig tilbake, men det er framleis is å gå på, fortel Bruheim.

Lenge reiste Tshering åleine til Jostedalen om sommaren, men sidan 2011 har kona, Chhidar Lama, også vore med.

Ho arbeider på breen som assisterande breførar. Paret har to søner.

Den yngste sonen deira er med til Noreg, medan den eldste går på skule i Kathmandu.

Dei held kontakt med han via Skype.

– Det er tidvis veldig tøft at han er så langt vekke, fortel Chhidar.

Paret har bygd hus og karriere i Katmandu. Her driv Tshering sitt eige trekking- og klatrefirma. Dei fleste som driv i same bransje er vestlege, og bruker innleidde nepalske krefter.

Han har stått i bresjen for å få på plass ei ordentleg fjellredningsteneste med nødnummer tilsvarande 113 i Noreg, og er den einaste nepalske redningseksperten for helikopter.

Ifølge Tshering sjølv har han vore på toppen av Mt. Everest berre sju gonger, seinast med tre nordmenn.

 

Livet dei lev no er svært annleis frå livet i oppveksten. Tshering og Chhidar kjem begge frå ein avsidesliggande landsby nærme grensa til Tibet.

Chhidar fortel om den lange vegen dei måtte gå for å skaffe mat dei ikkje kunne dyrke eller produsere sjølv. Næraste veg er ein og ein halv time unna.

I dag sender dei barna på privatskule og har råd til å reise på ferie til Disneyland. Det er likevel lite som tyder på at dei har lagt til seg noko form for eksklusiv livsstil.

– Eg trur det ville gått greitt å gå tilbake til livet i landsbyen. Vi har jo vakse opp med det. Men det kunne nok blitt tøft for ungane, seier Chhidar.

Etter inspirasjon frå DNT-hyttene i Noreg håpar Tshering å bygge ei hytte i landsbyen kor dei vaks opp, som lokalbefolkninga kan drifte og bidra til turisme i området.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

HØGGING: Å klargjere breen er hardt fysisk arbeid. Tshering høgg trappetrinn i ein istunnel, slik at det blir enklare å ta seg fram.
HØGGING: Å klargjere breen er hardt fysisk arbeid. Tshering høgg trappetrinn i ein istunnel, slik at det blir enklare å ta seg fram.

Frå breen kan ein skimte ein straum av folk på veg over berga, parkeringsplassen fyllast opp. Den stille og kvilande dalen har vakna til liv.

Nokre er fornøgde med å betrakte ismassivet på avstand, andre vil bort å ta på, stille seg opp og knipse det obligatoriske biletet.

Men folk flest kjem for å sette beina sine på isen.

Tshering rettar snuten mot folkemengda. Han skal ha med seg ei gruppe på blåistur. Alle har kome hit frå det store utland. Nederland, Belgia, Israel, Tyskland. Tshering knyter alle inn i eit tau og viser bruk av stegjern og isøks, ukjent utstyr for dei aller fleste.

Nigardsbreen blir forvandla til ei maurtue. På rekke og rad vandrar dei flittige maurane.

Ei bratt istrapp leier inn i ein spektakulær tunnel breen sjølv har danna. Om nokre dagar vil den ha smelta vekk. Lenger oppe flatar formasjonane ut, og det er enkelt å ta seg fram.

 

Under matpausen fortel Tshering om Jostedalsrypa, den einaste attlevande i Jostedalen etter svartedauden hadde saumfart dalføret, skal ein tru segnet. Han fortel om beinrestane på breen, som tilhøyrer reinsdyr på jakt etter mat.

Og om kor unikt det er å ha breen så tilgjengeleg. I Nepal må ein opp på 5000 meter for å finne is.

– This is when you realise that your own country is really boring, seier eit ungt par frå Nederland.

På veg nedover breen går gruppa igjen inn i eit imponerande landskap av isskulpturar.

Dei uthogde trappetrinna leier turistane trygt igjennom. Tshering stoppar plutseleg opp og vinkar til ei gruppe på veg opp.

I front går Chhidar. Ho er i ferd med å starte arbeidsdagen, medan Tshering er i ferd med å avslutte sin.

Om nokre timar vil dalen igjen gå i dvale, før verda igjen kjem på besøk neste morgon.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

FJELLFØRAR: Tshering er ferdig på breen for dagen, og diskuterer guiding av tur med ein gjest som skal gå sin aller siste 2000-meter. Tshering kjenner den norske fjellheimen svært godt og blir gjerne hyra inn som privat guide.
FJELLFØRAR: Tshering er ferdig på breen for dagen, og diskuterer guiding av tur med ein gjest som skal gå sin aller siste 2000-meter. Tshering kjenner den norske fjellheimen svært godt og blir gjerne hyra inn som privat guide.
Publisert 22. august 2019 kl 11.00
Sist oppdatert 22. august 2019 kl 11.00
annonse
Relaterte artikler
annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue