Naturmannen og dama hans

Kven er naturmannen? Og kven er dama som skriv om naturmannen og livet med han? Endeleg skal vi få svar.

Sist oppdatert 27. juli 2017 kl 11.07
SJELDAN SYN: Lene Julsen har fått mykje merksemd for tekstane ho har skrive om samlivet med Naturmannen. Det er likevel yttarst sjeldan at Naturmannen sjølv viser seg i media. Foto: Line Hårklau
SJELDAN SYN: Lene Julsen har fått mykje merksemd for tekstane ho har skrive om samlivet med Naturmannen. Det er likevel yttarst sjeldan at Naturmannen sjølv viser seg i media. Foto: Line Hårklau

Naturmannen dukka for første gong opp i 2013, då Lene Julsen (dama til Naturmannen) starta å skrive om korleis det er å leve side om side med han som helst veljer bålkos og Gore-Tex framfor bryllaup og dress. Han som må han sin dose natur og frisk luft om husfreden skal haldast på eit akseptabelt nivå. Nyleg blei boka «Naturmannen og jeg» utgjeve, og har sidan motteke strålande kritikkar. Vår eigen bokmeldar Sigurd Rønningen skreiv blant anna dette: «Fra (bokstavelig talt!) stabilt sideleie har friluftsfrue Lene Julsen levert et verk som bør bli pensum på ethvert samlivskurs.» 

Ein lat laurdag i den spede starten av juni. Skogen har for lengst blitt farga grøn, du veit sånn teikneseriegrøn, sjølv om sommartemperaturen let vente på seg. Og det er her i skogen, ved eit lite tjern i Østmarka at det nærmast historiske skal skje. Vi skal møte dama til Naturmannen og hald deg fast, Naturmannen sjølv.

Vanlegvis takkar Naturmannen nei til førespurnader om intervju, og er alt i alt ein litt mystisk figur. Kvelden før vi skal møte dei innser vi at vi ikkje ein gong veit kva han heiter, sånn på ordentleg. Internettet har svar, men berre om du er over gjennomsnittet interessert i å finne det. I boka står det nemnd ein, kanskje to gonger.

– Eg likar at det er slik, fortel han.

Han seier det utan å vere arrogant. Naturmannen verkar nedpå og avslappa. Han seier det i grunn godt sjølv.

– Eg er eigentleg ein ganske vanleg type.

Det har ikkje vore noko behov fra hans side å bli skrive om, men han ønskjer likevel å støtte Lene no som det ein gong har blitt slik. Han har ikkje lese heile boka, men mesteparten. Nokre ting er satt på spissen, litt overdrive, slik han ser det. Og lakenposen som var med på storbyferie til Frankrike, var kanskje ikkje med likevel.

– Våren er litt farleg sånn. Viss eg ikkje har fått turane mine, så er det litt sånn dårleg stemning.

Lene forklarar korleis ho har tatt utgangspunkt i ytterpunkta i dei begge for å fortelje historia, og at det er ei historie fortalt frå hennar ståstad.

– Hadde han skrive boka, hadde den sett heilt annleis ut.

Men ein ting kan begge vere einige om ­- Naturmannen elskar naturen.

Artikkelen fortsetter under bildet!

Skjermbilde 2017-07-27 kl. 09.59.37
FJELLTUR MED PAPPA: Her har Sofia og Naturmannen nådd toppen av Skardfjellet (1160 moh.) i Skåbu, der familien har hytte. Det fine med toppen er at du får fantastisk utsikt til Jotunheimen.

Vi har nyleg forlate parkeringsplassen på Grønmo og tuslar i retning Rundvann. Eit ekorn spring over stien. Det er knapt folk i nærleiken. Lufta er fuktig og stappfull av skogslukt. Naturmannen ligg eit halvt steg framfor, ivrar etter å gire opp frå tusletempo. Samtidig utstrålar han ei fascinerande ro. Han er i godt humør og snakkar både entusiastisk og fort om stisykkelløypa vi kan skimte frå stien. Om korleis det er plass til alle i naturen berre ein tek omsyn.

Vi blir passert av eit turfølgje på fire ungdomar. Før vi veit ordet av det har Naturmannen satt opp tempoet og slått seg saman med gruppa der framme.

– Rundvann ligg rett bak toppen av bakken der, kan vi høyre frå Naturmannen, før han fortset samtalen med ungdomane.
– Kjente du dei eller, spør Lene etter at han har sluppe seg bak igjen til oss.
– Nei da. Dei skulle til Bøvelstad. Det er ganske langt, det.
– Hmm, trur ikkje eg har hørt om det, svarar Lene.
– Nei, trur ikkje du har vært der.

Naturmannen er i sitt rette element. Dette er hans hood. Det er ikkje lenge sidan han var her sist. I går, faktisk.

Som for så mange andre starta friluftsinteressa til Naturmannen med turglade foreldre. Hytte til hytte i Jotunheimen i barndomen. Fisketurar med kompisar i ungdomsåra. Hytta på Skåbu, som han valde framfor påsketurnering med fotballen.
– Gutane på fotballaget skjønte jo ingenting når eg heller ville reise på hytta.
I dag er han stort sett altetande. Tinderangling, toppturar på ski, stisykling. Han elskar vinteren og han elskar å bade. For litt over ein månad sidan fekk han kombinert begge deler. Det er Lene som viser fram bileta. Lyngen, Senja og Kvaløya. Kvite sandstrender, spisse fjell. Vinter møter vår.

– Han har vore i så godt humør heile tida sidan, seier Lene.
– Har eg det? spør Naturmannen lattermildt.
– Eller ikkje heeeile tida. I forhold til kva han pleier på den tida her, for då er det sånn «skulle gjort det og skulle vært der og alt er drit og…»
– Våren er litt farleg sånn. Viss eg ikkje har fått turane mine, så er det litt sånn dårleg stemning, innrømmer han.

NATURMANNEN OM HENNE
Livleg og morosam jente. God samtalepartnar. Til tider for mykje empati (om det er mulig). Full av kjensler. Skriv stort sett heile tida. Alt som skjer rundt henne omformulerast til tekst.

HENNE OM NATURMANNEN
Eit godt menneske. Har gode verdiar. Fantastisk pappa. Følsom. Grein av kvar episode av Ingen grenser for eksempel. Kan gå å halde rundt mammaen sin. Elskar å lese bøker og aviser som Morgenbladet. Ikkje veldig glad i sosiale medier.

Frå 22. april, dagen etter dottera sin bursdag, har Lene innvilga Naturmannen ein månad som er hans. Ein månad kor han står fritt til å pleie forholdet med naturen.

– Men så har eg ikkje overdrive heller. No var eg på ei vekes tur, eg kunne brukt helgane, men det har eg ikkje gjort, så eg håpar på forlenging.

Han beskriv den vesle skogsturen vi er på som ein bonustur, ein tur han eigentleg ikkje hadde kalkulert med i naturrekneskapet. Eit rekneskap som er som rekneskap flest. Det kan gå i minus, men aldri for mykje i pluss. Du kan berre gløyme å finne Naturmannen springande på ei tredemølle på SatsElixia eller syklande på asfalt. Det er stein, røter og stiar som gjeld. Dørstokkmila er kort så lenge den fører til naturen.

– Eg treng eigentleg ikkje motivasjon til å trene og reise på tur. Alt er pluss.
– Trening er lik naturopplevingar.

FYR MED FLAMME: Ei sommarhelg tok vi turen til Glitterheim og gikk til Glittertind fredag og Nautgardstind laurdag. Naturmannen fortel at oppstiginga til Glitterting gjekk greitt, men at dei små føtene til Lene kilte seg fast på annankvar stein til Nautgardstind. – Det vart ein vanvittig tur. Ho har anti-fjellfot, he-he.
FYR MED FLAMME: Ei sommarhelg tok vi turen til Glitterheim og gikk til Glittertind fredag og Nautgardstind laurdag. Naturmannen fortel at oppstiginga til Glitterting gjekk greitt, men at dei små føtene til Lene kilte seg fast på annankvar stein til Nautgardstind. – Det vart ein vanvittig tur. Ho har anti-fjellfot, he-he.

Hytta på Skåbu har fått ein sentral plass i forteljinga til Lene. Ein stad kor dei brukar nesten heile somrane. Ikkje straum, ikkje vatn, men med utedo og peis. Dette er også staden kor vesle Sofia fekk sine første turar i pulk. Ho var berre ni månader gamal då dei pakka bilen og reiste til fjells. Kvar dag i 90 dagar sat Sofia i pulken medan Naturmannen gjekk på ski. Kilometer etter kilometer, mil etter mil. Lene låg i hytta, på lading, og prøvde å finne tilbake til den ho var før smellen. Fødselsdepresjon, møtte veggen. Det er ikkje så godt å seie akkurat kva det var.

– Framleis sit det i kroppen, men ikkje nær sagt så ille som då, fortel Lene.

Naturmannen ser tilbake på denne perioden og hugsar også noko av det positive. Han var ute i naturen kvar dag. Lene er opptatt av at Sofia også skal få oppleve at naturen kan vere ein fristad.

– Eg vil at ho skal ha eit rom kor ho kan prestere på andre måtar, berre vere, ha fokus på opplevingar og ikkje det ho er i form av pen eller stygg, eller flink på skulen eller ikkje.
– Viss du har det i bagasjen har du alltid ein stad å gå.

Det var ikkje sjølvsagt at det skulle vere plass til eit barn i livet til Naturmannen, noko ein kvar lesar av Lene sine tekstar veit alt om. Korleis skulle det bli med alle turane, fridomen når ein ny verdsborgar skulle takast vare på? No som Sofia snart har passert tre år må vi nesten høyre korleis det har gått.

– Det er eigentleg nesten det same. Fridomen er ikkje særleg meir avgrensa. Og det er kanskje litt lettare å akseptere når det ikkje blir tur.
– Det har ei litt anna meining å vere heime med Sofia.

Medan vi sit på ein småfuktig trebenk kjem herr og fru Stokkand stadig og helsar på. I det stille tjernet like ved plaskar søte og lodne andungar. Det kan nesten verke som kjærleiken er gjensidig, som om naturen også elskar Naturmannen. Og det er gjerne i slike omgivnader at ein startar å fundere. Kva er det eigentleg ein brukar tida si på? Jobb? Facebook? Å jage etter neste punkt på to-do-lista?

– Eg trur mange menneske kunne jobba litt mindre, seier Naturmannen.
– Og så eig vi for mykje, føyer Lene til.
– Etter den smellen måtte eg ha eit mentalt opprydningsprosjekt, men også eit meir konkret prosjekt. Så eg har kasta og gitt bort ting.
– Eg brukar ikkje ordet shopping lenger. Før så sa vi jo at vi skal gå ein laurdag og shoppe. Eg har eliminert det ordet ut av vokabularet mitt. Det kjennes feil. Posar og kvitteringar, blir heilt stressa av heile dritten.

HAN: Naturmannen syr og reparerer, og kjøper ikkje nytt før det er heilt nødvendig. Når noko nytt skal kjøpast inn går det mykje tid til å undersøke kva som er det beste valet.
HENNE: Lene karakteriserer seg sjølv som litt forfengeleg, men er oppteken av å ikkje dusje meir enn nødvendig og ho slår eit slag for vaskekluten.

Drivkrafta i forteljinga om Lene og Naturmannen er motsetnadane i dei to. Den eine vil på storbyferie, den andre på telttur. Den eine vil ha barn, den andre vil ha fridom. Men vi har hatt ein mistanke om at Lene slett ikkje er så framand for tur, telt og toppar, som ho sjølv har gitt uttrykk for i tekstane sine - noko ho raskt bekreftar.

– Det er jo der du får den roa, du får ikkje så mange inntrykk anna enn naturen på ein måte.
– Det er jo det eg slit med at det blir så mykje inntrykk. Jobb, e-postar, meldingar, mobil og Facebook og folk som skal ha tak i deg.

Når ho viser bileta frå Naturmannen sin siste tur til Nord-Noreg er ho nesten like entusiastisk som han.  

– Synes det ser dritfint ut eg. Men det som er med meg er at eg klarar jo ikkje å stå nedover på ski. Eg er ikkje vakse opp med det og han klarar ikkje å lære meg det. Og han er liksom pedagog.
– Eg klarar vel eigentleg det, men du er ikkje så veldig interessert heller.
– Jo, men du må jo lære meg å svinge då.
– Men du er så redd, seier han medan han ler ein smule vondskapsfullt.
– Men eg veit jo ikkje korleis eg svingar. Eg har vore på topptur på langrennsski og fjellski fleire gonger. Det går veldig fint opp, men det blir eit helvete kvar gong eg skal ned.

Langrenn, type bortover, er derimot det ultimate. I vinter la Lene bak seg 30 mil på ski. Minst. Fjellet har likevel alltid fascinert Lene. Ho har ein onkel i Lærdal som endå hugsar at ho så gjerne vil kome dit for å gå i fjellet. Ho visste ikkje kva det var. Hadde aldri opplevd det.

– No har eg kanskje sju toppar.

Naturmannen ler.

– Over 2000 meter eller? spør han.
– Ja
– Slutta med det eg, for eg synes alle topper under 2000 er meter like fine.

Kulda har spreidd seg frå den fuktige benken og inn under huda. Lene reiser seg, trippar rundt og slår floke. Naturmannen, som forresten heiter Eivind, har funne seg eit svaberg og startar å ta push-ups.

– Det er det beste du kan gjere når du frys, kjem det frå mannen på svaberget
– Han skal berre tøffe seg, seier Lene.

NATURMANNEN SINE FAVORITTAR:
Troms – frå fjæra til fjell
Sogndal – kort veg til Sogndalsdalen,
Jostedalen og Vest-Jotunheimen
Oslomarka – super til fottur, stisykling og fiske

INNSIDETIPS FRA NATURMANNEN:
Børtervann – fiske- og kanoperle i Østmarka.

Lene Julsen

Fra: Greåker, Sarpsborg
Alder: 33
Utdanning: Journalistikk, språk- og litteratur
Yrke: Skribent i Harvest, spaltist i Vårt Land og Fjell og Vidde, forfatter for Cappelen Damm.
Aktuell: Ga nylig ut boka Naturmannen og jeg – Han lovet meg aldri gull bare grønne skoger

Naturmannen

Kommer fra: Greåker, Sarpsborg
Alder: 38
Utdanning: Ingeniør, Master i IT og
pedagogikk
Yrke: Lærer

Publisert 27. juli 2017 kl 10.06
Sist oppdatert 27. juli 2017 kl 11.07
annonse
Relaterte artikler
annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen