Verdscupopning frå godstolen i Sogndal

Fyrste verdscup i randoneè 2017 er overstått. Eg er for tida heimeverande journalist, og skal prøve å oppdatere det norske toppturfolk på korleis det gjekk med den norske bølingen under årets fyrste konkurranse og ikkje minst om vegen vidare.

Sist oppdatert 24. januar 2017 kl 22.18

Den norske gjengen kom til duk og dekka bord i Andorra, ei teknisk krevjande individuell løype men med hint av pudder, og ei seig, tradisjonell vertikalløype med løfte om laktat og smerte. Alt høyrtes svært kjekt ut, med mykje tekniske moment til dømes fleire parti med stegjern.

16115016_1207068326067386_6614100202083215628_n
16115016_1207068326067386_6614100202083215628_n

Eit av fleire parti med stegjern under årets fyrste individuelle konkurranse i randoneè. Foto: Font Blanca

Enn kor kjipt det er å sitje heime å heie, er det veldig kjekt når gjengen er nøgd og koser ser i mellom-Europa. Men eg må vere så ærleg å sei at det knyt seg ørlite i magen av misunnelse og sakn når eg ser bilete og film frå konkurransen. Min vetle operasjon i foten for ei veke sidan stiller krav til alternativ trening nokre veker, og inga deltaking  i verdscup. Med på startstreken i Andorra var derimot Stine Haustreis, Sondre Svensli, Lars Erik Skjervheim, Glenn Tore Løland og Sindre Hoff.

16142308_1207068212734064_6033013185734400495_n
16142308_1207068212734064_6033013185734400495_n

Dei fleste startar ein 1-2t konkurranse som om det var ein sprint på 5 minutt. Det gjeld å vere klar! Foto: Font Blanca

Som me påpeikar før kvar vinter er høgda i mellom- Europa er stor utfordring for dei norske løparane. Me byrjar gjerne på mellom 1200-2200 og jobbar oss opp på godt over 3000 moh. Lars Erik og Glenn Tore har nytte Januar godt, og opphalde seg gode 2 veker i høgda før konkurransen. Dei andre 3 kom til Andorra litt seinare. Med lite eller ingen ressursar utanfrå har me gjennom fleire år måtte prøve og fleile når det kjem til denne høgda, og blant gjengen på tur er Lars Erik ringreven som har prøvd, feila litt og lukkast mykje når det kjem til høgda.

G0097370
G0097370

Gutta krutt fekk mange fine treningstimar i høgda før verscupopninga.

Alle reagerer vi ulikt på høgda, og det var inga sjølvfølge at Glenn Tore skulle få det same utbytte som Lars Erik i løpet av desse vekene, men gutta er positive og sit igjen med ein god følelse. For den norske gjengen er VM i midten av Februar det store målet, men treninga og opphaldet i høgda ligg også til rette for at kommande konkurranse 28 og 29 Januar kan gå styggfort. Fram mot den konkurransen er planen å sanke krefter og overskot, å stille til start svolten og pigg. Vegen vidar mot VM er uklar. I utgangspunktet skulle randoneèsirkuset ta turen til ein litt utypisk skidestinasjon, Tyrkia 11 og 12 Februar, men slik vert det ikkje med tanke på forholda der nede. Det betyr at dei får 3 lange veker å slå i hjel før VM. Alle pratar dei høglytte om å få ein god treningsperiode, kanskje ta ein svipptur innom Todalen og NC der før VM.

Den einaste norske jenta på laget, Stine hadde som Lars Erik og Glenn Tore hatt nokre dagar i høgda i forkant, og gjekk ein strålande vertikal. Ryktene seier at ho hadde litt teknisk klabb og babb, slik det ofte er fyrste dag meir startnummer på låret for året. Utruleg artig med fleire jenter i den norske troppen, og Stine er motivert og positiv, akkurat slik me vil ha det. Yngstemann på laget, vår unge lovande Sondre kom saman med Sindre rett frå sjøkanten i Noreg, og fekk eit brutalt møte med tynn luft i Andorra. Det er lett å byrje litt vel tøft, og når mjølkesyra fyrst kjem på 2200 moh forsvinn den ikkje med det fyrste.

G0032932
G0032932

Lars Erik enda på 33.plass på vertikal og 24.plass på individuell, Sindre 54 og 49, Glenn Tore 49 og 46, Sondre 20 og 18 og Stine 21 og 24 plass.

Toppen på kransekaka eller rosina i pølsa denne helga var vår svenske veninne, Emelie Forsberg. Heilsvensk utanpå men med eit hint av Noreg innerst inne sette Emelie Sverige for alvor på randokartet med 3.plass i individuellen og 1.plass på vertikal. 11 månadar tidlegare halta ho rundt på krykker med eit splitter nytt korsband.  Eg trur eg har sagt det før, og eg seier det igjen, Emelie er mitt soneklare forbilde. Svenskane tok også 3.plass i u-21 kategorien under vertikalen med Fanny Borgstrom, svenskane utmerkar seg med andre ord.

16142447_1209093055864913_5475454059394505055_n
16142447_1209093055864913_5475454059394505055_n

Den norske VM troppen er teken ut. Mitt namn er dessverre ikkje på lista denne vinteren. Eg går no glipp av dyrebar skitrening, men vert til gjengjeld ganske god på krykker og spinningsykkel. Det er ingen grunn til å sende meg til VM i Italia utan dei relevante treningstimane på ski. Eg legg difor all mi lit til dei andre norske og håpa på gode plasseringar. Laget består av Sindre, Glenn Tore, Sondre, Lars Erik og Stine. Lars Erik står for dei mest optimistiske måla, og går for topp 15 i individuell og topp 5 i sprint. Ikkje for å legge press på Vossingen, men eg har trua på pallen i sprint dersom Lars Erik set av litt ekstra treningstid på ski på sekk, og feller av.

G4237772
G4237772

Eg gjer det beste ut av situasjonen, og tek intervallane på krykker til fjells.

Publisert 24. januar 2017 kl 22.18
Sist oppdatert 24. januar 2017 kl 22.18
annonse
Relaterte artikler
TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

annonse
toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn på snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Arva Axio skredsøker
Test av skredsøkere

Test av Arva Axio

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen