Tour de Rutor: Dag 1

«Gjertis og Magda» på slitsame eventyr i Italia.

Sist oppdatert: 2. april 2016 kl 10.23
HEIKTISK: Det er ein smule hektisk med 680 startande og fellesstart. Foto: Tour de Rutor
HEIKTISK: Det er ein smule hektisk med 680 startande og fellesstart. Foto: Tour de Rutor

Malene Blikken Haukøy

Malene (24) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009), vant Norgescupen i rando 2014/2015 og er sammen med Lars Eik Skjervheim på det norske rando-landslaget. Fortiden er hun akutell som programleder i Fri Flyt-serien «Født til å løpe». Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Saman med Hildegun Gjertrud Hovdenak deltek eg denne helga på lagkonkurransen Tour de Rutor. Ein av tre lange dagar til fjells er over, forhåpentlegvis den hardaste.

Om eg skal vere heilt ærleg vart det fryktelig tungt. Motbakkane var ikkje brattare enn forventa, men lenger. Det var endelaust med flate parti noko som etter vår særeigne langrennskulturen burde passe oss bra. Problemet er at verken eg eller Gjertrud var bitt av langrennsbasillen, så vi setter heller pris på bratte motbakkar.

Malene og Hildegunn er hardbarka kkonkurrenter. Les mer her: Tidenes duell i Romsdal Rando.

Ein anna god årsak til dagens slit var ein noko dårleg opplading i forkant. Planen var i utangspunktet god. Eg skulle komme til hotellet i Planaval onsdag kveld, medan Gjertrud skulle komme torsdag formiddag. For å gjere ei lang og irritabel historie kort mista eg bagasjen på Genevè flyplass. I håp om at den skulle komme dagen etter tok ei ekstra natt i Genevè.

Skuffa og stressa sette eg meg i bilen til Gjertrud frå flyplassen utan bagasjen. Starten ville gå 0800 dagen etter, med eller utan oss. Vi enda opp med shopping i Chamonix. Noko måtte eg jo ha. Etter dette sprang vi Valgrisenche rundt etter ein komplett racepakke til meg, og jeggu klarte vi det. Litt her og litt der. Tida rann frå oss, og det vart lite tid til å legge beina høgt.

Her deler Malene sine beste mattips for de treningsglade: Spis som en norgesmester

Været har heller ikkje vore på vår side. Det var sant å si lite nedbør, men heller ikkje sikt. Saman med 340 andre spente lag stilte vi til start 0800 ved Valgrisenche. 2390 høgdemeter stod på programmet og i underkant av 3 mil. Snøen var fuktig og lufta varm men utanom det var stemninga god. Arrangørane hadde dette året tillat fleire lag å delta på konkurranse. Det medførte at to kortbeinte jenter som meg og Gjertis ikkje fekk sett så mykje under løypegjennomgongen dagen før. Vi vart einige om å ta løypa og formen litt som det kom, men med eit optimistisk utgangspunkt.

Liker du UTE-bloggen? Se alle innleggene her.

I BILEN: – Skuffa og stressa sette eg meg i bilen til Gjertrud frå flyplassen utan bagasjen. Foto: Malene Blikken Haukøy.

4 timar og 9 minutt etter start kryssa vi mållinja. Nesten 1 timen seinare enn forventa. Med nytt utstyr følger også alltid litt gnagsår og diverse smerter. Eg kom meg gjennom 4 stigningar, men GOD hjelp frå Gjertrud denne dagen. I målgong serveres tørre kaker, daff kola og usukkra te, som alltid. Det er ein sjarm med det. Vi som alle andre kjem inn i ei eiga boble når vi konkurrera slikt. Vi blir fordelt på små, sjarmerande hotell øvst i ein landleg dal i Itali. Her serveres det croasang til frukost, og pasta til lunsj og middag. Det henger sure sokkar og rosa feller på alle rekkverk, og raske carbonsko står klare til neste økt framfor kvar ei dør.

Malene er programleder i Fri Flyt-serien "Født til å løpe". Se serien her.

tour_19999
tour_19999

FORBEREDELSER: «Breefing» dagen før 1. konkurranse. Foto: Tour de Rutor

LES MER: Slik opplevde de rekordforsøket på Høgruta

Lunsjen er på veg ned, kaffien står for tur. Etter det finn eg og Gjertrud tilbake til det overfylte rommet vårt, og tekk oss tilbake under dobbeltdyna. I morgon er det ein ny dag med nye moglegheiter J Ein ting er som det alltid er: Resultatlisa kjem ikkje med det fyrste, det betyr at vi ikkje veit nøyaktig kor vi ligg, men ein plass mellom 6-10 kanskje?

Tour_199
Tour_199

GOD MORGEN: Ein av tre lange dagar til fjells er over, forhåpentlegvis den hardaste, skriver Malene. Hildegunn Gjertrud Hovdenak sov nok godt i natt! Foto: Malene Blikken Haukøy.

Publisert 2. april 2016 kl 10.23
Sist oppdatert 2. april 2016 kl 10.23
annonse

Relaterte artikler

Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

annonse
UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen