Tidenes norske meisterskap

I skuggen av Hans Inge Klette og hans historiske sprint medalje i VM ligg mellom anna Stine med knekt olboge, Lars Erik og Vegard Øyes 6.plass på lagkonkurransen og min 4. plass i Pierra Menta. Det har vore ei innhaldsrik veke i det store utland.

Sist oppdatert: 19. mars 2019 kl 20.26
Foto: Pål Ellefsen
Foto: Pål Ellefsen

MALENE HAUKØY

12-06-42_lightboxorg

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev

Det har skjedd mykje den siste veka. VM i skiskyting, VM i randoneè og Pierra Menta. Vel heime i Noreg verkar lungene som aldri før. Eg høyrest ut som ein kols pasient. Den siste veka har sett sine mentale og fysiske spor på kropp og sjel.

Todelt konkurranseveke

Randosporten er som langrenn delt inn i ulike disiplinar. Nokre av disiplinane inngår i det klassiske verdsmeisterskapet, medan andre konkurransar er ein del av den prestisjefulle langløpscupen, La grande course. Dei to organisasjonane, ISMF, som arrangerer VM og verds cup, og La grande course klarte ikkje denne vinteren å komme til einigheit, og resultatet vart at 2 av vinterens største hendingar gjekk til same tid. Utøvarane måtte difor velje mellom VM i sveitsiske Villars og den 4 dagers lange lagkonkurransen Pierra Menta i Franske Areches Beaufort. For min del var valet enkelt, Pierra Menta for alle penga! Etter å ha arrangert konkurransen i 34 år er Pierra Menta meir enn berre ein konkurranse. Det er kultur, tradisjon og eit arrangement som verkeleg tek vare på sportens verdi.

Historisk medalje

Hans Inge kjente nok på presset under VMs første øving, sprint. Etter ein solid 3.plass i verdscup tidlegare denne vinteren følgde me spente med på Hans Inge som briljere og imponere i heata fram mot finalen i VM. Etter kvart som me andre rauk ut sirkla me rundt vår vetle stjerne, i håp om å kunne hjelpe. Hans Inge sjølv var roleg. Under finalen kjempa han seg inn til 2. plass i U23, og 5.plass totalt! Stemninga var på topp tross at nokre av oss andre var litt skuffa over eiga innsats. Det vart ei kaloririk sjokoladekake på hotellet den kvelden! Ein kjip 19.plass og utslått i kvartfinalen var alt eg fekk med meg av VM før eg måtte krysse landegrensene, og gjere meg klar for Pierra Menta. Med meg på laget hadde eg Austerriske Veronika Mayerhofer, tidlegare langrennsløpar og uforskamma sprek i motbakkane. Me var to norskinspirerte lag på startstreken i Pierra Menta, mitt lag og Glenn Tore Løland, resten av landslaget var igjen i VM.

Ikkje ufarleg!

Resultata i VM er noko av det sterkaste det norske laget har levert nokon gong. Det er da dei norske herrane som verkeleg sparka frå seg, for sjølv fekk eg som sagt ikkje med meg heile VM. Det andre norske kvinnehåpet, Stine Haustreis har gjort knallharde prioriteringar denne vinteren, og vore mykje på reis i mellom- Europa for å toppe forma til VM, nærmare bestemt den individuelle konkurransen og vertikalen. Saman med Glenn Tore satt eg spent å følgde live oppdateringa på Facebook for å sjå korleis den norske banden gjorde det på sin individuelle konkurranse. Lars Erik kjempa seg inn til ein 13 plass, berre eit lite minutt bak topp 10. Som nybakt pappa fekk me sett kor snerten og kjapp pappakroppen kan vere dersom ein får tid til bleieskift, trening og kvile, samt har ein sambuar som tillet alt dette. Svevande på ei rosa sky, og stolt som ein hane over den vetle karen han har skapt klarte Lars Erik å halde dei andre norske bak seg nok eit meisterskap. Våre lovande unggutar Erik Kårvatn og Edvard Sætran Solli la også ned ein solid innsats i deira internasjonale debut, ein debut som bør skremme dei etablerte seniorane våre!

Medan resultata tikka inn mangla me Stine. Ingen mellomtider, og støtteapparatet kunne ikkje skjønne kor det vart av ho. Britar og Japanerar passerte, nasjonar Stine vanlegvis held bak seg. Omsider fekk me beskjeden om at ho hadde brote grunna eit stygt fall. Lite visste me om omfanget, og sjølv var ho usikker på om smertene var grunn nok til å bryte. Me har vel alle sett Tour de France syklistane pine seg gjennom meterlange kjøttsår etter nært møte med asfalten, eller kragebeinsbrot. Sjølv om Stine så absolutt hadde ynskje om å fortsette vart ho sendt til sjukehus, riktig nok ikkje i hast, men med eit ope sår som måtte syast.

Eit ope sår viste seg å vere brot i olbogen, eit såpass stygt eit at ho vart sendt med helikopter til Lausanne. Der vart ho sjølvsagt møtt med fransktalande legar og eit litt anna helsevesen enn her heime. Legane fekk lappa ho saman igjen, men mangel på blod gjorde situasjonen kritisk. Sjølv forstod eg ikkje kor kritisk situasjonen eigentleg var der eg satt på ein kafé i Areches og drakk kakao. Stygge fall skjer når ein gir alt og kjempar om gode plasseringar i eit meisterskap. Det norske støtteapparatet heldt oss oppdatert, men også dei satt på avgrensa informasjon.

Det er ikkje utan risiko at me dundrar nedover fjellsidene gjerne godt over emnet. Det ligg så mykje timar, offer og trening bak eit meisterskap, ynskje om å levere og vise kva ein er god for. Stine gav så absolutt jernet, og truleg gjekk det over alle støvleskaft i ei nedkøyring med litt for lite snø. 5 dagar etter at ho var innlagt på det enorme sjukehuset i Lausanne med det som vistnok var ein upåklgleg usikt, vart Stine utskrive. Med litt lite blod, ein altfor store gips og sveitsiske medikamenter mot smerte kom ho seg heim til Tromsø, ein erfaring rikare som ein helst skulle vore forutan. Motivasjonen for "comeback" er likevel på plass!!

Life must og on

Det var ikkje mykje me utøvarane fekk gjort for Stine. Me sendte positive tankar og optimistiske vibes. VM fortsatte utan Stine med vertikal og lagkonkurranse. Været var av nordisk stil med regn godt over 2000 moh og tøff vind. Under dei vanskelege forholda tok VM- debutanten Vegard Øye ein sterk 19. plass under vertikaldistansen. Som Hedemarkingar flest er ikkje Vegard den som skrik høgst, men han vert utan tvil å reikne med i framtida! 

Vidare hadde me STORE forventningar til lagkonkurransen. 2 og 2 løparar går saman, ofte gjennom ei svært lang og teknisk krevjande løype. Dette året vart løypa verken lang eller teknisk grunna været, Lars Erik og Vegard trossa motvind, sludd og råtten snø og spurta inn til 6.plass 1 sekund bak 5.plassen! 

Pierra Menta

«Sjølv om VM høyres gjevt og staseleg ut er langløpscupen i randoneè, La grande course kanskje like gjevt.»

Det kan verke rart å vekkprioritere VM, men for meg var dette eit val eg tok for lenge sidan. Sjølv om VM høyres gjevt og staseleg ut er langløpscupen i randoneè, La grande course kanskje like gjevt. Det er ein anna konkurranseform, lengre løyper, meir tekniske trasear og sjølvsagt laget framfor individet. Saman med mi Austerriske lagvennine hadde me ambisjonar om å kunne hevde oss blant dei tre beste laga. Me var så absolutt oppe og nikka!

Omringa av ysteri, skiheisar og fjell ligg Areches Beufort 1 time frå turistattraksjonen Chamonix. Areches derimot ber ikkje preg av kommersialisering. Det er kompakte forholda omringa av spektakulær natur. Over 4 dagar går kring 220 lag 10.000 høgdemeter. Ikkje ein dag er lik, samfunnet i den vetle bygda stoppa, og publikum kjem frå nært og fjærnt for å heie.

Medan Instagram kunne vise til sol og nysnø heime på nordvestlandet jobba me oss gjennom tøffe forhold dei tre første dagane. Enorme mengder snø dumpa over natta dei første to dagane før mildvær og betydeleg skredfare dag tre. Me var til dels pessimistiske ved frukostbordet, men kvar dag vart eit eventyr. Artige laussnø over skogen, bratt skogskøyring og folkefest tross kjipe publikumsforhold.

Det var med stor optimisme me kjempa oss til start på dag 4. Sola skein! Skredfaren satte likevel ein stoppar for dei råaste rennene og brattate nedkøyringane, men me fekk 2650 høgdemeter omringa av folk kvar ein meter av løypa! Tusenvis av publikum var oppe å traska før fuglane kvitra, og stod klare på toppane med bjeller på storleik med eit bil dekk og motorsag utan kjede. Tross vondtar her og der fant me energi takka vere festen som møtte oss undervegs.

Saman med Veronika hadde eg håp om å kjempe om pallplassen. Det vart til slutt to 3.plassar og to 4.plassar på oss. Tida var dessverre ikkje på vår side, og me enda på 4.plass, kort tid etter 3.plassen. Litt surt å sjå tilbake på, men der og da gjekk me alt me var gode for! Støtta kvarandre når livet var som tyngst, delte ei fantastisk utsikt over Mont Blanc-massivet og pusha kvarandre i nedkøyringane.

Alt i alt er eg utruleg takksam og overvelda over det eg har fått oppleve. Tenk at det finst ein slik vakker, krevjande og morosam idrett?!

LES OGSÅ: Test av vintersovepose

Publisert 19. mars 2019 kl 20.26
Sist oppdatert 19. mars 2019 kl 20.26
annonse
Relaterte artikler
TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

annonse
toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn på snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Arva Axio skredsøker
Test av skredsøkere

Test av Arva Axio

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen