Pudderpangstart

Trang trikot, stor hjem, smale ski, skarp blodsmak, illeluktande sko og sure sokkar - Randoneèsesongen er offesielt i gong!

Sist oppdatert: 13. desember 2017 kl 19.58
Foto: Håkon Lundkvist
Foto: Håkon Lundkvist

Frå ei trivelig og vellukka breddesamling i randoneè i Sogndal trava eg vidare til sesongopning på Bjorli. Dei fleste på landslaget var på plass, klare for måle krefter, føle spenning og teste formen under årets fyrste randoneèkonkurranse. Disiplinane var sprint og Individuell. Brannmann Sam aka. Lars Erik Skjervheim var pliktig å verne om Bergen by denne helgi, og var ikkje å sjå på startstreken, men vossingen sende ein ny og spennande vossing til Bjorli i sitt fråvær. Hans Inge Klette som truleg er mest kjend frå rundløypa og langrennssporet har omsider forstått at ski er flottast i fjellet, og stilte til start på Bjorli. Vossingane kan å kjøre ski, og Hans Inge var ikkje snauare enn at han reist heim med 2x 1.plass.

_EO_7305_preview
_EO_7305_preview

Etter 1600hm svinga Hans Inge seg fyrst over målstreken tett fulgt av Glenn Tore Løland. Ein smule bleik og tydleg sleten, men smilande.

Foto: Håkon Lundkvist 

Føre og forhold kan vere så mange i starten av Desember. Eg har gått mine rundar på kunstsnø i Bjorli tidlegare år med middels motivasjon og minimalt med skitrening. I år vart det andre skulebollar. Snøforholda på Vestlandet har vore ville, og det var også tilfelle på Bjorli under årets fyrste renn. Undervegs i sprinten fredag kveld kjempa me iherdig for å halde sporet synleg, før det for alvor dumpa stort natt til laurdag. Starten vart utsett grunna krevjande løypelegging, og delar av oppvarminga gjekk med til å grave fram bilen. Når ein vaknar til i underkant av 1m med nysnø, og problem med å finne att ein altfor stor pick-up kan ein ikkje anna enn og smile. For ein sesongstart!

Les også: Fri Flyt sin test av Norrøna buksen Lofoten Gore-Tex Pant

_EO_6598_preview
_EO_6598_preview

Månaden før fyrste konkurranse på Bjorli har eg fokusert på timar, mengde, høgdemeter og teknikk. Kjipe 2 dagar utan ski har det vorte, men siste månaden må kunne seiast å ha vore ein god og relevant treningsperiode. Det har vore viktig for meg å bli vand med bevegelsesforma og utstyret. Det ei stund til eg skal gå styggfort, og tida no byggjar eg basen. Det betyr ikkje at eg ikkje hadde lyst til å sparke frå meg på Bjorli. Konkurransen på Bjorli er fyrste stikk i det som vert ein lang skisesong, men det er òg uttaksrenn til EM i midten av Februar på sjølvaste Sicilia. 

Les også: Fri Flyt har samlet alle nyheter, reportasjer, produktomtaler og tester om Sweet Protection.

Min tøffaste konkurrent her heime i Noreg ser ut til å verte Stine Haustreis frå Tromsø som også er del av landslaget. Denne fyrste konkurransehelgi trakk eg det lengste strået, og klatra til topps både fredag og laurdag.

GPTempDownload (5)
GPTempDownload (5)

Som einstøingar flest trivs eg godt i eige selskap på trening, men sosial trening er òg trening. Fantastiske kjekt med langreist besøk av Stine frå Tromsø ei veke.

LES OGSÅ: Kilian Jornet- verdens sprekeste mann

Sprintdisiplinen i Rando

Sprintkonkurransen er kort og brutal. For dei som undrar over kva ein sprint går ut på er det ei kort løype som fungerar som sprint i langrenn med prolog og heat. Løypa byrjar med feller på skia 30-40 hm, deretter er det eit kort parti med ski på sekk før me tek på ski igjen det siste stykket til toppen. Vel opp dreg me av fellen så fort det går og svingar oss ned til mål. Det heile tek 4-5minutt og me klatrar kring 60-100hm.I tillegg til den anaerobe kapasiteten og farten i sporet er dei tekniske momenta med bytte særs viktige i sprint. Senkunda teller. Ski på sekk må gå fort, ein må treffe skoa i bindingane på fyrste forsøk og fellene må stappast i dressen hels godt under 10sek etter ein har nådd toppen.Alt dette skjer medan mjølkesyra herjar og stresset kokar.

Etter timar og uttalige repetisjonar i hagen med feller av og på, og ski på sekk satt dei tekiske elementa godt for min del. Det som manglar i sprintsporet fram mot EM er fart og evne til å presse meg til det ytste. Det luktar nokre vonde spritøkter framover.

_EO_6742_preview
_EO_6742_preview

Det er kamp om sporet og trangt i skifteboksane. Sprint er meir enn berre god kapasitet, det gjeld å halde hovudet kaldt.

Individuelldisiplinen i Rando

Laurdagens individuell bestod av 3 rundar på 430hm inkludert 40hm med ski på sekk kvar runde. Grunna på grensa til irriterande mengde snø og skredfare vart løypa flytta ned, og me gjekk fleire kortare rundar enn planlagt. Individuell er reikna som den største og mest prestisjefulle disiplinen. Kombinasjonen mellom stor kapasitet oppover, god arbeidsøkonomi og bra kjørestyrke og fart nedover gjer denne disiplinen kompleks og særs spennande. Eg har mang ein gong sett konkurrentane suse forbi i unnabakkane kort tid før mål. Ein bitter følelse, men ein del av "gamet".

_EO_7337_preview
_EO_7337_preview

Foto: Håkon Lundkvist

Det er mykje positivt å ta med vidare frå helgi på Bjorli. Som forventa manglar eg ein del fart, og det siste hakket opp. Det føles som om kroppen har litt å gå på, noko som er greit i desse dager. Det var tungt å skulle presse seg fullt ut, men akk så godt etterpå. Det eg er mest nøgd med er skikjøringa som eg aldri trur har vore betre. Det er klart at ein får ein nært og kjært møte med djupsnøen når ein kjører på smale ski, men med leggane godt planta bak i skoa får ein men jamne mellomrom sjå skia og unngår salto og andre fancy triks. Ein skal ikkje kjimse av drukning i pudder, noko fleire av deltakarane fekk oppleve på Bjorli.

_EO_6984_preview
_EO_6984_preview

 Håkon Klerud var eit prakteksempel på korleis kjøre djupsnø med smale ski. Foto: Håkon Lundkvist

Kjekkare vert det ikkje!Ved sidan av feit mat, rød julebrus og stor marsipangris er planen inn mot julestrida å trene enda meir på skikjøringa. Jula skal feirast på flataste Østlandet, og eg må sei eg er litt usikker på kor eg skal finne bakkar. Det betyr at dagane fram til avreise må nyttast godt.

GPTempDownload (4)
GPTempDownload (4)

Øverst på ønskelista i år står sinnsjuk form i Februar!

HoHoHo!!!    

LES OGSÅ:  Test: Osprey Kamber 22

LES OGSÅ:  Nyheter og tips om randonee

Publisert 13. desember 2017 kl 19.58
Sist oppdatert 13. desember 2017 kl 19.58
annonse
Relaterte artikler
Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

annonse
UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen