Norske toppturkonkurransar

Romsdal Rando, Skittentind Rando eller Randonern på Oppdal. Her kjem litt tips til deg som er uviten, og til deg som ynskjer å trene mot eit mål denne vinteren.

Sist oppdatert 16. februar 2019 kl 15.45
Foto: Daniel Kvalvik
Foto: Daniel Kvalvik

Me har lenge vore miniputtar i randoneèsporten internasjonalt. Med få utøvarar, enda færre konkurransar og mangel på ein lett toppturkultur har me vorte brutalt fragått og audmjuka av dei internasjonale heltane. Med store støtteapparat, lange tradisjonar har dei mellomeuropeiske landa som Italia, Frankrike, Sveits og Spania vore store og mektige. Det er greitt å ha noko å skulde på når ein kjem frå skinasjonen Noreg og ikkje hentar heim medaljar på medaljar i ein vinteridrett.

MEN for nokre veker sidan kom eit aldri så lite gjennombrot internasjonalt! Hans Inge Klette sette Noreg på pallen med historisk 3.plass i verdscup sprint. Ingen herreløpar har tidlegare stått på pallen som individuell utøvar i det store utland. Sjølv er han sindig og jordnær som alltid, men det har nok gjeve han stor motivasjon og sjølvtillit!

Om snaue 4 veker brakar årets høgdepunkt for mange laus, VM! Det vert for alvor mogleg å hevde seg, og den norske optimismen er på plass som aldri før. Hans Ingen må tole å vere det norske håpet i sveitsiske Villars.

VM er stort og viktig. Alle prøvar me å spisse forma. Sjølv har eg også andre tankar og mål denne vinteren. I altfor mange år har eg interessert meg meir for italiensk kaffi og franske croissanter enn det den norske naturen har å tilby. Det har skjedd mykje på heimebane medan eg og dei andre landslagsutøvarane har stilt til start på italiensk meisterskap og verdscup i det meste av bortgøymde dalar i Mellom-Europa. Topptur har breidd og spreidd seg samstundes som det har vakse fram spektakulære og imponerande konkurransar i Noreg. Det er lett å la seg freiste av januarvarme i Alpane, eller nye fjellrekker i Italia, men ein må ikkje gløyme den sjarmerande naturen me har rett utanfor vindauget. Difor har eg som mål å få med meg mykje av moroa her heime denne vinteren!

Norges cup Kårvatn (23-24. februar)

Todalen idrettslag her dei siste 10 åra (ish) arrangert randoneèkonkurranse inst i Todalen. Eit idrettslag med engasjement, tradisjon og erfaring. Det var her eg gjekk nokre av mine fyrste konkurransar og datt pladask for denne fantastiske sporten. Omringa av flott fjell ligg Kårvatn gard bortgjøymd og einsleg, der kanskje ingen skulle tru at nokon kunne bu. Så lenge eg kan hugse har det vore dårlege Instagram forhold, og me har måtta køyre eit stykke for å finne noko som liknar på 3G. Stabile snøforhold, fine løyper og sjølvsagt upåklagleg utsikt over Trollheimen ute i løypa har vegd godt opp for mangel på internett. Det har aldri vore noko å utsetje på arrangementet, og eg reiser alltid heimover fascinert og takksam for at eg får moglegheit til å oppleve ein slik sjarmerande plass, og artig skikonkurranse.

Stryn Rando 3000 (23.mars)

Det er ikkje mange åra sidan den ambisiøse arrangementstaben frå Stryn drog i gong den fyrste randoneèkonkurransen. Frå fyrste stund tenkte dei stort, og løypa er ikkje snauare enn 3000 høgdemeter! Det finst sjølvsagt eit kortare alternativt, men utgangspunktet for konkurransen skulle vere stort og brutalt. Og det vart det. Du rekk å bli skikkelig sleten på 3000 høgdemeter, men du rekk også innom mange flotte toppar, mentale oppturar og nedturar og ikkje minst 3000 høgdemeter med nedkøyring, forhåpentlegivs i fin snø. Løypa er plassert kring skianlegget i Stryn slik at det er sytalaust for publikum følgje med. For min del var dette eit fjellområdet er hadde lite erfaring frå. Alt etter ei kort rekognisering av løypa fekk eg eit nytt syn på fjella kring Stryn. Eit hav av moglegheiter ligg klare, og svært mange av dei fekk me oppleve gjennom denne flotte konkurransen.

https://www.youtube.com/watch?v=JdM-ewKFTYE

Romsdal Rando (30. mars)

Om det er lov å uttrykke ein favoritt så må det bli Romsdal Rando! Ei av årsakane til at eg ofrar mykje tid og pengar på å reise utlands er dei ekstreme og spetakulære konkurransane der nede. Me klatrar opp bratte renner med eller utan stegjern, skreinsar oss ned isete fjellsider og sjanglar oss bortover smale eggar. Arrangørane veit kva dei driv med, og sparar ikkje på action! Romsdal Rando med Romsdal Randoneèklubb i spissen har vore tøffe og vågale nok til å gjere noko liknande. Ein skal føle at det er verd det å ta turen til Isfjordne denne helgi. Ein får både i pose og sekk når ein stiller til start. Det er 3000 høgdemeter med beinhardt slit. Flotte men bratte nedkøyringar som tek knekken på sletne lår. Ei utsikt som sjølv mellomeuroperarane ikkje kan måla seg med, og eksponert terreng som ber deg halde tunga rett i munnen. Det kan høyrest både skremmande og uforsvarleg ut, men før start er det noko som har gjort dei vurderingane som skal til, og du som løpar kan kose deg ute i fjellet utan å bekymre deg for skredfare eller orientering. Løypa ligg der framfor deg, alt du treng gjer er å gå. I området kor terrenget er bratt og eksponert er det sikra med tau slik at dei som ynskjer det får den stønaden dei treng. Som ein bonus i boka kan du hake ut populære skitoppar som Loftskarstind, Skarven og Kyrkjetaket.

http://romsdalrando.com/

Randoenern (6. april)

Fjellbygda Oppdal er kjend for fin frikøyring og mykje snø. Dette er to punkt som klinger godt i mine øyrer. Randoenern er ein av dei godt etablerte konkurransane i Noreg, og vert alltid ein suksess, sjølv i ruskete vær. Løypa ligg strategisk til kring skianlegget slik at det alltid er folk som heier og motiverar ein fram. Frå start til slutt er utsikten upåklageleg. Ein kjem fort ut av skogen, og jobbar seg gjennom løypa over skoggrensa. Eit av mine høgdepunkt er den siste nedkøyringa frå Hovden skibakke. Her er det 600 høgdemeter i ein av Noregs brattaste skibakkar. Det er lite å spare denne siste bakken, og det luraste ein gjer er å setje seg i hockey og håpe på det beste! Vel nede i heisbua gjennstår 1km med ski på sekk ned til Oppdal sentrum. Sjølv om det er nedoverbakke føles det umulig å halde farten oppe etter ei lang løype i fjellet. Ein føler ein har sett og opplevd mykje etter eit løp som randoenern.

https://www.facebook.com/pg/enernoppdal/photos/?tab=album&album_id=10156410202753559

Skittentind Rando (3.-4. mai)  

År har gått sidan eg sist konkurrerte i nordlegare strøk. Flybillettane er stort sett dyrare enn å reise sørover og difor har eg ikkje prioritert det. Denne vinteren håpar eg det vert andre bollar! Eg har aldri besteget dette kjente fjellet Skittentid, men ryktene seier at det skal vere fantastisk! Nordmenn og utlendingar reiser langvegsfrå for å oppleve den nordlege delen av Noreg, særleg på ski. Fjorden og dei bratte fjella har ein lokkande effekt. Eg let meg også lokke, og har store forventningar til Skittentind Rando! Eg føler meg trygg på at det vert verd den dyre flybilleten!

https://www.youtube.com/watch?v=UcOQUbLIb1E

Ikkje la deg skremme!

Altså er det inga grunn til å krysse landegrensene dersom ein ynskjer nye eventyr på randoskia. Noko av det folk undrar mest på er korleis ein randokonkurranse fungerer. Den mest effektive måten å lære på er å stille til start! Det er ingen som bit, ingen som ler av ein, og det er heller ikkje ei konkurranseform berre for dei erfarne og raske. Det er ei fantastiske givande treningsform, og ulike lengder på løypene slik at ein finn det som passar ein sjølv. Tunge ski sko og breie ski, eller karbon frå topp til tå, det spelar ingen rolle. Ein unik moglegheit til å oppleve mykje av det flotte landet vårt har å tilby. 

«Det er ingen som bit, ingen som ler av ein, og det er heller ikkje ei konkurranseform berre for dei erfarne og raske.»

 

Publisert 16. februar 2019 kl 15.45
Sist oppdatert 16. februar 2019 kl 15.45
annonse
Relaterte artikler
TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

annonse
toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn på snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Arva Axio skredsøker
Test av skredsøkere

Test av Arva Axio

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue