Himmelen er ikkje alltid blå

Mine praktfulle landslagskollegaer i randoneè Lars Erik Skjervheim og Glenn Tore Løland sankar meter på ski i høgda i Italia, medan eg studerar, irriterar, forbannar og funderar over mine mindre vakre bein som no har slått seg vrange.

Sist oppdatert: 12. januar 2017 kl 16.18
Kvardagen er ikkje berre ein polka på roser.
Kvardagen er ikkje berre ein polka på roser.

UTE-BLOGGEN

Skjermbilde 2016-09-14 kl. 09.13.02

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet norgescupen tre år på rad, og er for tiden Norges beste, kvinnelige fjelløpere. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag

I vakre Cervinia med utsikt mot sjølvaste Matterhorn lever Lars Erik og Glenn Tore livet som toppidrettsutøvarar. Dei trenar hardt og lenge, spris enormt mykje mat og tilbring kvart ledige minutt på senga, gjerne med ein god serie gåande på PCen og ein tjukk »milka-sjokolade» i armkroken. Det er eit herleg liv for ein kort periode, og eg misunner dei grenselaust. Om få dagar er det klart for fyrste verds cup i Andorra. Denne konkurransen er brutal og startar på grusomme 2200 moh. Tross dei tøffe forholda er omgivnadane svært flotte og løypetraseen kul. Dei skal slite seg opp bratte fjellsider, suse ned smale renner og kave seg ned krevjande pukkepist. Eg for min del må eg følgje dei norske gutta frå sofaen i Sogn, og nøye meg med dei sparsomme oppdateringar frå løpet på arrangøranes Facebook side.

LES OGSÅ: Malene må operere

G0037915
Lars Erik og Glenn Tore på Breithorn 4164moh. Er det mogleg å ikkje bli grøn av misunnelse av dette?

Lars Erik og Glenn Tore på toppen av Breithorn 4164 moh. Er det mogleg og ikkje bli grønn av misunnelse av dette?

Faktumet er at eg om kort tid skal under kniven ved Nordfjordeid sjukehus. Ei solid strek i rekninga. Eit lite problem som byrja så smått for eit år sidan har no blitt til eit ganske stort problem som skrik etter ei løysing. Det er usikkerheit kring kva som er rota til problemet, men det heile ligg under eine foten og fører til at eg under harde, lengre økter fyrst mistar følelsen i tærne for så at det vert frykteleg vondt. Eg har «googla» symptoma nesten dagleg, og hadde lenge før legen fekk sjå på det diagnostisert problemet. Mortons Nevrom slo eg i bordet med inne på legekontoret, men verken MRbilder, røntgen etter kirurgen eg har snakka med finn teikn til denne hevelsen på nervane til tærne som visstnok er Mortons. Teorien er difor at nervane mellom tærne har lite plass grunna trange sko over LANG tid og auka blodstrøm under trening. Så dei skal no inn å prøve å lage meir plass til desse nervane.

DSC09192
Rota til mykje ondt og kjedelig ligg i denne høgre foten.

Denne høgre foten er rota til mykje trøbbel denne hausten/vinteren. 

Problemet har balla på seg, og eg har altfor seint teke problemet på alvor. Det vil sei eg har lurt meg sjølv til å tru at dette ikkje er noko store greier. Det vert for slik ved belastningsskadar.  Problemet er ikkje akutt og ein føler framleis ein kan gjennomføre mykje god trening. Men sanninga er den at dei beste og mest relevante treningsøktene opp mot randoneè er smertefulle og gjennomføre, og resultatet vert 90% kvalitet framfor 100%.

Mitt vetle luksusproblem har eg heldt tett til brystet ei god stund, og håpa lenge å finne ei alternativ løysing til operasjon. Eg har testa ulike soler, laga soler sjølv, tøygd og bøygd på tærne, ja det meste. Det ser dessverre ikkje ut til å vere noko alternativ rute for å få orden på dette, noko som betyr ein amputert skisesong, men forhåpentlegvis ein frisk og rask løpssesong.

DSC09158
Eg har mekka saman ulike soler for å prøve å lette på presset under foten.

Eit assosiert utval av mine sjølvmekka soler. Som idrettsutøvar er det lett å sjå mørkt på eit slikt problem. For min del har idretten vore ein svært viktig del av meg, og det å ha eit klart mål i sikte betyr mykje for korleis eg trener, motivasjonen for å trene hardt og kvaliteten på det eg gjer. Eg er oppriktig glad i å vere ute i naturen, men dersom eg ikkje har noko sikkert i vente prioriterer eg ofte lange rolegare turar framfor intervalløkter og mjølkesyrefest. Personleg er eg heilt avhengig av målet som til dømes denne vinteren var VM . No er det ikkje slik at eg kjem til å gå månadsvis på krykker, og sture for meg sjølv medan andre badar i pudder. Forhåpentlegvis er eg på ski igjen etter 2-3 veker og rekk NM i Stryn og Romsdal Rando med god margin.

Det er til tider svært deprimerande at eg går glipp av konkurransane i utlandet, men innimellom også heilt greitt. Det kriblar i beina etter å vere heilt smertefri i foten, og kave seg rundt i fjellet med startnummer på låret og sekken. På den andre sida har eg trena godt i det siste her heime, og snøen er upåklageleg. Treningsforholda kunne knapt vore betre, og her heime i Nord slepp eg bekymre meg for den tynne lufta Lars Erik og Glenn Tore slit med der nede i Sør. Dette er ikkje min fyrste skade, eg har tidlegare operert begge knea for korsband og menisk. Eg veit at det ikkje er noko godføling å halte rundt på krykker, men eg trur det er viktig å tenkje så positivt som mogleg i ein slik situasjon. Lære av det, og la saknet etter konkurranse og slit motivere ein til å komme tilbake sterkare enn nokon gong. I ettertid av mine tidlegare skadar opplevde eg ein enorm glede ved å etter kvar kunne bevege meg slik eg ville igjen. Ein lære å setje pris på det at kroppen fungerer.

IMG_0473
IMG_0473

Me har det sånn heilt greitt i Sogndal og :)

Motivasjonen og humøret har gått som ein «jo-jo» etter at eg innsåg nederlaget denne vinteren. Det er lettare sagt enn gjort å innfinne seg med realiteten. Eg har snufsa mine modige tårer når ingen har sett på, og følt at alt raknar. Tenkt på kor mykje av det eg elskar som eg no går glipp av. Lufta har i periodar vore skikkeleg på veg ut av ballongen, men det er vel berre å ta seg kraftig i nakkeskinnet og blåse han opp att. Det kriblar kraftig i randofoten når eg ser Lars Erik og Glenn Tore poste fantastiske treningsbilete frå mellom- Europa, og det er dette suget eg må dra nytte av når eg skal byggje meg opp att. Fram mot inngrepet trenar eg bra og eg trenar ute der motivasjonen lett kjem av seg sjølv!

Publisert 12. januar 2017 kl 09.00
Sist oppdatert 12. januar 2017 kl 16.18
annonse
Relaterte artikler
Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

annonse
UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen