Det fyste melisdrysset

UTE-blogger Malene Blikken Haukøy er klar for vinter. – Endelig litt kvit moro!

Sist oppdatert 25. november 2015 kl 12.35

MALENE BLIKKEN HAUKØY

Malene (23) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009). Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Sommaren og hausten har vore fantastisk i Sogn, og eg har fått unnagjort mykje god trening. Været har invitert til lange løpeturar med tusenvis av høgdemeter og mil etter mil med joggesko. September bøy på mellom anna ei flott treningssamling på Gaustablikk Høyfjellshotell der spesielt inviterte og interesserte fekk komme. 

Vi fekk lagt ned solide timar under haustens treningssamling på Gaustabikk Høyfjellshotel. Her poser eg og Lars Erik så godt vi kan for fotograf Håvard Myklebust.
Vi fekk lagt ned solide timar under haustens treningssamling på Gaustabikk Høyfjellshotel. Her poser eg og Lars Erik så godt vi kan for fotograf Håvard Myklebust.

Eg prøver å setje pris på desse ubeskriveleg vakre haustdagane. Her frå Ytre Sogn, Vadheim.

Skjermbilde 2015-11-25 kl. 11.43.15
Skjermbilde 2015-11-25 kl. 11.43.15

Men endeleg kom snøen til Sogn, og den er fin og lett! 10 minutt i bil og eg er omringa av djup snø og skivennlege fjellsider. Kortreist snø er den beste, slik er studentlivet i Sogndal. Evig student!

Skjermbilde 2015-11-25 kl. 11.43.32
Skjermbilde 2015-11-25 kl. 11.43.32

Det er alltid stas med dei fyrste skiturane for sesongen, men dette året var snøen attpåtil av svært god kvalitet. Bilde teke nokre svingar unna Hodlekve skisenter. Foto: Mikkel Frodahl

Ny sesong, nye moglegheiter og ny sponsor. Denne sesongen går eg og Lars Erik for ei fargerik leopard med namn Dynafit. Den nye sponsoravtalen for landslaget er i boks, og vi er heldige som får jobbe med Noregs kanskje dyktigaste butikk på toppturutstyr. VPG og 7blåner har spredt toppturutstyr og skiglede hjå den norske befolkninga dei siste åra, og er ein stor bidragsyter til at topptur har vorte ein folkesport her til lands. Det nye utstyret for sesongen 2015/2016 har innteke klesskapet, skohylla og skiboda, og ein ting er sikkert, vi kjem til å syns i fjellet denne vinteren. Den nye kolleksjonen er inspirert av notidas fargefantasi, samt stilfulle formar og fasonger. 

Utstyret er viktig når ein befinn seg høgt til fjells. Vi er ikkje udødelige, og den minste skade kan få store konsekvensar dersom ein ikkje er rusta. Folk som ser meg på treningstur tenkjer kanskje at eg ikkje ville overled lenge i ein snøstorm der oppe på fjellet. Utstyret er lett, sekken liten og kleda tynne, det er vel ikkje mogleg å få med seg nok varme klede og sikkerheitsutstyr i ein så liten sekk? Det er det som er fint med bekledning retta mot randoneè og konkurranse. Ja, klede og utstyr veg lite, men er funksjonelt for bruken vår som vil si varme og sveitte på veg opp, og til tider svært kalde nedkjøringar. Lange dagar ute i fjellet, og skjøre mot naturens uforutsigbare krefter. I sekken har eg ALLTD med tørt skift, dunjakke, våttar, lue og vindtett. I tillegg skredutstyr, og da ikkje konkurranseversjonen som består av ein pyntespade og ei fisefin søkestang. Det er ikkje mengde i sekken som er viktig, det er kvaliteten på innhaldet. Berre det mest solide er godt nok når det kjem til sikkerheit! Eg vil si eg er betre rusta enn dei fleste sikkert vil tru! 

Skjermbilde 2015-11-25 kl. 11.43.24
Skjermbilde 2015-11-25 kl. 11.43.24

Bort bra, men heilt heime aller best! I fjella kring heimbygda mi Høyanger ligg det mykje gode minne planta, og fleire skal det bli. 

Publisert 25. november 2015 kl 12.35
Sist oppdatert 25. november 2015 kl 12.35
annonse
Relaterte artikler
synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Skiturer fra Vatnahalsen

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

annonse
Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn på snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Arva Axio skredsøker
Test av skredsøkere

Test av Arva Axio

Josten rundt
Flerdagers topptur

Josten Rundt på ski

Høgruta i Hjørundfjorden

Hjørundfjorden rundt med ski

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue