FINNDALEN: Naturen i store delar av Finndalen er verna. Her finst mellom anna den sjeldne og truga arten hengegras. Foto: Rebecca Nedregotten Strand
Lesetid: 5 minutter
Skeptikaren bur i nærleiken og fryktar storinnrykk. Så høge tankar har eg ikkje om eigne evner til å nå ut til massane, men kjensla i magen er likevel litt ugrei på veg innover.
Kan vi vere samde om det, at dette ikkje skal bli den nye Trolltunga eller Preikestolen?
Lat oss fare fint med Finndalen.
Nyte han i passelege mengder og forlate han i same stand som då vi kom.
Bratte fjellsider glir til sides og avslører ei skimrande, lat elv på langsam ferd mellom setergrendene.
Bak eit gjerde har to kalvar og nokre sauer funne ro og næring på ei eng. Også dei tobeinte nyt stilla på setra, kastar skjorta og lener seg attover i solstolane sine. Utsikta strekker seg heilt til toppar i Skjåk, der snøfonnene ikkje vil rekke å smelte før ein ny vinter pustar rim på oss att. Denne dalen er mild og mjuk i kantane. Perfekt for husdyr som skal ete seg feite, og for ein liten kar på knapt eitt år, med nyutsprungen forskartrong.
Vi fylgjer vegen så langt vi kan. Inne på Vangen får eittåringen endeleg sleppe ut av bilsetet. Tjukke lag av solkrem på armane, skuggelue knytt godt fast under haka. Høgt der oppe i meisen tronar han. Rundt beina på mor og far svinsar ein finsk familiemedlem: Lapphunden Lilli dreg bakbeina etter seg bortetter lyngen. Ein sjølvutvikla mageklømetode. Ho vil helst vere i fred, men lograr overberande når eit spissøyra, oransje vesen kjem for å snuse. Gunnar, ein finsk spets, er trass alt framleis berre eit barn. Kan vel ikkje vente anna enn at han har maur i beina og stikk snuten sin borti det meste.
Det vesle menasjeriet kryssar ein av dei mange bekkane som spreier seg ut frå Råkååi ned mot elva Finna. I dette tørre klimaet var god vasstilgang viktig då ein bygde setrane, men vatnet kan vere ein svikefull ven. Før 1789 såg setregrendene i Finndalen annleis ut. Oppe i 6ellet byrja det som før var snø, å renne nedover dalføra. Vinteren hadde vore kald med lite nedbør. Telen stakk djupt i jorda. Midt i mai vart det mildt, og regnet kom i strie straumar. Då det letta, låg alt til rette for at gardbrukarane skulle få ein kjempesesong. Slåtten kunne starte to veker før normalt. Så kom regnet att og blanda seg med smeltande snø. Den blaute bakken klarte ikkje å ta unna all væta. Elvane flauma over, lyn og torevêr varsla ein katastrofe. Frå 21. til 23. juli 1789 vart landskapet endra. Vatnet sprengde seg fram og øydela alt på vegen. 70 menneske skal ha mist livet, hus låg i ruinar, kadaver av kyr og sau flaut nedetter elvane. Storofsen prega samfunnet i årevis. I Finndalen flytta ein fleire av seterhusa til tryggare grunn etter flaumen.
Vi fylgjer stien gjennom gamal furuskog og opp fjellsida. Kanskje går vi i fotspora til ein fangstmann på veg mot Råkåvatnet? Han kan ha kome hit heilt ifrå Holland på jakt etter rovfugl. Desse spesialiserte jegerane har sett att fotavtrykket sitt mange stader på Noregskartet: Falkefangarhøgda, Falkfangarvola, Falkfangarmyra og Falkefangarbui. Den siste ligg like ved Råkåbua, utleigehytta til Finndalen statsallmenning. Du kan overnatte der og fiske eit steinkast frå staden der falkefangarane ein gong skjulte seg. Venta tolmodig og slo til då rovfuglen gjekk i fella. Systemet dei brukte, var avansert. Frå buer dekte med torv kontrollerte dei snorer som strekte seg bort til ein fleire meter høg stolpe.
Ein falsk falk var festa i snora. Kom det ein ekte rovfugl, simulerte ein at lokkefuglen stupte mot eit bytte. Byttet var ei levande due, fangstmannen heldt dua parallelt med eit nett som han fanga rovfuglen i når han angreip dua. Dei jakta haukar og falkar, tok dei levande med seg ned att til kontinentet og tamde dei. Ein kan sjå ein rekonstruksjon av falkefangaren sin metode på Norsk Villreinsenter Nord på Hjerkinn.
Ein ramn skrik i trekronene. Nærare rovfugl kjem vi ikkje i dag. Eittåringen og alle andre treng ein bollestopp. Vi fylgjer Finndalen attende mot Vågå, forbi setergrenda Sterringi. H er veit ein at det budde folk allereie i steinalderen. Før Storofsen låg stølen på nordsida av elva. Dei
seier at det skjuler seg ein stor skatt i nærleiken. Eit minne etter dei som ein gong var fastbuande i dalføret. I mellomalderen skal det ha vore fire gardar her. Ein av dei låg på Gamle Sterringi. Der vaks Sigfrida opp, og ho gifta seg med den modige jegeren Odmund. Ein gong han var på reinsjakt, skal han ha funne gull oppe i 6ellet, difor vart garden deira velståande. Så kom Svartedauden, berre Sigfrida og dottera hennar, Sigrid, overlevde. Då Sigrid arva nøkkelen til rikdomen, la ho han i ein bekk. Seinare kom sønene hennar for å finne att skatten, men då hadde det gått eit ras over Nøkkelbekken, og dei fekk ikkje tak i han. Kanskje ligg gullet akkurat der
bogen endar når sol og regn møtest? Nede ved breidda av Finna finn to- og firebeinte kvile i mjukt, kortbeita gras. Det viser seg at bokstavkjeks fascinerer både finsk spets og norsk eittåring. Vi drikk kakao og drøymer om kano. Elva er så mild og roleg. Tenk å kunne gli bortetter, stikke ei åre i vatnet og fylgje straumen.
Nokre vågar seg uti. Tek forsiktige symjetak, dykkar under og ser etter fisk i det klare, kalde. Fiskekortet er betalt, snart bryt sluken overflata.
Blå himmel og sol som speglar seg. Fiskaren har ikkje trua.
– For fint vêr, seier han. Det blir neppe napp i dag, men i heile Finndalen statsallmenning, på 267.000 dekar, er det ti vatn og 2,6 mil med elv. Ein aure bør det absolutt vere mogleg å få tak i for den som har tid og tolmod. Tolmodet til yngstemann er nesten oppbrukt. Denne dalen har heldigvis ikkje tenkt
seg nokon stad. Ligg der og ventar på nye oppdagarar. Berre pass på å fare fint med han.
Artikkelen er eit utdrag frå boka Bomtur – Skald Forlag. Les også intervju med forfattaren.
Tur: Finndalen
Frå Vågåmo: Følg fylgesveg 2632, hald fram på Finndalsvegen.
Fylke: Innlandet
Kommune: Vågå og Lom
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
Betal smartere med Klarna.
Abonnementene fornyes automatisk og kan sies opp når som helst, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.