Åleine på tur i mørket

Mørket og eg. Om å finne lyset i mørket.

Sist oppdatert: 2. november 2017 kl 09.42
blefjell line hårklau telttur
LYS I MØRKET: Telt og stor himmel. Foto: Line Hårklau
Lesetid: 4 minutter

Eg trur eigentleg ikkje vi har helst på kvarandre. Blitt ordentleg kjent med kvarandre. Likevel kjennes det som om du kjenner meg. Du kjenner meg så altfor godt.
Du er overalt. Likevel kan eg ikkje sjå deg. Men du kan sjå meg, sjølv når eg prøver å gøyme meg. Eg kjenner meg så synleg, så utsatt i møtet med deg.
Når eg møter deg blir eg så liten og du blir så stor. Du sluker alt rundt meg, du blir til eit monster.
Kvifor er det slik? Kan vi ikkje berre vere vener?

Eg bestemte meg for å reise til fjells. Midt i veka. Åleine. Eller Eik var med då, hunden. Du veit når vervarselet er stappa med sol og du berre må ut. Blefjell kjendes som den perfekte destinasjonen. Fjelluft og utsikt, ikkje altfor langt frå Oslo. Allereie i det eg køyrde ut på ring 3 kjende eg det. At eg var i ferd med å lande. Det høyres så frykteleg klisjéfylt ut, men det var ein gong slik.

– Skal du overnatte ute, åleine?

Det var tydelegvis ikkje vanleg kost å møte på einslege jenter med stor sekk på Blefjell. Og det kan verke som eg såg sliten ut der eg gjekk.

– Ser ut som du har litt tung sekk.
– Tja, sånn passe, svarte eg.

Eg slang frå meg den passe tunge sekken og slo opp teltet på ei høgde like ovanfor Sigridsbu. Eg ville vere åleine, men ikkje altfor langt frå folk. Eg ville sjå det varme lyset frå hytta når mørket kom.

Vi la oss nedpå begge to. Eik hadde omsider lært at det gjekk an å slappe av på fjellet, at han ikkje måtte patruljere området konstant. Eg lot teltopninga stå ope, det var akkurat varmt nok til det. Eg heldt pusten, spissa øyrene. Stille, heilt stille.

Du veit når du ikkje hugsar at du har sovna? Du er borte vekk. Du er i dvale. Akkurat som datamaskina. For ei stund er det svart. Tomt. Heilt til nokon trykker på tastaturet. Det er så uendeleg godt å sovne til lyden av fjellet. Så lenge det er lyst.  

På eit eller anna tidspunkt må lyset gje tapt for mørket. Ro blir bytta ut med uro. Stillhet med vinden si konstante rasling. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle ut og møte det. For eg visste at stjernene kom til å vere venlege og vakre denne natta. At eg kunne kome til dei når mørket tok tak i meg og drog meg inn.

Men inne i teltet rår mørket. Stjernene når ikkje fram. Eg fokuserer alle tankane på orda i boka framfor meg. Tidvis glipp tankane og vandrar inn i mørket. Eg halar dei tilbake med all makt eg kan. Det er ikkje alltid eg er sterk nok. Då er det fint å ha nokon andre å rette energien mot. For Eik er ikkje så glad i mørket han heller, men han er roleg så lenge eg er roleg.

Vi kjenner på vinteren som bankar på. Vi søv og vi vaknar. Eg kjenner meg som ei mor som vaknar av kvar einaste rørsle barnet gjer. Eik ligg av prinsipp utanfor den varme posen sin. Eit merkeleg prinsipp då han openbart frys. Med jamne mellomrom dekker eg han til. Eg snører igjen hals og hette på min eigen sovepose for å halde varmen. Syng «Aquarius» i hovudet mitt. Av ein eller anna grunn er det songen eg tyr til når eg treng å halde andre tankar vekk.  

Så vaknar vi endå ein gong. Lyset har jaga vekk mørket. Uro har blitt til ro. Vinden har løya.

Eg håpar vi ein dag kan bli vener. Mørket og eg.  

Mørkredd? Dette seier psykologen 

Publisert 2. november 2017 kl 09.00
Sist oppdatert 2. november 2017 kl 09.42
annonse
Relaterte artikler
Falkenuten med utsikt over Telemark
Fotturer i Telemark

Fjellturer med sherpatrapp

hardangervidda
Fjellturer i Telemark

Hovden–Sloaros

Trollkyrkja
En naturperle på Nordmøre

Fjelltur til Trollkyrkja på Nordmøre

Fjelltur Surtningssue Leirungsdalen Jotunheimen
Fjelltur til Surtningssue

Turguide til Surtningssue i Jotunheimen

Soria Moria-traversen (originalen)

Den originale Soria Moria-traversen

Turtips til hardangervidda
Turtips til Hardangervidda

Turtips til Hardangervidda

annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen