Eg og søster mi er på sommarferie heime på Sæbø. Skodda heng tungt nedover fjellsidene og syg livskrafta ut av heile bygder, det er heilt umogeleg å planlegge noko som helst. 

Men så lettar skodda, det er mogleg å dra på tur. Vi pakkar sekkane, og etter eit stopp på bakeriet på Sæbø og ein liten ferjetur kan eventyret rundt Geithornet begynne.