Det er ein av desse tidlege sommardagane der alt spelar på lag. Sykkylvsfjella på Sunnmøre smiler innbydande til oss, og vi skulle så gjerne ha gått på dei alle saman.

Det er fjell i alle himmelretningar, og mange av dei har enno snø på toppane. Kombinasjonen av ein speglblank fjord, strålande sol og kvite fjelltoppar skapar den rette stemninga for ein tur.