Barryvox S har ein skyvefunksjon på toppen. Låseknappen på send er litt plundrete å operere med hanskar, men det går greitt om ikkje hanskane er for tjukke. Den går kjapt i ein panikkfunksjon å slå skyvebrytaren tilbake til send. «Flag»-knappen er godt synleg nede til venstre, og to knappar på sida for menyar og val.

Gjennom relativt logiske menyar kan du sette opp Barryvox S etter personlege referansar og behov. Du kan mellom anna sett den opp til å vere digital (automatisk) eller digital og analog (gir analog lyd i tillegg).  Du kan også velje mellom ulike oppsett på visuell informasjon under søk, og aktivere tilleggsfunksjonar i gruppesjekk.