Ein opererer sendar/mottakaren med ein skyvefunksjon på toppen. Låseknappen på send er litt plundrete å opere med hanskar, men går i regelen greitt om ikkje hanskane er for tjukke. Det går kjapt i ein panikkfunksjon å slå skyvebrytaren tilbake til send. I motsetning til Barryvox S kan du ikkje endre innstillingar eller funksjonar på denne modellen. Barryvox har moglegheit for oppdatering av programvare. Og det er positivt at det er mogleg å sjølv oppdatere programvara ved å kople seg til ein kompis sin Barryvox som har nyare versjon. Nyaste programvare per i dag 3.2.