Dei nye Black Diamond-sendar/mottakarane har fått litt anna design og ny farge. Men det er relativt lett å kjenne dei igjen mot dei gamle Pieps modellane. Recon tilsvarar då Pieps sport og Guide tilsvarar Pieps DSP Pro.

Designet er litt firkanta, med avrunda hjørne. Batterikassa byggar litt ut og gir den eit litt meir kantete preg. Sendar/mottakaren vert operert med skyvefunksjon på sida og med ei fjørbelasta låsemekanisme når den står i send-posisjon. Under skjermen er «flag»-knappen synleg. Skjermen har automatisk baklys som kjem på i mørket. Men dette lyset burde vore sterkare.